Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Norddal/Stranda: Runde frå Storkaldhusdalen

Date:
01.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
31.5km

Parkerte ved enden av vegen ved Fremste Kaldhusætervatnet og fulgte den t-merka råsa opp til Slettdalsvatnet og vidare opp i Slettdalen, tok av her og fann ei snøtunge opp mellom Vesteråshorna. Søre først, så "sjølve" Vesteråshornet der vi var første navn i boka sidan august 2021. Vidare bort på Holeegga (Håleggja i Norddal, Høleggja i Geiranger) der det var langt meir aktivitet i toppboka og allereie ei 8-10 navn i år. Den noko bratte snøkanten og snøen som endar i ur ned mot Slettdalsreset var heilt uproblematisk sidan DNT hadde lagt ut tau på rutene som samlast her vidare mot Vesteråsdalen. Bratt opp på Slettdalsfjellet og nydelig glissade ned i skaret vidare mot Nonshornet. Mykje mygg på kveldstid nedatt, så vindjakka med hette kom til sin rett.

Map