Larky Pass (11.12.2017)
Ascents | Larkya Pass (5,106m) | 11.12.2017 |
---|
Frøkena ville på tur og eg hadde vist berre å følgje med. Nepal var målet og trekking tingen. Fort og gæli bestilte vi flybillettar for så å byrje å vurdere rutealternativ. Sidan reisetidspunktet måtte bli desember fant vi ein trekk rundt Manaslu som passa både tidsmessig og sesongmessig. Dei fleste andre områder endar sesongen i oktober/november og da Manaslu i tillegg vert omtala som "nyopna og unik" var ikkje valet vanskeleg.
Enkelte ondsinna tunger kan påstå eg til tider kanskje kan være noko miljøskadd. Så da reisedato nærma seg måtte eg spørre Kristine om det var interessant å plukke med ein liten topp på vegen og før eg viste ordet av det var ein epost på veg til Nepal og guideselskapet med spørsmål om å leggje inn ein topptur. Eg fekk bange aningar. Håpet mitt var ein liten topp langs vegen så eg kunne få registrert ei grønn, ja kanskje til og med ei raud nål i Nepal på peakbook. Eg viste guideselskapet kom til å leggje alt for mykje i ønskje mitt. Eg hadde rett.
Toppen dei foreslo var ein enkel liten sak på 6249 herlege meter over havet. Ifølgje verdsveven var den lite vitja og lite informasjon om den på veven bekrefta det. Toppen skulle ta to dagar så eit passe stramt tidsskjema vart dimed pressa til bristepunktet, men med litt barbering her og der og leige av privat jeep til og frå Kathmandu skulle det såvidt gå på det berømmelege lusehåret. Larky Peak ville heretter overskugge mykje anna under vidare planlegging. At all treninga gjennom hausten begrensa seg til eit par turar på Halldorpiggen vart ikkje sett på som noko handikapp. Kanskje eg skulle intensivere litt med nokre kveldsauktar i skogen med ein god bunt traktordekk hengande etter?
Neppe. Eg fekk satse på å kvile meg i form. Dessutan byrja jo turen med fleire dagsmarsjar. Eg kunne gå meg i form.
Oh sjølvinnsikt where art thou?
Avreisedato var allereie sett til 28. November og med Black Friday 24. var det gode unskyldningar til å fylle opp utstyrslageret med varmt utstyr. Så vart gjort, til og med eit par Berghaus Yeti gamasjar vart bestilt på nett. Dei fekk eg hentemelding på da vi satt på toget opp til Gardermoen...
28. byrja også bra med nyheitsmeldingar om store forsinkingar på Gardermoen på grunn av store snøfall. Ikkje ofte eg forbannar snø, men no var det nære på.
SAS letta som dei skulle. Mellomlanda i London der frustrerande sikkerheitsreglar resulterte i at eg måtte dumpe julebrusflaska frå Hamar & Lillehammerbryggeria som eg hadde store planar om å konsumere i Muskat, Oman. Med ein snau time til flybytte både i London og Oman var vi spente på om planen vår held mål. Det gjorde den og da til og med baggasja vår dukka opp i Tribhuvan da den skulle var alt berre fryd og gammen.
Guiden plukka oss opp som avtalt og vi drog rett i møte med guideselskapet High Himalayan der vi skulle planlegge ruta??? Vi trudde ruta allereie var fastsett, men den gong ei. Ytterlegare turdagar vart barbert bort, vi fekk ein dag til i Kathmandu og nøyaktig kva topp vi skulle vitje var vist litt uvist. Men opp skulle vi, med guiden som hadde møtt oss på flyplassen og bæraren Ridar.
Sjølv verdsveven er noko i villreie angåande Larky toppar. Hovudsakleg er det Thulo Larky (6249) og Sano Larky (5807) som vert blanda, men no skulle vi plutseleg opp på Larky Peak 6416. Ifølgje verdsveven skal turistar fleire gonger ha blitt ført opp på feil Larky Peak. Det vanlege er at folk endar på Sano (lille) Larkye istaden for Thulo (store) Larkye. Thulo er enklare men krev Base Camp og av og til også High Camp. Sano er meir teknisk krevjande, men kan takast på ein lang dag. Forøvrig kan skrivemåten være både Larky, Larkya og Larkye. Rettskrivningsnormen står ikkje alt for sterkt i Nepal...
Morgonen etter gjekk til litt utstyrssupplering. Gode moglegheitar til det i Thamel, den lokale turistbydelen i Kathmandu. Vi overnatta i International Guest House rett ved Thamel. Grei overnatting til grei pris.
