Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (372)
-
Skitour (116)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (73)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Leirdalen
- Datum:
- 04.05.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 9,5km
Dagens turmål var Grøndalseggi. Då vi nærma oss haugen Gråmerri (1164 og ukjend p.f.), kom det plutseleg ei lita byge, og det vart lett snø og lite sikt. Det såg også ut som om det kom fleire byger i dalføra rundt om. Sidan vi ikkje hadde gått her tidlegare, og køyreføret også var svært dårleg, valde vi å returnere. Dei som har vore i Leirdalen nokre dagar før, har nok kosa seg masse. Heile dalføret var fullt av flotte svingspor. Dei var heller ikkje mykje til hjelp nedatt, sidan spora var frosne. Vi tok det med ro på returen. Enkelte svingar kunne ein legge inn, då hels øvst og nedst i trasèen. God trim, og 85 % sol fekk vi også på turen. Men det vart topp-miss denne gongen. Når vi var godt på veg nedatt, letta det att, og mest blå himmel i alle retningar. Slik >>>
Store Grånosi i lite sikt.
- Datum:
- 01.05.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 9,2km
Ved denne turen var nok mosjon det viktigaste. Og kjekt å vere på tur med eldste son. Lett snøver i dag, og tåkefullt innimellom. Sidan det var nokre større steinar i terrenget, gikk det greitt å orientere oppover. Når vi kom til foten av fjellet, var sikta litt betre. Køyringa nedatt vart vanskeleg frå toppområde, sidan sikta då var svak. Det vart og vanskeleg å orientere seg i overgang til rett dalføre nedatt. Måtte difor sjå på app, og justere. Etter kvart vart det betre køyreforhold, der vi nytta oppover-sporet vårt som referansespor. Siste køyringa mot skogen var fin. God trim, og litt spennande å køyre under slike forhold.
Bleia, Bjørnen og Store Grånosi
- Datum:
- 26.04.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 25,8km
Fantastisk skitur i heimfjella. Med utgangspunkt i Modlaugsbotn, opp Erdalsvegen frå Lærdal, er det eit veldig flott skiterreng. Området ligg i Aurland og Lærdal kommunar. Ein kan gå inn den lite bratte dalen, setje set i ein solhelling og berre nyte. Eller ein kan gå til ein av dei mange toppane i området. Blåskavlen og Bleia er dei høgste, og kanskje flottaste fjella i området.
Men Stora Grånosi, Bjørnen og Grånosi er også verdt eit besøk. Ta gjerne med Jernhetta også, og utsikta under den, der ein ser like til Flåm, er veldig flott. Og er det godver, gå gjerne heilt ut på Kalvsnesnosi, og sjå rett ned i Aurlandsfjorden, og inn Nærøyfjorden. Tilrår den turen.
No er det brøyta til øvst i hyttefeltet i Sluppen. Ein lyt då gå ca. 1,2 km før ein er ved brui, der parkeringsplassen >>>
Øst for Bjordalsnosi
- Datum:
- 18.04.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 20,6km
Fantastisk skitur i høgfjellet i Borgundsfjell i Lærdal kommune. Toppa med besøk til ein Lærdalstopp. Parkerte ved Breistølen fjellstove. Gikk inn det vakre Stardalsgjelet. Varm god sol, skyfritt og nesten vindstille dag. Mykje snø og svære skavlar i gjelet i år. Vel oppe av gjelet 1:20, bar det vidare etter kvista DNT-løypa til Bjørdalsbu.
Ved Store stein ved Starsjøen undra eg litt på kva som var Øst for Bjordalsnosi, og kva som var Bidlesteinsnosi. Appen greidde ikkje å få opp verken kart eller nåla på toppen vi skulle til. Fortsette difor lenger inn langs kvistaløypa. Snart var vi godt oppi Rankebotn. Då hadde vi faktisk snart runda toppen på austsida. Bestemte då å bestige frå søraust heller enn nordvest som planlagt. Hadde også sett ut ei slik rute på førehand. >>>
Øvre Salen nordaust
- Datum:
- 10.04.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 7,1km
Randone forsiktig påsketur i eigen kommune saman med Joakim.
