Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Brånåhøe

Date:
26.06.2018

Etter litt kontroverser rundt plasseringa av topp-punktet på Brånåhøi tok lokale ildsjelar grep og reiste ein varde på det som inntil nokon med ein enda dyrare GPS finn det forgodt å finmåle litt, er erklært høgaste punkt. Til mi store forskrekking oppdaga eg at ildsjelane hadde gløymd toppstein på varden. Sånn kunne det ikkje være meinte eg og la i veg. For å gjere ei kort historie stutt, toppsteinen vart reist og tilogmed heilo på toppen høyrdes meir munter ut i sangen etterpå.

Map     4 comments

Is & beinstrekkstopp

Date:
24.06.2018

Etter nitidige kartstudiar dukka denne ubeskrevne tinden opp. Sidan det tydelegvis ikkje var andre med hjarte for fjell og toppturar i område som kan ta ansvar for registrering og bestigning vart det opp til meg. Tok meg fram til startpunktet og konstaterte til mi store forundring at dei lokale innavla hadde stor naturpark over heile område. Climbing Permit Fee på kroner 60 NOK måtte betalast før ekspedisjon kunne iverksettast, men dette dekkar da både redningssøk og gravferd når det vert nødvendig. Fleire guidegruppar la ut samstundes med meg, men dei vart raskt parkert i bakkane. "Light & fast" var suksessoppskrifta om ein skulle ha noko håp om å nå toppen før uværet som låg i horisontet segla inn. Skal ikkje skrive altfor mykje om turen opp, men berre beskjedent >>>

Map    

Middag

Date:
22.06.2018
Map