Toppen vi no skulle vitja vart delvis bestemt til 6249. Var litt turistar i Kathmandu før vi skulle ha eit nytt møte 17:30. Ei stund etter 18:00 fekk vi ein telefon. Guiden vår var sakna, men dei hadde skaffa ein ny guide som kom til hotellet rett etter. Denne guiden vekka ikkje altfor mykje tillit. Spørsmål vi stilte forstod han ikkje og/eller ungjekk å svare på. Vi fekk fleire reine svadasvar og kart kunne han ikkje. 1:125.000 kart var vistnok betre å lese enn mitt 1:60.000 kart. Forøvrig skulle vi no på 6416. Oppmøtet vart til slutt avtalt til 07:30 med avreise 08:00.
DAG EIN KATHMANDU - SOTHI KOHLA
Eg stressa ferdig med pakkinga og skunda meg ned til 07:35. 15 minutt seinare kom fyrste reiseselskaprepresentanten 08:45 svingte Jeepen vi leigde ut frå hotellgardsplassen. Vi skulle no på 6249 med Pasang guide og bærer Lakpa.
Bæraren såg forøvrig svært bleik ut da han fekk sjå bagasja. Telt, steggjern, soveposar, mat, kokeutstyr, høgfjellsstøvlar, klatreutstyr med meir vart overraskande tungt for dei. Dei nekta også oss å bære meir. Vi skulle ha lette sekkar. Sjølv min relativt lettpakka sekk fekk stempelet for tung.
Med den ikkje altfor kraftig bygde kroppsforma til bæraren forstod eg bekymringa. Sa nokon fyrstikkbein? Vanleg olabukse, skatesko og elles eit antrekk meir eigna for ein kveld på byen enn to vekar i fjellet lova ikkje bra.
Rushtida ut av Kathmandu var ei oppleving. Bilen snegla seg sakte nordvestover til det i ein sving plutseleg byrja å vingle/riste noko. Punktering tenkte vi, men nei. Vi fant fyrste og beste verkstad der dei plukka på forstillinga eit par timars tid før vi fekk dra vidare. Ikkje lenge etter svingte vi av hovudvegen og ut i bushen. Vegkvaliteten gjekk frå dårleg til elendig og vidare nedover mens sjåføren vart meir og meir grinate. Han viste vist ikkje heilt kva køyreoppdrag han hadde teke på seg. Vi fekk nesten fem timar på skumperuta og sjåføren fekk mange nye credmerkar under bilen. Hadde vi vært litt sympatiske hadde vi gitt sjåføren fri og gått vidare. Støvh*****e langs vegen freista dog ikkje så sjåføren fekk bite tenna saman. Vegen er i tillegg blindveg så han fekk same veg utatt. Lucky bastard...
Det var godt mørkt da vi ankom Sotikhola (tydar kvit elv) og stekt potet med ost og grønnsaker til middag smakte særdeles godt. Dagens lunsj var den tradisjonelle risretten dal bat. Ilølgje guiden (og x-antal moro T-skjorter i Thamel) "Twentyfour hour power". Vel to timar stillesittande i ein bil energi stemte betre for min del...
Det skulle vise seg dei neste dagane at lokale vegetarrettar ikkje var noko for ein storspisande døl. Til vegetarianarar som påstår det er like mykje energi i kaninfor som i kanin, har eg heretter berre ein ting å seie: MY ASS!!!
DAG TO SOTIKHOLA - MACCHIKHOLA
Dei lokale rista litt på hovudet over mitt middagsval til frokost, men kunden har alltid rett. Siden vintersesongen stod for døra og guiden hadde åtvara oss mot svært kalde forhold var vi godt oppdressa med ull under. Stillongsen var det berre å droppe før avgang og ti minutt seinare vart det teknisk kvil med kasting av ullskjorte også. Dagen vart ein god norsk sumarsdag. Det var god "bilveg" eit godt stykke vidare frå Sotikhola og med fleire gravmaskinar, mykje dynamitt og meir enn nok hjelmfolk strekkar nok vegen seg snart lengre inn i fjellet. Planen er veg over Larky Pass og vidare til Tibet om 10 til 20 år.
