Store Kvitingskjølen (04.05.2014)


Map
Ascents Store Kvitingskjølen (2,064m) 04.05.2014

Til tross for ein anonym tilstedeværelse ruver Kvitingskjølen godt sett frå mange av mine heimfjell og det er difor lett å anta at utsikta frå den er brukbar. Etter at eit tidlegare forsøk endte som ein tåketur vart det prompte bestemt at Kvitingskjølen skulle få eit nytt forsøk i betre vær og no var dagen her. At det er brøyta heilt inn til Kjestadstugu gjorde turen enkel.
Noget sein start men været var upåklageleg og turen byrja i stilongs oppover. Ikkje verst når klokka er nesten seks om eftan.

Gjekk opp på vestsida av Nedre Grjotåi. Slak stigning til det flata ut att ei stund over Grjotåflyi. Hadde tenkt å ta toppen frå sørsida men steinrander pressa meg over mot Herebergshøi. Opp mot og over 1893 punktet vart det stein rundt meg på alle kantar so da var det berre å finne ei rute gjennom. Hadde eg hatt ein GPS ville sporloggen gjennom steinørken vist ein dobbeltsøm som ville fått håndarbeidslærerinna mi frå barneskolen til å nikka anerkjennande. Brukte vel nesten tre kvarter på å tråkle meg på ski gjennom noko som hadde teke eit kvarter på beina. Men er man på skitur så er man på skitur.
Sola drog no ned bak Kvitingskjølen og plutseleg var ein svært behageleg temperatur omgjort til bitande kulde. På med bukse og jakke før eg auka tempoet vidare for å halde varmen.
Nådd att sola rett før toppen men det var ikkje like mykje varme i den lengre. Varden på toppen derimot var Kongerå! Ein stor, ruvande varde polstra med snø og bada i kveldssol. Er ikkje så religiøs av meg men salma "Fager kveldssol smiler" føltes naturleg der og da.
Vurderte litt om eg skulle gå vidare og ta med Midtre Kvitingskjølen men bestemte meg for å bli på toppen å nyte utsikte og varden.
Diverre hadde siste tempoauka ført til at eg no var bada i saltlake, noko som ikkje drog opp varmefølelsen. Det vart ein kald fornøyelse.
Etterkvart måtte det iverksettast tiltak for å redusere kuldeskjelvingane. Eg hoppa og spratt, dansa og sang, alt for å halde ørn. Og best det var, mens eg heldt på som verst dukka det opp ein kar rett nedanfor toppen. Kva i heitaste er det til tulling som går opp på Kvitingskjølen ved nitida ein sundagskveld??? Tullingen nikka stivt og tok ein drug omveg rundt på skuggesida av varden. Eg forta meg å raske ihop utstyret og evakuerte toppen. Heldigvis hadde eg allereie plukka av fellane så eg sparte litt tid der. Det var vondt å forlate toppen men pinlegare å bli...
Kveldssola vart råare og råare nedover. Spesielt Nautgardtind var nydeleg men også Glittertind levde opp til namnet sitt. Dovrefjell, Rondane og Mukampen var også blikkfang. Rosa er i utgangspunktet ikkje min kopp med te men under desse forholda var ein blåleg og rosa himmel heilt greit.
Hadde sett meg ut ei grei rute nedatt gjennom steinørkenen men det er vel unødvendig å seie at det enda i ein del bæring. Mitt i vandringa tok eg opp to snøsporv. Fortsatt på over 1800 meter, litt av nokre hardingar.
Fekk etterkvart på meg skia att og glei kjapt ned til bilen. Følte eg hadde fått ein real revansj på Kvitingskjølen men svingar nok oppom att ved ei seinare anledning også.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.