Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (336)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Suletinden frå Maristova
- Dato:
- 03.03.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:15t
- Distanse:
- 10,7km
Spontan topptur med halv dag avspassering på jobb. Fekk med Anders og Yngve. Køyrde heilt øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Anders hadde gått i førevegen frå utkøyrsla framom Maristova, og fekk slik sett ein vesentleg lengre tur. Nydeleg sol, og det er lenge sidan. Mjuk fin snø fyrste 20 min, men vidare oppover mykje hard skare. Greitt å gå på det, med feller. Fantastisk å labbe oppover, og sjå det vanvittige fjellpanorama som opna seg. Lite dokumentasjon av hærlegheita, då batteri gikk raskt ned i dag, og på toppen vart det stopp for telefon. Fekk sporlogg av Polar-klokka, noko som var greitt. På retur kosa vi oss med rennet, sjølv om den fyrste delen hadde hardpakka snø og noko is. Litt anna rute nedatt. Anders følgde noko av returen, men ville ta rute litt som opp, >>>
Veslfjelltinden pluss 2
- Dato:
- 15.05.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 15,9km
Fin tur med Lærdal turlag på Sognefjellet. Denne turen har vorte avlyst tidlegare år, og det var mitt ansvar å vere turleiar. Vêret var meldt vanskeleg, med sterk vind 10 -12 under 48 timar før start. Det vart nokre rundar med yr og storm, og kl 18 kvelden før, beslutta eg ja til tur. Vind meldt løya, og om morgon enno betre.
Frå Krossbu litt over kl. 11. I det vi kom litt oppover kurskorrigerte vi for å unngå gjennomslag-snø på tur opp. Vi følgde ruta mot Veslbreatinden. På spørsmål til gruppa etter ei tid, vart det avgjort å gå på toppen av Veselbreatinden før Veselfjelltinden, som var dagens hovudmål. Ein matpause gjorde godt etter vel halvanna time. Etter fyrste topping gikk dei fleste oppom Hurrbreatinden, før vi rasta i skaret mellom denne og Veselfjelltinden.
Siste >>>
Suletinden
- Dato:
- 07.05.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 18,2km
So kjekt at ein kan gå på ski til Suletinden godt ut i mai. Og det i eit år med lite snømengd. Nordaver over tid har gjort susen. Og litt påfyll av snø innimellom, særleg over 1000 moh. Fredag, og siste dag i ei fantastisk ferieveke i mai. Godt alternativ til Mallorca. Tredje skitur, og fleire andre fine fotturer har mai du skjønne, bydt på. Ikkje alltid like mildt i år, men med mykje sol. Vi valde ruta frå Grønna ved Kyrkjestølane i dag. Ein kan gå Suletinden på ski frå Skitrekket via Sulebu og Suleskardet. Det er lengre. Nokon går frå Nystova. Fillestølen, Buhaugane og frå Nedre Smeddalsvatn er også fint. Kortast er det frå øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Denne gongen valde vi Randonee-utstyr, og angra ikkje på det. Fin køyring frå under toppkruna på fjellet >>>
Stora Grånosi og Bleia i Lærdal
- Dato:
- 24.04.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 21,2km
Flotte vermelding med skyfri himmel var det meldt. Slik såg det også ut frå morgon av. Slik blei det ikkje, men ein fin tur fekk vi likevel. Marita ville vere med til Bleia. Hennar fyrste tur dit, og den freista m.a. grunna SjekkUt og topptur-trimmen til Lærdal turlag. Vi valde å gå frå litt nedanfor Vardahaug, for å få fin køyring på returen. Og det fekk vi.
Ruta opp la vi litt under Store Grånosi. Den vart såpass høgt at jammen blei det topptur dit også. Så vart det fint unnarenn heilt ned til Bleiaskardvatnet, 1252. Der vart det mat, og nett då var vêret på det finaste for dagen, med strålande sol og varme. Her kosa vi oss godt før toppstøtet. Oppover vart det etter kvart tettare ver, og snøbyger. Men idyllisk det, sjølv om sikta var så som så. Siste halve km mot >>>
Nisedalsfjellet og Jernhetta rundt
- Dato:
- 17.04.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 21,7km
Deler av turen var med Lærdal turlag. Heile 28 folk på fjellski-tur rundt Jernhetta i Aurland kommune. Turen starta ved Vardahaug bru opp Erdal i Lærdal kommune. Dagen var skyfri, og føret viste seks på terningen. Nokre få minus ved start. Betre får ein det ikkje. Turfolka var frå Lærdal og Aurland, samt nokre frå Sogndal kommune. Særs kjekt når vi er folk frå fleire kommunar.