Jamn straum av lokale og muldyr (vel, muldyra er vel også lokale...), men berre fem andre turistar. Eit engelsk par som skulle gå trekken og tre Kathmanduere som skulle til nokre varme kjelder mellom Macchikhola og Jagat. Guiden som hadde framstått som noko reservert og distansert under heile bilturen (kanskje eit resultat av møte fyrste kvelden som nok måtte ha vært noko ubehageleg for han da vi sette han til veggs på fleire tema) tødde opp noko etter Kristines spørring og graving, kakling og masing, skravling og prating om laust og fast, ditt og datt.
Det gjekk fort til lunsjstaden. Litt for fort så vi utsette lunsjen til eit seinare teahous. Noko som resulterte i lunsj på overnattingsstaden Macchikhola (Macchikhola betyr forøvrig fiskelv). Vi vart velsigna med dusj og toalett på rommet. Eg var ikkje desperat nok etter dusj til å forsøke den. Det var Kristine. Hylinga etter den såkalla "hot showeren" sitt i øyrane mine enda.
DAG TRE MACCHIKHOLA - JAGAT
Vi, det engelske paret og omlag femti muldyr la kursen mot Jagat. Ruta gjekk opp og ned heile vegen på sherpatrapper og langs hyller i fjellsida. No og da kryssa vi luftige hengebruer. Dei fyrste hengebruane dagen i forvegen var spanande, men ein vert fort blasert så kameraet fekk kvile. Små landsbyer dukka opp med jamne mellomrom. Alle bar preg av jordskjelvet i 2015 der episenteret låg i Lamjungdistriktet, ikkje langt unna. Nedraste bygg, presenninger frå USAID, Pakistan Organication for Disaster Rescue og andre brukt til vegger og tak på tallause bygg. Katastrofespora syntes tydeleg heile vegen rundt Manaslu.
Kristine klokka inn seks timars effektiv marsj i Jagat. Dårleg Bollywood Bud Spencer/Snikande Tiger Skjult Drage kampsportfilm avslutta dagen.
TEAHOUS
Teahous fungerar som den lokale kafeteriaen, ofte med overnattingsmoglegheitar. Bortsett frå Samagaon til Bimtang delen av ruta er det sjeldan meir enn to timer å gå mellom teahousa. Standarden kan dog variere noko.
DAG FIRE JAGAT - DENG
Dag fire vart mykje som dag tre. Lang dags vandring, opp og ned, opp og ned, ned og opp, opp og ned. Fekk såvidt eit par glimt av nokre toppar med snø på. Bæraren er plåga med blemmer på hælen. Kristine måtte ta i bruk helsefagkunnskapane sine for å teipe han. Å tørke sko og bein i pauser var ukjente for dei. Blemma ville dei stikke hull på, men Kristine stogga dei. Overraskande at dei har så lite kunnskap om fotstell.Lunsj i Ekle Bhatti (enkel huskeregel på namnet). Ris med noko kaninfor attåt. Heldigvis hadde vi oppdaga gleda med Manaslu bread aka Tibetan bread aka Gurung bread. Brødet skifta namn ettersom kvar vi var men oppskrifta var den same. I praksis var det ein smultring servert som eit nanbrød med Druk mixed fruit jam. Dette vart desserten vår til morgon, middag og kvelds gjennom heile trekken.
Etter Ekle Bhatti fekk vi dei fyrste partia med verkeleg luft under vingane. Vi ankom Deng rett før mørket seig på.
Dagens lærepenge: Kristine fant ut at sjølv om det er greitt med manglande ljos på dei bedritne toaletta langs vegen har det også sine fordelar da ein med ljos kan sjå at ei lita litersmugge med vatn ikkje er nok til å skylle bort dagens produksjon...
DAG FEM DENG - NAMRUNG
Dagen byrja sedvanleg med mykje opp og ned. Nytt uttrykk "Nepal flatt" beskriv korleis ein bevegar seg frå 1800 meter over havet til 1800 meter over havet over ei distanse på 500 meter og likevel tek 300 høgdemeter. Fjerde dagen med lange dagsmarsj og over snitt tung sekk merkast. Kanskje litt førebuing til turen hadde vært ein god ide?
Stadig nye landsbyklynger langs vegen. Gamal byggeteknikk og lite eller ingenting motorisert/maskinelt gje meg ein følelse av Norge for 150 sidan. Mange byggeskikkar ein berre finn på gamle foto og teikningar i Norge er fortsatt aktivt i bruk her. Surt at guiden pressar på og ikkje vil ta ekstra tid til noko.
