Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vanylven/Volda: Vikesandfjellet og Blåhamrehornet

Date:
06.09.2017

Værmeldingane holdt stikk og det var grått og regn frå morgon av, medan det letta litt utover dagen. Såg til nokre dyr på Lauvstad for fattern og fann ut at Vikesandfjellet som er ein pf100-topp i Vanylven var like grei å nå frå Dravlausdalen som å køyre rundt og gå kortare, men brattare opp. Sidan eg også hadde ein Volda pf30 ståande igjen i nærleiken var dette ei fin anledning til ei rolig runde i bra haustvær. Eg kjørte til Gamlestøylen der det er rås vidare til ein er nesten forbi tregrensa, uansett i rimeleg ope terreng som kan være vått. Klassisk torv/myrlendt terreng som ein fikk mykje av i Vanylven. Resten av runda ga seg sjølv og med eit blikk på kartet i pb-appen var det lett å finne att råsa også.

Map     2 comments

Ørsta: Risenosa

Date:
04.09.2017

Sidan Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) var tidlig ferdig på jobb opna moglegheita seg for ein ettermiddagstur på Risenosa. Litt skeptisk til oppgangen med småbjørk, bregner og vier etter å ha lest diverse turrapportar, men det gjekk over all forventning. Frå setra gjekk vi for ei renne som fører opp litt vest for Risenosa SØ2. Her slapp vi unna det aller, aller meste av uønska vegetasjon og det var greit å ta seg fram. Vi gjekk "normalvegen" nedatt og her var det ikke like triveleg sjølv om det gjekk greit å kome seg nedover bregnemarka og nokre få belter med bjørk.

Map     6 comments

Skodje: Småtoppar

Date:
03.09.2017
Map    

Stranda: Båsenibba, Sætrenibba

Date:
02.09.2017

Kjapp laurdagstur sidan eg ikkje kom meg avgarde før ettermiddagen og eg vil ha litt saft i beina til komande dagar med flott ver. Parkerte ved den store parkeringsplassen ved Herdalen og fulgte postvegen til eg såg nokre trakk som tok av mot venstre litt før råsa på kartet var merka inn. Fulgte denne opp til skaret mellom Kjerringane og Timbjørgheiane. Raskt oppom høgste Kjerring før eg fulgte egga tilbake over heiane og til Båsenibba som hadde ein meget flott varde litt nedanfor toppen. Frå foten av Båsenibba fulgte eg svak men tydelig rås på fjordsida av vatnet og sidan opp i skaret på vestsida av toppen på Sætrenibba. Her kom eg innpå råsa som kom opp frå postvegen og då var det kjapt gjort både til topps og nedatt på vegen.

Map    

Skodje: Merafta ++

Date:
30.08.2017

Hadde egentlig tenkt meg på Merafta pluss tre småtoppar i kveld, men det vart med Merafta +2. Litt av grunnen var at eg kom seinare avgarde enn planlagt, men også en del misvisande info på kartet. Meir om det lenger nede. 1.På Merafta gjekk alt som planlagt. Parkering ved Gudmundset p-lomme ved bommen og greit merka til topps. 2. Vidare til Nedre Haugtua p-plass der skilt gjorde merksam på at køyring vidare oppetter vegen var forbode medmindre det var til eigedomar. Så den andre parkeringa som er merkt av med klikkbar "P" på kartet er dermed ikkje brukandes om ein ikkje vil risikere bot. Nokre ekstra høgdemeter har eg berre godt av, men skjønte då at det kunne bli knapt med tid før mørket om eg skulle rekke over alt eg hadde planar om ;) 3. Utvikfjellet. Her er det merka >>>

Map    

Sykkylven: Sandvikshornet og Søvikhornet

Date:
29.08.2017

Parkerte ved hovedvegen på Løset og fulgte grusvegen oppover til råsa startar frå venstre side av vegen mot setra. Veldig flott sti gjennom skog og utmark som har firbeinte beitepussarar som kan jobben sin. Bra sti heile vegen til Sandvikshornet, men på veg nedatt er det lett å gå av om ein har litt fart, så tipset er å heile tida halde litt mot dalen. Eg skulle ta ein snarveg og følge ei hjorterås som hadde retning mot høgste delen av passet. Det verka smart, men det viste seg at råsa mot Søvikhornet startar litt før høgste punkt, så eg fekk meg ein bomtur mot setra. Der var det dog meeeget flott og fotogent, så sjølv om eg mista siste ferga i Hundeidvika var det ikkje heilt bortkasta. Når eg fann råsa til Søvikhornet gjekk det kjapt unna, men her er det mange hjorteråser >>>

Map    

Vanylven: Nystøylhornet

Date:
28.08.2017

Mandagstrim 2/3 Hadde heldigvis rikeleg med skift med i bilen sidan mistanken om ei bløyte var stor. Ofra ein genser og satte avgarde utan både jakke og rumpetaske, dette ville bli blautt uansett og lite sjanse for drikkepauser eller at jakka heldt meg tørr. Surare enn på Lisjekrokhornet og sjølv om det som alltid var godt merka og arbeid med plankestigar over dei verste myrhola er godt igang. Været fordra tempo så det gjekk greit unna i dårlig sikt. Bomvegen kostar 30kr og køyr heilt til bom sjølv om du ser eit skilt med "Nystøylhornet" på, stien startar ikkje før godt etter bommen likevel.

Map    

Vanylven: Lisjekrokhornet

Date:
28.08.2017

Mandagstrim 1/3 Var på Lauvstad og såg til dyr for fattern og då tenkte eg å få med meg nokre Vanylvstoppar når eg først var på "rette" sida av fjorden. Meldingane var ikkje voldsomt gode, men skulle ikkje være så mykje regn heller, spesielt ikkje på tidlig ettermiddag/kveld. Parkerte ved rasteplassen i Krokevika og her var det voldsomt til blest og litt regn i lufta. Behagelig temperatur gjorde at eg satte avgarde i t-skjorte og kun med vindjakke i rumpetaska. Det gjekk storfint sjølv om eg måtte ha ei hand på capsen store delar av toppegga. Godt merka rås opp til skaret mellom toppen og vatnet, grei vandring utan rås dei få høgdemetarane opp.

Map    

Vanylven: Bjørlykkjehornet

Date:
28.08.2017
Map