Alle storkosa seg innover Modlaugsbotn, og opp Soleibakkane på silkeføre. Berre smil å sjå. Etter vel halvanna time gonge og nokre småpausar vart det matrast med utsikt til Flåm og baksida av Blåskavlen, med dens dramatiske botnar og ryggar. Fantastisk !!! Nokre valde å gå opp på toppunktets Jernhetta. Då ser ein omlag heile rundturen. Eg hadde fått løyve hjå turleiar å gå solo til Nisedalsfjellet. >>>
Slettind
- Dato:
- 15.04.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 5,3km
Fin ettermiddagstur med Joakim. Kun oss, og eit par på veg opp då vi køyrde nedatt. I helgane er her ofte fullt på parkeringsplassen. Typisk Rando-topp.
Berdalseken
- Dato:
- 11.04.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 16,2km
Fin tur frå Sluten til Berdalseken med Joakim. Nydeleg fin dag, etter påfyll med ny om enn ganske vindtransportert snø. Nede i lia, opp frå Sluten, var det godt med djup nysnø. Heldige vi då, sidan ein skiløpar hadde godt oppover før oss, og laga fine spor. Innover Vetle Frostdalen var det mest skare. Greitt å gå på det. I oppstigninga til høgre inne i dalen, vart det på nytt lausare, og fin snø å gå i. Vi rasta ved nokre steinar, der vi pleier, knapt halvvegs. Etter litt kom karen som laga spor for oss nedatt. Han var frå Dombås, tydeleg fjellvand, busett i Bergen, og nybuar i hytte oppi Gudbrandslie på Filefjell. Han hadde snudd litt før brea, sidan han var aleine. Såg på det som rekognoseringstur til seinare. Joakim og eg fekk ein fin tur vidare til topps. Joakim sleit >>>
Bleia i Lærdal
- Dato:
- 03.04.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 25,4km
Det var meldt fint ver, med ca. 7 ms på toppen, og valet fall på tur til Bleia i dag. Start frå Vardahaug parkering i Erdal. Berdalseken var opprinneleg plan saman med Sigmund i dag. Den turen rauk ut grunna meldt vind på 10 - 12 ms. Det viste seg at valet var greitt, men vi skulle få nokre utfordringar undervegs.
Fint innover Modlaugsbotn, og sola gjorde seg meir gjeldande etter ein god time. Særleg fint over Daudmannsvatnet. Vi såg tre turfolk på fjellski som passerte litt under oss før vatnet. Dei hadde god fart, og hadde valt rute litt lenger aust. Vi la merke til at det låg ein del skodde oppi, men rekna med at den ville sleppe taket, sidan det var litt vindfuldt. I pausen ved store stein, såg vi at det også var spor nedatt mot Vindedalen. I det vi sat og åt, såg vi at det >>>
Skøddetindar
- Dato:
- 01.04.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 31,7km
Skøddetindar i dag. Fantastisk fint fjellområde å gå skitur i. Litt tøffe forhold med bra trøkk i vinden i dag. Føret var og litt vanskeleg. Hard skare og fokksnø. Greitt i løypeområde. Då vi skulle på Tverrfjellet Vest gjorde eg ein bommert. Vi trudde neste topp var toppen, og snudde då det var hard is i traseen på skrå mot Tverrfjellet. Men vi skulle da på Tverrfjellet Vest, nærare oss. Kunne berre gå få 100 meter tilbake, og lett opp ca. 140 høgdemeter. Blei lurt av at kartet i appen falt ut ved zoom, og at teksten var plasser langt mot aust. Ja-ja, blir ny tur eit anna år da. Då bar det tilbake, og U-sving oppover til Skøddetindane. Flott utsikt, særleg frå Vestre. Fint å sigle ned frå toppen i DNT-løypa som i motsatt veg går mot Kjåen i Hemsedal. Kjekt turfølge >>>
Slettind
- Dato:
- 27.03.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 5,4km
Skitur med Sigmund. Mykje nytta Randonee-topp frå fylkesgrensa på Hemsedalsfjellet. God trim opp, og delvis fin køyring nedatt.