Oppdaga lemurar saman med det britiske paret, vår guide var sjølvsagt den som ville raskt viare. Kristine var ikkje fornøgd med guidens val av dagens hotell. Vi hadde gått forbi eit særdeles forseggjort hotell og Kristine ville heller overnatte der enn den staden guiden hadde sett seg ut. Guiden ga motvillig etter og dette ga oss turens desidert finaste overnatting til no.
Bonus: Fungerande toalett der ein trykkar på ein knapp og vips - dritten forsvinn. Ingenting er som Porsgrunn Porselen men heretter skal eg ikkje klage på Gustavberg heller. Overnattinga kosta forøvrig 96 kroner (delt på to).
DAG SEKS NAMRUNG - SAMAGAON
Lettare terreng, men fortsatt lang dag og høgda byrjar å merkast. Fyrste moglegheit til å sjå Manaslu vart effektivt spolert av været.
Dagleg har vi passert manier https://en.wikipedia.org/wiki/Mani_stone og stupaer https://no.wikipedia.org/wiki/Stupa men dagens maniansamling i Liagon tok kaka. Imponerande, skremande, fasinerande, betenkeleg, utruleg, merkeleg og sjokkerande at eit folk som lev så på eksistensgrunnlaget kan bruke så mykje tid og energi på religion. Kor mange årsverk som har gått med til dette er omogleg å gjette, men eg kan med eit svært nøkternt anslag seie; mange.
Etter mange motmeter kom vi opp til Sylagon. Guiden var langt bak så vi unna oss ei lang tepause. Landsbyen var tom for folk, men full av kråker. Med hese kråkeskrik som akkompagnement til teen vart det ei sær spøkelsestemning over heile landsbyen. Det hadde glidd rett inn i kva som helst av skrekkfilmar. Veldig rart.
Samagaon betyr landsby på flata. Utruleg nok stemte det faktisk med ordets rette betydning av flat. Fjella over oss har teke begrepet "ville" til nye høgdar, bokstaveleg talt, mens dalbotn er meire sletteland. Kva dasser angår var dagen frå himmel til helvete.
DAG SJU KVILEDAG
Heile vegen har vi fått høyre at Samagaon er den "store" landsbyen. Her skal det kjøpast sko til bæraren vår som berre har eit par sneakers. Her skal vi fylle matforrådet til toppstøtet, her har dei postkontor så eg kan få sendt postkorta mine, et cetera, et cetera. Samagaon er klart større enn alle andre landsbyar vi har passert, men stor?
Det meste var forøvrig stengt for sesongen. Skokjøpet til bæraren gjekk nesten i vasken. Til slutt fekk dei kjøpt eit par anmarsjsko som var minst to nummer for store. Postkontor sa du? Neeei, det har vi ikkje sett...
Post Office symbolet på karta i Nepal er iallefall ikkje mykje verdt. Same som "Wifi here" skilta dei har på hotella. Som regel symboliserar dei berre at det har vært, kan være eller at nokon ein gong har tenkt på å innstallere Wifi. No er rettnok ikkje manglande Wifi noko stort problem for meg...
Kristine byrjar å få nervar for toppen. Ho er skeptisk til akklimatiseringsprogrammet, forståeleg nok. Det ER eit dårleg program. Etter barberinga i Khatmandu har vi no morgondagen til Samdo (3690) som gje omlag 200 høgdemeter. Deretter Samdo til Dharamshala (4470), 780 høgdemeter. Så Dharamshala til Larky Peak Base Camp (5106) litt over 600 høgdemeter før vi slår til mot toppen og omlag 1100 høgdemeter. Med andre ord omlag 2700 høgdemeter på fire dagar. Teoriboka seiar 300 til 400 høgdemeter per dag og ein pausedag for kvar 1000 høgdemeter. Det er den 7. desember og heldig nok for guidefirmaet er det spådd snø utpå dagen 12. desember så vi må være over passet før den tid.
Tillatelse for toppen er betalt så vi følar vi må prøve. Samme som i Khatmandu førar vi oss pressa med på deira opplegg som kanskje ikkje er heilt 100% Når vi fyrst var på plass i Khatmandu var det vanskeleg å hoppe av å byrje eit nytt opplegg. I tillegg var vi ikkje smarte nok til å sjekke nøyaktig kva opplegget gjekk ut på. Vi antok dei viste kva dei gjorde.
Guiden vår som berre snakker svært begrensa engelsk har også lagt opp ei anna rute til 6249 enn den vi fekk forklart i Khatmandu. Den no valde ruta ser ut til å være meir identisk med ruta til 5807, ei rute som er meir teknisk.
