Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (116)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (73)
-
Trip by foot (425)
- Alpine trip (20)
- Hike (62)
- Hillwalk (256)
- Jogging (55)
Favourite peaks
Tre toppar i Årdalsfjell
- Date:
- 27.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.8km
Bringe med Lærdal turlag
- Date:
- 23.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 17.3km
Flott tur i regi av Lærdal turlag. Oppmøte på Kvamme kl. 9, og felles transport med Solheim taxi til vegen mot Eråksstølen. I alt 11 motiverte turfolk la av garde på sti i slak stigning bortetter fjellsida. Kryssa grov, og kort rast ved ei bu, før vidara inn til Eråskstjørni. Her vart det niste-pause. Etterpå bratt opp mot Giljaknippen. Sauesti viste veg, og det vart etter kvart veldig skrå-bratt. Nesten oppe ved ein skrent, ba turleiar resten av oss om å følge ein sti vidare bortetter. Det viste seg at dette andre alternativet var snillare med tanke på bratt terreng, men noko lenger. Alle kom vel opp, og om lag halvparten på kvar si rute. Etter samling over skrent-området, leia Anders oss rundt Giljaknippen. Her fekk me sjå nærare på styrtningane i Kvenshaggjeli. Det gikk >>>
Austhøi
- Date:
- 18.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.4km
Denne toppen hadde ikkje nokon sti, off-track heile vegen. D.v.s. nokre trakk og vardar opp flanken. Flanken var småbratt, men det flata etter kvart ut. Fin utsikt som frå alle toppane som eg har vore på desse dagane. Landskapet rundt er åpent, og heilt annaleis enn vestlands-naturen. Men i nordvest er Jotunheimen, og med halvskya ver desse dagane, har den vist seg fram kun sporadisk. Dette var i det heile ein kort og rask tur.
Oskampen
- Date:
- 18.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.3km
Etter ny overnatting i bubilen, med plan om Austhøi i dag, kom eg på at det ikkje var så langt å køyre tilbake til sti, som kunne nyttast til bestigning av Oskampen. Som tenkt så gjort. Her er det merka sti inn til turisthytta med same namn som toppen Oskampen. Men eg følgde denne ca. 2 km innover, og sikta meg så mot fjellfoten. På veg her traff eg på to flokkar kyr, både svarte og brune. Dei verka fredelege. Ein del sprake (einer) og småkuppert bortover mot fjellfoten. Opp fjellet her var det ganske bratt, og mogeleg å ta ulike linjer. Eg gikk opp nær ei smal lang ur, og det fungert betre enn venta. Litt tunge bein oppover i dag. Over flanken var det framleis småbratt opp til sør-toppen. Nydeleg utsikt ned til Nedre Heimdalsvatnet. Heldt fram utover ryggen og bort til høgaste >>>
Langsua nasjonalpark - 3 toppar
- Date:
- 17.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.2km
Målet med turen var dei to siste toppane på Øystre Slidre-lista, med pmf. på over 100 meter. Hadde køyrt vidare til samen ca. 15 km frå der eg overnatta med bubilen etter bestigninga av Gråhøe i går. Innom to toppar på vegen. Parkerte like under demninga. Av nysgjerringheit gikk eg over dammen og ikkje på vegen nedanfor. Det resulterte i litt surr for å finne start på stien. Difor litt bushing fyrste halvanna km. Etter kvart på DNT-sti (som eg ikkje hadde lese meg opp på). Følgde sti opp til vatn, og skar så sør-vestover. Fann fine linjer mellom sprake og vier opp til toppen Klanten. Her kom ein verkeleg tett på baksida av Skaget. Nedatt herifrå vart det noko meir vier/sprake, men til å leve med. I mellom myrane, og opp ryggen til Buatinden. Nydeleg på veg opp, med utsikta >>>
Gråhøe
- Date:
- 16.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 10.8km
Fint ver i anmarsj. Klargjorde difor bubilen for ein tur til fjell-heimen. Plan var inn ved det flotte vatnet Vinstre. Ein køyrer inn etter passering Bygdin, nord for Beitostølen. Fann ei grei parkering ca. 50 meter frå turskiltet. Fyrst på god sti opp langs elva. Grundig varding og raude merke heilt til toppen. Det var eit lengre flatare parti innover mot fjellfoten. Også her var det trakk mange stader, men også litt stein. Nydeleg ver på ettermiddag mot kveld. Finfin tur.
