Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ørsta: Tyssenuten og Høghornet

Date:
13.07.2017

Når skydekket endelig letta i sjutida på kvelden slengte eg meg rundt og kjørte retning Bjørke. Været skuffa ikkje sjølv om det var skydottar innom dei fleste toppar i løpet av kvelden. Trolsk! Valgte å gå ruta Arnt Flatmo gjekk i fjor haust. Så start på Sellereite, følge råsa mot Kårdalen, ta av oppunder eit lite skar før Tyssenuten, så egga til Høghornet til topps. Nydelig utsikt både utover Hjørundfjorden og ikkje minst mot Storhornmassivet med Bjørkehornet, Storhornet, 1575-høgda, Rokkekjerringane osv. Hornindalsrokken gjer seg også svært god i profil herfrå. Gjekk vidare nedover egga retning Kårdalstindane, så retur via Kårdalen.

Map    

Vanylven: Korsfurnakken

Date:
12.07.2017

Etter at eg tidligare sjekka forholda frå Hola og las turrapportar frå andre som hadde vore gjennom det einehelvetet så bestemte eg meg for å ta nakken frå Volda-sida. No er det i tillegg bygd veg heilt opp i skaret mellom Tuva og Korsfurnakken, så då er det ein kjapp tur i hjorteråser i myrlendt terreng. På vegen oppover såg eg etter kumphanen til Espen Askeladd som var full i årstider, for her skifta været med kvart andedrag. Til trass for si beskjedne høgde er det flott utsikt utover Rovdefjorden, til Leikong og Ulstein, Yksnøya, fjordkryssa som leiar enten mot Volda, Ørsta eller Vartdal osv.

Map     4 comments

Stranda: Åkernesnibba, Blåhorna og Løfonnfjellet

Date:
11.07.2017

Sjølv om været var vekslande vart det ein flott dag i fjellet og om utsikta var stykkvis og delt fekk vi i alle fall nokre gløtt frå alle toppane. Gjekk stien frå skulen ved Fram Fjørstad og opp i skaret mellom Åkernesnibba og egga mot Blåhorna. Sjølv om det var litt fuktig gjekk klyvinga opp og returen greit. Egga til Blåhorna var også greit gåandes og etter nokre opp og nedturar i ur sneik vi oss frå Løfonnfjellet og inn på ryggen der stien kom opp av skogen. Topp! Lise og Kroksleiven var glimrande turfølge.

Map    

Volda: Løsethornet

Date:
08.07.2017

Vart kanskje ikkje tidenes kveldstur etter regnet dei siste dagane, men såg ei gløtte i skydekket og det kribla i beina. Umiddelbart etter Langebroe såg eg skilt til Aksla og Løsethornet og tenkte "Svære greier!" Skiltet såg nokonlunde nytt ut, så tenkte dette måtte være etter Otto og andre peakbook-guruar hadde avlagt besøk her. Dei raude banda var meget spartansk hengt ut og eg vurderte gå tilbake til plan A når eg såg nye skilt på setra. Det var eit stykke mellom dei raude banda og lite trakk egentlig, men nådde skiltet med Aksla uten at eg hadde sett nokon avstikkar til Løsethornet nokon annan plass. På Aksla var det slutt på raude band såvidt eg kunne sjå og det var blitt såpass langt tilbake til bilen at eg berre beina meg oppetter ryggen i diverse hjorteråser. >>>

Map    

Stranda/Stryn: Botnenibba

Date:
06.07.2017
Map    

Herøy: 6x pf100

Date:
01.07.2017
Map     7 comments