Kristine vurderar å hoppe av å følgje det engelske paret over passet. Eg er ikkje så smart.
På den positive sida var vi oppe ved Birendra Tal i dag. Eit brevatn under Manaslubreen på 3450 meter over havet under. Eg fekk ikkje lov til å bade, da det ville krenke gudane. Vart nok kanskje noko grinate for det.
Nydeleg dag. Manaslu dukka fram frå skyane rett før vi ankom sjøen. Steiketemperatur heile vegen. Vinteren is kanskje comming, men sumaren gje seg ikkje utan kamp. Også Naike Peak, Simnang Himal og Pangpoche Himal ga oss fjellføling i dag. Frå berre nokre fattige glimt av toppane lengre ned i dalen til dette følas bokstaveleg som å trå inn i himmelriket.
DAG ÅTTE SAMAGAON - SAMDO
Stor sol og blåaste himmelen ein tenkjast kan møtte oss denne morgon. Turen byrja over relativt flatt sletteland. Med monstertoppar stikkande opp på alle kanter var det definitivt finaste dagen til no etter mi meining. Kristine meinte etappa frå Lhogaon til Kråkebyen (Syalagaon) var finare. Da gjekk vi gjennom ein trong dal med bekk i dalbotn og furuskog rundt oss så heile scenarioet minna mykje om Norge.
Så kom kalddusjen. Dagsetappa var berre ei tretimars etappe. Etter lunsj skulle vi ha eit "refreshment course" i sikringsarbeid. Eg kom litt seinare og guiden hadde allereie hissa seg opp og blitt høgrøsta over at Kristine ikkje forstod jumarspørsmålet hans. Dette på grunn av dårleg uttale/dårleg engelsk. Han etterlyste jumar, noko vi ikkje hadde og heller ikkje hadde fått beskjed om å ta med. Seinare hissa han seg enda meir opp da vi ikkje hadde med nok slynger, prusiker og skrukarabiner. Vi forsøkte å forklare at vi hadde teke med det vi hadde fått beskjed om og at utstyret vart kontrollert og godkjent av vår opprinnelege guide og ein representant for guideselskapet i Khatmandu, men til lita nytte.
Vi hadde for lite sikringsutstyr og guiden meinte tydeleg vi sjølv var ansvarlege for det. Han vurderte forskjellige måtar å få oss opp på, enkelte av dei mindre tillitsvekkande. Vi hadde sett for oss tauglag oppover, så da guiden ville føre oss opp oppmot 75 grader bratte hellingar med for lite sikringsutstyr vart vi noko skeptiske.
Eg og Kristine drøfta forskjellige alternativ. Vi kunne ta ein dagstur til den tibetanske grensa eller Manaslu Base Camp og droppe toppen. Det var derimot guiden lite interessert i. Han ville absolutt på toppen, men da han etterkvart forstod Kristine ikkje vart med opp uansett fekk vi eit siste tilbod. Alle drog til Dharmasala og overnatta der. Deretter forsette vi til Base Camp Larky Peak der bærar og Kristine tok med seg alt unødig til Bimtang. Eg og guiden skulle gå opp same kvelden for deretter gå rett ned til Bimtang etter toppstøtet. Mindre akklimatisering tenkte eg, men når toppkåtheita rår får fornufta dårleg kår. Så eg aksepterte. Diskusjonen hadde dog vært hissig så stemninga var dårleg. Vi køya mens vi forbanna guiden nord og ned.
DAG NI SAMDO - DHARMASALA
Vi la i veg i standard kjedeleg vær med berre blå himmel og ikkje ei einaste dekorativ sky å skimte nokon stad. Stutt etappe på berre snaue tre timar, men mange høgdemeter. Dagens høgdepunkt kom da guiden stoppa for å hakke hull på noko is over ein bekk så vi kunne gå trygt over. Kristine hadde ikkje tolmod til det å spratt forbi til guidens store forundring. Trur ikkje han hadde høge tankar om vår fjellerfaring. Elles dukka Manaslu oppatt over eit brefall. Eg trudde med ein gong eg gjenkjente Manaslu, men guiden sa Manaslu låg lengre bak. Rart at to så like toppar ligg så nær kvarandre tenkte eg, men han som til og med hadde vært der viste vel best. Vi ankom Dharmasala og ein "hotellvert" høgare enn toppane rundt. Mat var det ikkje mykje av der, men vi hadde uansett dratt med oss Real til det som i utgangspunktet skulle være guide, bærar og to klientar til Base Camp pluss topp. Totalt 16 rettar. Dagens lunsj vart da lammegryte som smakte himmelsk.Verten var snakkesalig og held oss med selskap. Dette endra seg da guide og bærer ankom. Sola varma godt i 4500 meters høgde så vi ga blaffen og kosa oss i solveggen. Etterkvart vart vi fortalt at planen var endra. Kristine og bærer skulle gå 06.00 morgonen etter til Bimtang mens eg og guide gjekk ved nitida til Base Camp med alt utstyret vi trengte. Enda tyngre sekk opp til Base Camp var vel perfekt for akklimatiseringa tenkte eg...
