Sandegga frå Sleddalen. (19.04.2019)


Start point Saurssætra (349m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 36min
Distance 6.7km
Vertical meters 1,050m
GPS
Ascents Sandegga (1,389m) 19.04.2019 09:12

- "Alpin" start på Sandegga.

Sandegga sett frå Kamben ved Bjørke gjennom Bakkedalen.
Sandegga sett frå Kamben ved Bjørke gjennom Bakkedalen.
Snørenna i sørtoppen, uten toppskavel.
Snørenna i sørtoppen, uten toppskavel.

På skituren frå Sleddalen til Sandegga er det dei to nordlegaste toppane som er vanlegast å besøke. Sørtoppen, den høgste, er mest vanleg å nå via sørryggen. Men sørtoppen kan også nåast frå Sleddalssida, via ei bratt snørenne. Denne snørenna var godt synleg frå turen vår på Kamben inst i Hjørundfjorden dagen før.

Det var varsla mildare vér framover. Slik kom ideen om ein morgontur til. Håpet var at morgonsola kunne tine overflata i den nordaustvendte snørenna, alternativt at det framleis var tørr laussnø her. Samstundes ville utoverhengande skavlar over renna utgjere ein mindre risiko tidleg på dagen. Og snøen vidare nedover (austvendt) ville ha fått passe soltining. Hytta ved Kalvatn skulle pakkast ut denne formiddagen. Slik sett passa det også bra med ein morgontur. Medan gutane sov litt frampå drog Brynhild og eg til Sleddalen for å freiste lukka.


Start frå Saurssætra 06.55. Fem minutt til skiføre, rett opp i lia bak sætra.

Sørtoppen og Nordtoppen av Sandegga. Renna er skjult herifrå.

Det hadde ikkje fryse skikkelig på i starten, og skia sette spor. Sleddalen går over i Bakkedalen i bakgrunnen.

På veg inn i nedre deler av renna, øverste del er framleis skjult.

Sola varma godt nedst i renna nå. Et stort flakskred hadde dundra ned her før påske ein gong. Brotkant godt synleg til venstre og litt over dei to steinane midt i renna.

Det vart etterkvart såpass bratt at stegjerna kom på. Litt ujamn snø her, frå ganske hardt via tynn slush til kartong. Dette gjorde at vi på returen avsto frå å sette på skia før halvvegs nede i renna.

På toppen av renna. På nært hald ser vi dei to nordlegaste toppane på Sandegga.

Eksponert travers til topppunktet som vi definerte i eit par oppstikkande steinar. Store skavlar her , så det gjaldt og vere varsam.

Utsikt frå toppen. Kvanndalsvatnet med is. Saudehornet og Vassdalstinden markerer seg som kvasse toppar i bakgrunnen.

Sola hadde bløytt opp overflata litt nede i renna. I overkant av 40 graders helling litt høgare opp.

Stort sett soltina vidare nedover også. I det mest nordaustvendte terrenget var den oppvarma snøen mindre omdanna, og gav stadvis kraftig oppbremsing.

Alt i alt godt nøgde med vér og føre.

Nede i våren. Formiddagssola varmar godt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.