Olefjorden rundt
- Date:
- 11.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 34.2km
Denne turen hadde eg sett fram til nokre år. Lang tur, og spent på om ein enda med tre eller fem fjelltoppar. No blei det tre raude nåler. Eg kan skulda på for tynn niste, at eg gløymde dei to bananene, stod opp 75 min for seint. Gløymde eg regnbyga rundt Skjeldrane, som gjorde vidare tur usikker ? Uansett, konklusjon undervegs, og då eg stabba siste kilometrane ved Olefjorden, var at denne turen var lang nok. Det var no ein veldig fin tur. Skiftande ver, utsikta til dei flotte toppane nord for Bygdin, spenninga med å finne ei god rute. Fyrste og siste del av turen var på sti. Eg måtte finne vegen om toppen "Nord for Rødningstjernet" og til Skjeldrane er det vill natur og gråstein som rår. Tok inn "Systerbotn", som var innertiar for denne ruta. Enda til trakk >>>
Rankonøse og Rankonøse Nord
- Date:
- 02.08.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 19.6km
Fyrst det viktigaste. Sjå Gps-sporet. Ikkje vel den oppganen som eg nytta. Bruk returen både opp og ned. Opp på skrå var det brattare, ein del lausmasser og ei dårleg rute. Hald i område ved dei grøne felta (sjå bilete og retur-sporet). Frå parkeringa er de sti heilt inn til Hestbottjernet. Det er laga til ei solid bru når ein kjem ned til elva. Litt merkeleg konstruert, då det ikkje er noko å halde seg i når ein stig frå bratte trinn og opp på bru-dekket. Fekk ei regnbyge inn dalen. Skrådde opp (sjå omtale) i tanke om at de vart mindre bratt med "skrå". Oppgangen er brattare enn den ser ut til. Vel oppe er det fint stein-landskap bort til topp-punktet. Også grei stein dei 2,8 km bort til Rankonøse Nord. Ruta bort var litt for langt nord. Det er nokre få skrentar >>>
Vindedalsstølen
- Date:
- 24.07.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.4km
På tur med yngste son, Sander. Sidan det vart streva litt her, så blir det ei skjeldan registrering av tur utan topp. Og i bakhovudet hadde eg Grånosi. Vindedalstølen var hovudmålet, ein bratt kort sti til støls. I god drift på grusvegen opp dalen høyrde vi fyrst, og såg så hogst og laste-maskin. I heile vestsida av nedre dalføret var barskogen snauhoggen. Vi prøvde oss opp det bratte hogstfeltet, for å prøve å finne att stien. Fann til sist eit stort tre med blått merke, men grunna felte tre, som ikkje var kappa her, så kom vi ikkje forbi. Såg heldigvis veg for hogstmaskina, som vi følgde i rett retning nedatt til skogsvegen. Den var ny, og låg høgare i terrenget. No vart det å følgje skogsvegen fyrst til hytta på Lii, og så vidare til stølen. Idyllisk her i dag med >>>
Vennisfjellet og Høgegge
- Date:
- 22.07.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.5km
Ny tur til Vang, og andre besøk i den vakre Sanddalen. Her var det open dag på stølen med høve til å kjøpe tradisjonsmat og sjå på dyra. Hestar var her også. Eg følgde stien mot Thomashelleren eit stykkje, før eg tok opp Gjartrudsåne. Så vart det kortare rute til fyrste turmålet. Her var det bratt, men greit å kome opp. Følgde så eit dalføre, før eg dreia litt til høgre i steinlandskapet. Toppen var lett å nå på visuell navigering i fine været i dag. Ein liten "lurevarde" før store varden på det flate topp-punktet. Flott utsikt mot Gjende-alpane. Vidare sikta eg mot 1660, Midre Vennisfjellet Vest. Den såg litt "topp" ut i landskapet, sjølv om den var grøn. Fin egg oop, og slakt på baksida. Tok også med neste grøne, 1604 Geitskinntjernkampen, >>>