Eg mistenker endringa kom som følgje av at Kristine hadde lufta tanken om å slå seg ilag med det engelske paret over passet da dei skulle gå ruta frå Samdo til Bimtang same dag. Dette var guiden vår svært negativ til så tidleg start for Kristine og bærer forhindra den samanslåinga. Forklaringa på dette frå guidens side var at det engelske parets guide ikkje ville ta noko ansvar for Kristine om ho fekk problem. I tillegg gjekk det engelske paret raskare. Det siste var sludder, det fyrste kunne kanskje vært tilfelle, men det engelske LEGEparet sjølve ville aldri ha tilatt det. Under lunsjen i Ligaon nokre dagar i førvegen traff vi ei gruppe lystige amerikanere som utstyrte oss med diamox. Tablettar er noko svineri syns eg, men med toppen i mente fekk prinsipp vike så eg heiv innpå. Guide og bærer delte gleder med vertshushaldaren utover kvelden mens eg og Kristine køya.
DAG TI DHARMASALA - BASE CAMP
Morgonen kom og Kristine og bærer forlot slottet tidleg. Eg stod opp seinare og fekk hakeslepp da eg vart presentert for ei rekning på 7600 rupi (omlag 600 norske kroner). Eg kommenterte at det var dyrt og fekk eit bekreftande svar, men det var prisen. 3000 for to senger (eg og guiden var i etterkant ueinige om dei 3000 var for senger eller lading av fem prosent på ei Sunto GPS klokke, 70 prosent på ein powerbank og 30 til 40 prosent på ein Nokia mobil (ladinga var solcelledrevet), koking av sju liter vatn (4000 rupi) og ein liter med verdast kanskje tynnaste te (600 rupi). Vel, den nepalesiske prutekulturen er ikkje noko for meg så eg betalte og gjekk. Noko ei viss frøken gjekk i lufta over seinare...
Turen vidare oppover gjekk overraskande lett til tross for tyngre sekk. Guiden sleit meire, men han hadde alt fellesutstyret og kanskje også litt etterdønninger etter kvelden i førvegen. Pottesur var han også, men eg må innrømme det plaga meg mindre, kanskje tvert imot...
Vi tok nesten att det engelske paret eit lite stykke før toppen av passet. Bæreren deira sleit fælt med høgda. Forma var bra og vi braut av for å finne Base Camp. Base Camp vart lokalisert omlag 80 meter frå råket. Eg fekk sett frå meg sekken da det var som om nokon slo over ein bryter. Hovudet byrja å verke, kvalma kom og alt av matlyst forsvant. Kjente symptom.
Teltet kom opp utan noko hjelp frå meg. Sola steika så vi la oss inn i teltet. Eg ville ta ein cowboystrekk, men vart nekta da det ville øydeleggje nattesøvnen min. Istaden vart eg liggjande nesten tre timer å streva med å halde meg vakje før vi tok middag.
Eg hadde med Real til båe. Guiden hadde avslått Real i Dharmasala med at han ikkje likte det. Han ombestemte seg da han høyrte vi hadde kylling i linser så eg tok med tre possjonar til han. No likte han det plutseleg ikkje lengre. Eg pressa ned ei lammegryte. Vi tok ein prat om morgondagen og ein kjapp medisinsjekk. Kvilepulsen var rett oppunder 100 og oksygenmetninga var 77. I Samdo målte Kristine kvilepulsen min til 50...
Avmarsjen vart no sett til 04.00 (kanskje på grunn av min begredlege form?). Vi køya klokka fem.
Det vart ei lang natt. Eg låg vakje å lytta til blodpumpas taktfaste marsj. Realen låg som ein tung klump i magen som eg måtte anstrenge meg for å halde nede. Hovudet var eit kapittel for seg. Det verste vart fortsatt blodpumpa. Sært å liggje vakje å ønskje den skal stoppe så eg kan få sove...
