Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Kyrkjenøse

Datum:
07.03.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
4,2km

Som lokalkjendt i mykje av fjellområda på Filefjell, har eg likevel aldri gått opp ved St. Thomaskyrkja på Kyrkjestølane. Så då vart det opp derifrå i dag. Det hadde blæse storm i går og natt, så føret var ikkje topp. Hard skare opp lia. Betre når eg nådde stikka til Dnt-løypa mot Sletningbu, då det flata ut. Følgde skuterspor og stikkene til litt før bandet. Skrådde opp mot toppen på is. Det var såpass lite bratt, at det gikk å stampe stålkantane til feste. Fann ei grei rute, og snart flata det ut. Fin utsikt frå toppen. Ved å gå litt frampå 10 meter frå varden, såg eg ned att til hyttene og vegen ved Kyrkjestølane. Eg var litt spent nedatt, om det braut nokon stad der det var skare. Ein stad braut det litt. Ispartia var greie, då stålkantane tek godt feste >>>

Karte    

Slettind

Datum:
14.02.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,5km

Fin Randonee-tur frå fylkesgrensa ved Eldrevatnet. Her er det kort transport til fjellfoten, og ganske jamn stigning til topps. Bratt nok til at det var moro på returen. Fin laussnø, og fekk inn nokre lange gode svingar. Ein del folk i traseen. Såg ca. 10 - 12 på den kjappe turen. Ruta ligg på grensa til Hemsedal og Lærdal. Her kan ein etter kvart greie ettermiddags-tur frå Lærdal. For den som er relativt ny på Randonee, og bur i nærleiken, er dette ein fin tur. Prøv gjerne fleire varianter av nedkøyringar. Ved val av rett trasee, bør det vere trygt med tanke på rasfare. Ein må sjølvsagt gjere sine vurderingar. På vestsida av Eldrevatnet finn ein Breistølfjellet, ein annan mykje nytta rando-topp i Lærdal. Den skal eg prøve normalruta av seinare i vinter.

Karte    

Galden

Datum:
29.11.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,7km

Årets andre på ski, og fyrste på Randonee. I går blei det 15 km langrennstur i løyper på andre sida av Tyin-vatnet. I dag fekk eg med min kjære på topptur. Parkerte på Tyinstølen. Systemet med betaling via SMS fungerte ikkje. Vipps neste ? Det ser bratt ut opp frå Tyinstølen, men det lagar seg fint. Min fyrste tur her. Sidan det var minimalt med snø, måtte ruta velgjast deretter. Gikk difor litt høgare i terrenget enn «normalt». Ville unngå vatnet. Flanken mot Galden vart litt Berg- og dalbane. Men vi fann ei grei rute. Svær fin utsikt frå toppen, særleg mot Vang, der det var klarvær og raudskin. Vi la retur med hensikt bortetter ryggen. Variasjon er kjekt. Det blei litt bratt nedatt frå dette fjellet, men vi fann greie hyller. I skråkøyringa då vi nærma oss sporet >>>

Blåskavlen II

Datum:
14.06.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
13,0km

Då vart det den andre turen til Blåskavlen på ei veke. Fantastisk. Onsdag spontant tur med Lærdal turlag der vi var 10 stk. I dag saman med Yngve, mann til niesa mi. Fin gange innover med småkneikar, som ein kunne gå rett opp. På toppen tok vi oss tid, sette oss i ly 100 meter nedanfor varden. Såg ein flik av Aurlandsfjorden, pluss fantastisk fjordlandskap. og panoramaet her oppe er veldig flott. Tilbake til varden møtte vi tre kvinner som hadde gått frå Aurland-sida, opp flanken ved Prest. Lettkuppert, og tre gode nedkøyringar på returen, der vi tok ein flanke i retning mot Kvammadalen, og fekk nokre gode svingar pluss. Då vart det litt meir jabbing motbakke, med det er god valuta. Finfin tur med Yngve.

Karte    

Blåskavlen

Datum:
10.06.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
13,0km

Lærdal turlag arrangerte spontan-tur via Facebook dagen før. Vi var 8 i følgje, pluss to som kom etter avtale litt etterpå. Det var lagt opp til å gå frå Trollahaug 1250 moh. Denne ruta var ny for meg, då vi pleier gå frå Modlaugsbotn om vinteren. Om sommaren går vi til vanleg frå høgaste pkt. på fjellevegen (ved Jonsnosi), og opp sjølve brea Blåskavlen. Det var svært greitt terreng å gå opp i frå Trollahaug, med Hornsnipa til høgre for oss. Om lag 6 1/2 km kvar veg fordelt på 614 høgdemeter. Det er heilt fantastisk å kunne køyre bil i 25 minutt, for så å spenne på seg skia, og dette 10. juni. Ein særs snørik vinter hjelper på, men denne fjellovergangen er kalla "Snøvegen" av ei årsak. Tidlegare har eg gått til Blåskavlen 1. juli, utan å ta av >>>

