Archiv - Nach Datum
Peakbookfreunde
Vanylven: Kyrnosa, Vaulsnipa og Austelidheida
- Datum:
- 21.08.2017
Med lavt skydekke og usikre meldingar dei fleste plassar var dagen eit ypperleg høve til å få unna nokre Vanylvstoppar heilt i sørvest-hjørnet av Sunnmørslista. Som lova vart skydekket stadig lettare utover kvelden og høgt nok til at "mine" toppar kom unna. Parkerte på p-lomma rett etter Bekslesætra og fulgte den godt merka, men svært våte og myrlendte "stien" til Kyrnosa. Tilbake til krysset der det var godt merka i retning Vaulsnipa. Merkinga var kjekk å ha sidan det vegeterte terrenget ikkje så lett let seg lage rås i og trafikken nok ikkje er den største. Frå Vaulsnipa valde eg å gå rett ned mot hovudvegen heller enn det kuperte terrenget tilbake over åskammen. Sparte nok eindel tid på det. Frå Bekslesætra går det kjapt på kjekkare og like godt >>>
Stranda: Frå Åsenakken til Slettfjellet
- Datum:
- 29.07.2017
Eg og OleSunde (Ole Sunde) tok kvar sin bil til Hellesylt og kjørte innover Synnylvsbygda. Vi parkerte ein bil ved stistart til Liadalen og kjørte den andre ned til Hellebostad der det var godt merka frå start. På cirka 700 meter deler stien seg og det er skilta mot henholdsvis Åsenakken og Nokkenibba. Sidan det såg ut som Åsenakken kunne by på god utsikt ned mot Hellesylt tok vi ein stikkar dit. Når vi stod på toppen vurderte vi og burde kanskje (?) berre gått haugane bortover mot ryggen til Nokkenibba, men sidan stien og merkinga var så god valde vi å gå nedover mot stiskillet så vi kanskje ikkje trudde var så mange høgdemeter lenger nede, men det ga jo ekstra trim ;) Meget godt merka til Nokkenibba og vi møtte ein triveleg familie på tur som budde på ein av gardane ved Hellebostad. Dei ga >>>
Sykkylven: Hovdeåsen og Blakstadfjellet
- Datum:
- 25.07.2017
Etter fergefadesen etter Skopphornet fikk eg få litt meir valuta for den kraftig forlenga køyreturen og parkerte på Eidet og sette kursen mot skiltet som markerte start mot Hovdeåsen. Stien er brei og tydeligvis mykje brukt, så dette var kjapt gjort til ein topp som ga godt utsyn mot mellom anna Solevågen og Molladalstindande som hadde jaga skyene. Etterpå kjørte eg grusvegen innover frå Tu og parkerte på ei lomme ved sida av vegen. Som Lise nevnte i sin rapport satte eg kursen mot skaret og fann etterkvart rikelig med hjorteråser å følge på ein topp som neppe har særlig besøk frå lokale uten pels. Kjapt gjort her også, men sidan kollen er skogkledd var det ikkje mykje utsikt å snakke om.
Sykkylven: Skopphornet
- Datum:
- 25.07.2017
Det var ikkje heeeeilt min dag idag, men turen starta bra. Rakk ferge 16.15 frå Festøya etter å ha fått unna dagens gjeremål. Det ga eit litt knapt skjema med siste returferge 19.50, men med litt gass og ikkje for mykje foto- eller andre pauser skulle det gå greit. Observerte ei og anna sky rundt toppen, men det var av godværssorten. Den nedkorta (?) bomvegen gjorde at ein får ein halvtime ekstra trim oppover før ein nærmar seg setra. Litt oppi sida møtte eg ei hyggeleg familie på tur og fekk både reklamert litt for peakbook-appen og snakka litt fjell. Sidan eg låg foran skjema skulle dette gå greit. Vidare oppover kjende eg nokre dropar... jaja, det kunne jo kome inntil 0,3mm frå 18-24 denne kvelden ifølge yr. Men nei, himmelen åpna seg og syndefloda sørga for at eg vart >>>