Fyrste ut og pisse aukta ved nitida, tredje litt over to. På den positive sida var metangassproduksjonsnivået på normalen att. Realen gjorde underverker. Forstår godt at kuer står for 16 prosent av jordas metangassutslepp teke i betraktning alt det grønforet dei dyttar i seg. Stod opp klokka tre for mat og avmarsj. Forma var status quo. Oksygenmettningsapparaturet viste litt over 80 i oksygenmettning mens kvilepulsen var oppe i 107. Kunne ha forsøkt meg, men sidan eg allereie hadde diamox innabords og returen ikkje berre var nedover syntes eg ikkje eg hadde nok energibuffer til at det var forsvarleg. Planen om Larky Peak enda i Base Camp på rundt 5000 meter over havet. Fekk beskjed om at eg likevel måtte betale for full pakke, noko eg aksepterte. Forsøkte meg med eit ønskje om ein trøystepremie i form av fotografering av soloppgangen frå Larky Pass, men det var ikkje mogleg da:
1. Det var veldig kaldt ute (men vi kunne likevel byrje toppforsøket).
2. Teltet var isa fast i morenesanda.
3. Sola måtte få tina rimfrosten i teltduken før det kunne pakkast ned. Eg var ikkje i form til ein diskusjon om temaet og la istaden eit stort innskot til guidens allereie velfylte hatkonto. Avmarsj for Bimtang vart sett til 09.00 og så var det berre å leggje seg attende å fortsette lyttinga til blodpumpas einsformige gang.
DAG ELLEVE BASE CAMP - BIMTANG
Vi stod opp da sola byrja å varme teltet. Tenkte fyrst det var dumt å droppe toppen da forma føltes bra, men forstod raskt det var like greitt da oppgåva med å krype ut av soveposen sette meg attende til null. Hovudet hang ikkje med så alt tok ekstra lang tid. Nådde toppen av passet på under 30 minutt med svært sakte gange. Guiden hadde skremt meg med over ein times tung gange opp.
Tok ein liten haug ved passet med primærfaktor på minst fem meter (no innlagt som høgtidleg offisielt peakbookelement med primærfaktor ti meter, fordi eg fortjenar det...) som trøystepremie. Sette att to seigmenn da vi eigentleg skulle vært to saman der. Nedover var enkelt. Gjekk forsiktig fyrst, men dora på da eg forstod guiden hadde problem med å henge på. Hard gange nedover var ikkje nokon kur for hovudpina som dimed vart hengande i resten av dagen. Det var det verdt.
Etter passet dukka det opp ei heftig rekke på andre sida av dalen så kamera vart brukt flittig nedover. Vi ankom Bimtang etter det som guiden seinare beskreiv som ein roleg gåtur. Eg fekk ein bøttedusj og lunsj før eg kraup til sengs. Oppatt til middag, men matlysta var ikkje heilt på plass att. Det skulle ta litt tid før den var det.
DAG TOLV BIMTANG - TILCHE
Vi (eg) somla fælt denne morgon, så godt forsinka avgang. Tid er uansett ikkje så viktig i Nepal. Kristine hadde irritert seg over guidens gjennteke dissing om at ho var treigare enn det engleske paret. Dagens etappe gjekk stort sett nedover, noko som passa Kristine bra. Så denne dagen var det Kristines tur til å plassere skapet. Det gjekk nedover i eit forrykande tempo, berre avbrutt av nokre kjappe fotoseansar no og da. Nepalesisk ned.......
Lunsj i SothiKharka der Kristine fekk auga på ein stor flokk lemurar. Guiden lurte på om vi løp marathon og måtte på forespørsel redusere tidsanslaga på ruta ein god del. Kristine vart etterkvart også oppfordra til å redusere farten da ho kunne vrikke foten. Det var tale for døve øyrar. Ankom Tilche og tok inn på eit teahous som påstod dei hadde både varm dusj og Wifi. Varm dusj var ei tappekran i magehøgde som leverte glovarmt vatn i to sekund før alt vart iskaldt og Wifien hadde vistnok verka bra om morgonen. Kristine var ikkje noko særleg fornøgd...
