Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Stranda: Frå Åsenakken til Slettfjellet

Date:
29.07.2017

Eg og OleSunde (Ole Sunde) tok kvar sin bil til Hellesylt og kjørte innover Synnylvsbygda. Vi parkerte ein bil ved stistart til Liadalen og kjørte den andre ned til Hellebostad der det var godt merka frå start. På cirka 700 meter deler stien seg og det er skilta mot henholdsvis Åsenakken og Nokkenibba. Sidan det såg ut som Åsenakken kunne by på god utsikt ned mot Hellesylt tok vi ein stikkar dit. Når vi stod på toppen vurderte vi og burde kanskje (?) berre gått haugane bortover mot ryggen til Nokkenibba, men sidan stien og merkinga var så god valde vi å gå nedover mot stiskillet så vi kanskje ikkje trudde var så mange høgdemeter lenger nede, men det ga jo ekstra trim ;) Meget godt merka til Nokkenibba og vi møtte ein triveleg familie på tur som budde på ein av gardane ved Hellebostad. Dei ga >>>

Map     5 comments

Sykkylven: Hovdeåsen og Blakstadfjellet

Date:
25.07.2017

Etter fergefadesen etter Skopphornet fikk eg få litt meir valuta for den kraftig forlenga køyreturen og parkerte på Eidet og sette kursen mot skiltet som markerte start mot Hovdeåsen. Stien er brei og tydeligvis mykje brukt, så dette var kjapt gjort til ein topp som ga godt utsyn mot mellom anna Solevågen og Molladalstindande som hadde jaga skyene. Etterpå kjørte eg grusvegen innover frå Tu og parkerte på ei lomme ved sida av vegen. Som Lise nevnte i sin rapport satte eg kursen mot skaret og fann etterkvart rikelig med hjorteråser å følge på ein topp som neppe har særlig besøk frå lokale uten pels. Kjapt gjort her også, men sidan kollen er skogkledd var det ikkje mykje utsikt å snakke om.

Map    

Sykkylven: Skopphornet

Date:
25.07.2017

Det var ikkje heeeeilt min dag idag, men turen starta bra. Rakk ferge 16.15 frå Festøya etter å ha fått unna dagens gjeremål. Det ga eit litt knapt skjema med siste returferge 19.50, men med litt gass og ikkje for mykje foto- eller andre pauser skulle det gå greit. Observerte ei og anna sky rundt toppen, men det var av godværssorten. Den nedkorta (?) bomvegen gjorde at ein får ein halvtime ekstra trim oppover før ein nærmar seg setra. Litt oppi sida møtte eg ei hyggeleg familie på tur og fekk både reklamert litt for peakbook-appen og snakka litt fjell. Sidan eg låg foran skjema skulle dette gå greit. Vidare oppover kjende eg nokre dropar... jaja, det kunne jo kome inntil 0,3mm frå 18-24 denne kvelden ifølge yr. Men nei, himmelen åpna seg og syndefloda sørga for at eg vart >>>

Map    

Ørsta: Storkjelen

Date:
24.07.2017

Kveldstur til Storkjelen. Gjekk opp skredfaret og ned ved elva. Lite spor etter menneske samanligna med den langt meir populære Oddekloven. Overskya, men slapp regnet som har forårsaka store skader sør om fylkesgrensa natta som var. A 100pf peak a day, keeps the doctor away ;)

Map     2 comments

Vanylven: Tunheimshornet

Date:
23.07.2017
Map    

Ørsta: Åvasstinden og Høghornet

Date:
22.07.2017

Kveldstur til dei to siste pf100 toppane eg mangla på Kolåshalvøya. Flotte toppar med vid utsikt som kan måle seg med det meste. Romedalstraversen som eg ikkje har fått gått i si heilheit må være ein travers i ypperste Norgesklasse sjølv om toppane ikkje strekk seg høgare enn 1133m.

Map    

Ørsta: Søre Sætretind

Date:
21.07.2017

Alt du har høyrt om lumske forhold med bregleppa mot berget, sleipt berg med vatn, støv, lausgrus og etterkvart svært sleip mose stemmer. Det som er fint er at alt du har høyrt om den fantastiske utsikta også stemmer :D Eg tok dette som ein kveldstur med start frå Standalhytta og opp Kvanndalen. Hadde lenge tenkt på å utforske rennesystema her litt for å kanskje sleppe lumskheitene frå andre sida, men dengong ei. Eg kom opp i skaret som er lavaste punkt mellom Nøre og Søre. Etter ei kjapp kjekspause der (Ballerina-kjeks før luftig tindeklyving sjølvsagt), gjekk eg nedover breden og mot renna som fører til topps. Her var forholda sikkert ikkje så mykje verre eller betre enn ellers sjølv det har steikt godt eit par dagar og ein må vise stor varsemd enten ein sikrar eller ikkje. >>>

Map     4 comments

Herøy: Nerlandsøya pf100 komplett

Date:
19.07.2017

Ove var elskverdig nok til å skysse meg ut mot neset der stien til Skagetåa startar, dermed kunne eg gå tilbake til Kvalsvika og fekk difor med meg fleire småtoppar og ein langt flottare tur enn "resing" opp og ned for å ta med bilen til neste punkt. Etter Storevarden og Teigetua kom eg vegen ned til bilen og sette kursen mot Trosvika. Hadde egentlig berre Barmen på lista, men i fineværet valde eg å ta med Muletua sidan det ikkje var særlig til omveg og det såg ut som, og var, eit flott utsiktspunkt. Dette vart dei siste toppane mine på Herøy pf100. Alltid kjekt å krysse ut ei ny kommune ;)

Map     2 comments

Herøy: Keipen på Skorpa

Date:
19.07.2017

På ein aldeles strålande dag hadde Lasse Myrhol myrlas (Lasse Myrhol) sjansen til å skysse meg og Ove boven (Ove Lotsberg) til Skorpa og geleide oss til den flottaste toppen i Herøy kommune og minst den flottaste Keipen på Sunnmøre. Skorpa er eit lite paradis for villsauer, turgåarar og dei heldige sjelene som har hus/hytte/naust her ute. Nydelig utsikt frå toppen i alle retningar og ikkje minst bratt ned mot vika mellom Skorpa og Nerlandsøya.

Map    

Sula: 3 av 3

Date:
14.07.2017

Ikkje kvar dag ein kan "runde" ei heil kommune på ein kveldstur, men det går meget fint i Sula som berre har tre toppar med pf100. Starta med dei to små på kvar side av fergeleiet på Sunde. Leirvågfjellet er meget kjapt gjort med god parkeringsplass og god merka og tydelig sti med tilrettelegging med rister i dei verste myrholene. Utsikta innover Hjørundfjorden må seiast å være spektakulær med tanke på den beskjedne høgda og ein ser heile vegen inn der Hornindalsrokken kneiser midt i fjordutsikta. Solevågsfjellet er også godt merka om ein ikkje er så potte tett at ein tek av på eit dyretråkk ved eit av merka langs vegen i den tru at ein skal kutte litt av distansen på den allereie korte turen... Jaja, fekk med meg fleire smånakkar og toppar på vegen, ein av dei >>>

Map