Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Skarddalstinden & Skarddalseggje
- Date:
- 16.08.2012
Yr.no hadde annonsert siste godværsdagen på ei stund og sidan det har vært dårleg med toppturar på meg i sumar meinte eg at eg hadde fortjent ei siste sjanse. Valget falt på Skarddalstinden og turen over Austre, Vestre og Store Rauddalstindane. Skarddalseggje freista sjølvsagt også men med raudt punkt i bibelen vart den vurdert utanfor min komfortsone.
Så etter ein "shaken and stirred" tur inn til Leirvassbu var det pakkning på ut å gå. Været var upåklageleg og etter omlag to og einhalvtime kunne fyrste seigmannen plasserast på varden til Skarddalstinden.
Været inviterte til litt nytelse og med ingen til å mase om videre vart rævva raskt parkert i solveggen ved muren.
Etter ei stund kom det ruslande ein eldre kar (og her burde fyrste varselklokka ha ringt: ensleg >>>
Vassfjøra
- Date:
- 23.06.2012
Omstendigheitane hadde plassert meg på Jonstølen i Ulvik. Ein topptur vart forsøkt pressa inn i programmet men hadde hittil enda i fisketur. Vi fekk dårleg med fisk men desto meire børst og fisketuren vart avslutta når turfølget ikkje lengre klarte å sitte oppreist…
Likevel, på turen attende til stølen passerte vi nokre småskrenter og som den klatrer han er, måtte turfølget, med eit promillenivå gått over i prosent og klokka på god veg inn i morgontimane sjølvsagt til å klatre litt. Klatrere er ei sær rase…
Nokre timar seinare krek underteiknede seg ut av soveposen og ut på tur. Formen var ikkje heilt på topp (forøvrig ein bekreftelse på det underteiknede alltid har sagt: at fisk ikkje er mat, sjølv om eg ikkje eingong fekk fisk vart eg likevel dårleg av fisketur…) >>>