DAG TRETTEN TILCHE - BESISAHAR
Ifølgje programmet vårt skulle vi ta jeep frå Tilche, men sjølv om det gjekk veg eit stykke forbi Tilche gjekk det ikkje an å køyre dit. Så da vart det ein times marsj til Dharapani der vi vart plukka opp av ein lokal helt. Bilvegen(?) viare var ei interessant affære. Heftig er vel eit anna ord som også kan brukast. Med typisk indisk musikk på full guffe heile vegen, ung sjåfør med store solbriller og kroppen som konstant kasteball hit og dit var dei fyrste fem minutta svært morsome. Etter dei neste to timane hadde eg lyst til å rive hovudet av sjåføren og stikke det opp der han er høgast når han plukker tyttebær og dei siste tre timane satt eg berre å venta på ei anledning til å starte kjernefysisk krig mellom Russland og USA. Vi ankom Besisahar før eg fekk den sjansen.
Guiden hadde lova oss overnatting på resort i Besisahar som var finare enn International Guest House i Khatmandu med påfølgjande felles avsluttningsmiddag på fin restaurant. Skuffinga var difor stor da vi vart innlosjert på eit skittent og svært nedslitt hotell med beskjed om at middagen skulle foregå i hotellrestauranten. Rettnok fekk vi tilbod om å sjå på rom i nabohotellet også, men da det skulle ha identisk standard tok vi oss ikkje bryet. Vi valde difor å gå ein tur for å sjå oss omkring. Rett nede i gata kom vi over Gateway Himalaya Resort og vi vart raskt einige om middag der. Vi henta guide og bærer som vi deretter spanderte middag på. Etter at bærer klarte å bestille dobbel middag til seg sjølv kom totalen på den horrible sum av 200 kroner. Dagen i førvegen hadde vi fått beskjed av guide om at det var Himalayisk tradisjon å overrekke driks under denne middagen. Det ignorerte vi og venta til ankomst Khatmandu. Å sitte samanklemt i ein trong bil heile neste dag med guide skuffa over låg driks gadd vi ikkje.
DAG FJORTEN BESISAHAR - KHATMANDU
Ikkje mykje å seie om denne dagen. Lang og kjedeleg biltur. vart i tillegg hekta av ei monstertrafikk-kork ved innkøyringa til Khatmandu. Guiden fekk driksen sin og vart forhåpentlegvis svært skuffa, mens bærar derimot vart nok særdeles godt fornøgd.
OPPSUMMERING
For dei som orka lide seg gjennom all denne sytinga over dårleg guide og mislukka toppstøt må vel heile turen framstå som totalt mislukka. Så er ikkje tilfelle. Med så rå natur og til dei gradar værklaff kunne ikkje sjølv ti elendige guider klart å øydeleggje denne turen. Området er fantastisk på alle måtar. Vi protesterte og fekk reduksjon i prisen i form av at Kristine slapp å betale kostnaden for toppen i tillegg til å få refundert utlegg til leige av spesialsko da guidefirmaets representantar hadde godkjent utstyr som seinare viste seg ikkje å være bra nok.
Litt sjølransaking kan ein vel også ta med:
1. Lest oss betre opp på ruta, spesielt angåande toppen.
2. Droppa toppen i utgangspunktet da det var seint på sesongen og tidsskjemaet var stramt.
3. Ikkje akseptert ein ekstra kviledag i Khatmandu før turen.
4. Sett oss betre inn i, og nekta på den barberinga av programmet vi fekk i Khatmandu.
5. Da utstyret vårt ikkje var bra nok i Samdo burde vi (eg) avlyst toppen og teke ei grenseutflukt til Tibet da det eigentleg skulle være ein fellestur.
6. Guiden fekk ein times varsel på å stille opp til turen. Han vart køyrt hardt på mange dårlege svar under fyrste møte. Dette skapte kanskje vedvarande misnøye på grunn av såra stoltheit frå guides side? Kanskje burde vi fulgt fyrsteinntrykket å takka nei til han som guide. Problemet med den er at det nok er vanskeleg å hoste opp ein ny bra guide på så stutt varsel. Eg innbillar meg også at guiden var svært teknisk dyktig sjølv om han aldri fekk vist det ordentleg.
7. Kulturkollisjon? Kanskje hadde vi for store forventningar til opplegget?
8. Vist forskjellen på "mount", "peak" og "hill". Vi sendte forespurnad om "peak". Peak er (med ein del untak) definert som toppar mellom 4500 og 7000 meter over havet. "Mount" er høgare enn 7000 og "hill" er lågare enn 4500. Forespurnaden vart også sendt til ein som hadde guideerfaring i Jotunheimen og det var presisert topp a'la Falketind og liknande.
User comments