Karte    

Sognefjellet med Gravdalstinden og fleire Smørstabbar

Datum:
31.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
23,5km

Denne turen har vore planlagt i lengre tid. To gonger har Lærdal turlag vore på Gravdalstinden utan at det har passa for meg. Den finaste dagen kom. Ikkje ei sky på himmelen, og med varmt vèr. Vi gikk frå Sognefjellshytta, inn mot Falkeberget, og opp stigninga derifrå. Fin bratt og trygg bakke opp til Smørstabbreen. Ei anna værd openbara seg, med bre og flotte fjelltoppar. Javist, har vore i område før, men ikkje på Smørstabbreen. Bestemte at når det var så fint, så skulle vi ta med dei toppane som var i området. Og slik blei det. Fyrst oppom Søre Smørstabbtind, ved å halde høgt i skrå-feltet mellom dei to skara. Godt spor. Så skli på feller nedatt, og ta fatt på bakken opp til Gravdalstinden. Tinden ser diger, svart, kvit og majestetisk ut. Men merkeleg kjapt er ein >>>

Karte    

Modlaugsbotn og Grånosi (Aurland)

Datum:
30.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
17,6km

Besøk av sonen frå Bergen, ei helg eg og kjærasten hadde planlagt Sognefjellet. Den turen vart dagen etter. Vi heldt att ein dag, og Joakim og eg fekk oss ein fin skitur lokalt i vakkert terreng frå Vardahaug bru. I dag var naturen, det vakre veret, og formidable utsikta som er her, det viktigaste. Som oftast. Fyrst skituren innover dalen og oppover fjella, og så det fantastiske fjordlandskapet vestover, som ein får betalt for når ein når toppen. Skikøyringa nedatt var skrøpeleg med mykje sug, og dårleg gli. Så det vart ein del gange med laus hel på rando-skia nedatt Modlaugsbotn. Fin-fin tur i alle fall. Fly-stripe gps-spor denne gongen, noko som skuldast at telefonen stod på straumsparing.

Karte    

Skitur i Verdsarvområde i Aurland og Lærdal

Datum:
21.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
28,4km

Endeleg. Lenge planlagt tur til to Lærdalstoppar som ligg utanfor allfarveg. Har venta på vêret lenge. Skya, og ikkje optimalt i dag heller, men god nok sikt og meldingar. Det vart eit eventyr av naturopplevingar. Umogeleg å formidle med bilde. Litt flatt lys i dag. Utsikta mot fjordlandskapet, og Frønningan tek nesten pusten frå ein. Kontrastane, proposisjonar, variasjon og avstand. Bleia og Storebotn er landskapsvernområde, og av ei årsak. Dette er ein tur eg vil tilrå som fjellskitur for turlaga. Eg hadde ruteval, teikna inn på førehand, med alternativ. Valde som hovudprioritert. Eitt av alternativa var retur over Grånosa (Aurland). Hadde då fått meir skikøyring nedover. Ville vurdere på retur grunna store snømengder i år. Avgjorde at retur opp skaret mot Grånosi vart >>>

Karte    

Leirdalen

Datum:
04.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,5km

Dagens turmål var Grøndalseggi. Då vi nærma oss haugen Gråmerri (1164 og ukjend p.f.), kom det plutseleg ei lita byge, og det vart lett snø og lite sikt. Det såg også ut som om det kom fleire byger i dalføra rundt om. Sidan vi ikkje hadde gått her tidlegare, og køyreføret også var svært dårleg, valde vi å returnere. Dei som har vore i Leirdalen nokre dagar før, har nok kosa seg masse. Heile dalføret var fullt av flotte svingspor. Dei var heller ikkje mykje til hjelp nedatt, sidan spora var frosne. Vi tok det med ro på returen. Enkelte svingar kunne ein legge inn, då hels øvst og nedst i trasèen. God trim, og 85 % sol fekk vi også på turen. Men det vart topp-miss denne gongen. Når vi var godt på veg nedatt, letta det att, og mest blå himmel i alle retningar. Slik >>>

Karte    

Store Grånosi i lite sikt.

Datum:
01.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,2km

Ved denne turen var nok mosjon det viktigaste. Og kjekt å vere på tur med eldste son. Lett snøver i dag, og tåkefullt innimellom. Sidan det var nokre større steinar i terrenget, gikk det greitt å orientere oppover. Når vi kom til foten av fjellet, var sikta litt betre. Køyringa nedatt vart vanskeleg frå toppområde, sidan sikta då var svak. Det vart og vanskeleg å orientere seg i overgang til rett dalføre nedatt. Måtte difor sjå på app, og justere. Etter kvart vart det betre køyreforhold, der vi nytta oppover-sporet vårt som referansespor. Siste køyringa mot skogen var fin. God trim, og litt spennande å køyre under slike forhold.

Karte