Øvre Salen randone
- Datum:
- 21.03.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 8,9km
Ein enkel finvèrstur på ski blir fort ekstatisk med den situasjon eg er i no. Fyrste tur etter at eg eg fekk kraftig akutt Isjas 6. jan.-20. Så etter 11 dagar sjukehus, store dosar medisin, er kroppen framleis smertefull, men i god bedring. I fjor hadde dette vore ein svipptur, men i no-situasjonen er det ein milepæl.
Ut frå situasjonen vart det ikkje å plukka små grøne toppar i dag. Dei fleste som går på Salen går til Øvre Salen Nordøst, og er nøgd med det. Tilrår å besøke høgaste toppen Store Salen, 11 meter høgare, og som har ei mektig utsikt mot heimefjella. Nedre Salen får eg ta når forma har stege nokon hakk.
Børrenøse
- Datum:
- 23.12.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 3,6km
Fyrste Randoneetur denne sesongen. Rett opp frå skianlegget. Kjapp og grei tur, men dårleg sikt.
Erterhaug fot og ski
- Datum:
- 17.05.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 12,7km
17. mai tur frå Vardahaug bru i Erdal. Var spent på snøforholda. Planen var å utforske om vi kunne nå Daurmålsnosi og Middagsnosi mot Frønningen. Var litt i tvil. Og snøforholda talde for at det kom til å bli utfordrande. Så plan vart endra til Erterhaug som mål. Måtte bere skia i ca. 35 min, og det blei så av og på 8 - 10 gonger over snøbruer og lyng. I det vi skulle ha på skia, oppdaga Marita at eine festepiggen på bindingen var borte. Ho måtte difor snu, og valde å gå på Vardahaug støl, og toppen bak (1336) i staden. Då heldt eg fram aleine. Etter kvart fint skiføre, og kjekt å gå. Jamn lett stigning innover. Sjølve nedkøyringa frå toppen vart litt antiklimaks. Det var såpass sug, at farten vart låg. På retur valde eg å gå litt lenger på føtene. Følgde >>>
Blåskavlen
- Datum:
- 19.04.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 26,0km
Parkerte ved Vardahaug P-plass, og gikk inn Modlaugsbotn. Opp Soleibakkane, og justerte kursen litt aust for Helleberget. Ringa så under toppane Fagerdalsnutane, så rasjonelt som råd. Noko nedatt i skar ca. 1580. Opp denne sida er ruta på det brattaste, og det var hard skare. Måtte setje stålkantane godt i, men greitt. Frå rundt 1700 pluss/minus over småkupperte nutar var det mykje "bølgjeblekk". Så litt ned i skaret ved overgang bre/botn, og fint opp mot toppen. Utsikta på Blåskavlen denne dagen var til å ta pusten i frå ein. Vi tok inn inntrykka og naut, men kunne ha teke fleire bilde for minneboka sin del. Det kom opp eit følgje frå Aurlandssida, som har ein noko kortare tur, og jamnare nedkøyring.
Vi valde å køyre heile brea nedatt, for den opplevinga sin del. >>>
Krekahøgdi
- Datum:
- 10.03.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 13,5km
Fint vèr og dag for skitur med topp som mål. Starta frå parkeringa under Torolmen, og gikk innover blandt hyttene og i retning Sletterustdalen. Måtte litt aust ved oppstigninga, til ei hylleformasjon, så på skrå nordvest. Det flata etterkvart noko av innover Sletterustdalen.
Dalen var noko meir kuppert enn forenta, så fjellski er meir passande på denne turen. Men godt å ha faste plankar i nokon av kneikane på turen nedatt.
Vi fann ei fin oppstigning nordaust på fjellet, gikk like til venstre for topp 1325, der vi rasta bak ein stein. Etter litt mat, over skaret, opp ei lita bratte, og til høgre for topp 1416. Så var det å gå fjellet jamt og rett fram mot toppen. Også her oppe var det mange haugar, og småtoppar, men lett terreng. Det brattaste var ved skaret etter 1325 toppen. >>>
