På gjengrodde elgtråkk i Grauphaugens rike (22.09.2023)


Tourlänge 1h 11min
Entfernung 2,6km
Höhenmeter 131m
GPS

På besøk i den nye haciendaen til Gråbein. Da slalomsaftbutikken ikkje hadde opna for dagen ved passering, vart innflyttingsgåva ei marsipankake og Gråbein levde opp til kallenamnet sitt da den kom på bordet. Etter eit solid kakelag vart det bestemt ekskursjon og det er vel eit teikn på at vi er godt over toppen aldersmessig når turmålet vart sett ned i dalbotn?
Rangla nedover vegen, men oppdaga raskt eit artig råk opp ein bratt haug. Motstandskrafta mot oppoverbakker var mangelfull og brått var det full bushing bort til råket. Diskuterte kjapt nedover mot elva eller opp over haugen før vi la i veg oppover. Vel opp bakken avslutta råket sin eksistens. Gråbein tok seg god tid til soppstudier og sikla lenge og vel på store mengder franskbrødsopp (bon apetit, ein vert kva ein et...).
Vi tusla videre ned til elva der ein lokal helt kom køyrande oppover på austsida av Vinstraelva. Ein sidebekk hadde gravd ut vegen og fossa fritt, men Pajerohelten pløya rett over den. Vi veksla nokon ord med han før han køyrte videre og vi rusla etter. Litt oppi lia tok vi han att der Hans sine etterlatenskaper hadde send han baklengs ned i grøfta. Gråbein vart att og hjalp til, mens eg lot dei i stikken. Gråbein innkasserte nok ein butt med råkåfisk i belønning for god hjelpsomheit. :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.