Arkiv - datum

Listor jag samlar på

Favorittoppar

Skruvdalsstinden og Reinehamaren

Datum:
16.10.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
26,1km

Det vart ein tøffare tur enn tenkt. Eg brukte om lag ein time lenger tid enn planlagt, då eg bomma 4 km på estimert avstand. Og så kom mørknet, og eg måtte guffe på. For lite næring også. Skjeldan av meg, men dette var for dårleg planlagt. Ruta var ca. 5 grusveg og 21 km sti. Turen gikk i nydeleg landskap i terreng med låg bjørkeskog, kollar og myr. Og nokre små toppar. 1 t 10 til Skruvdalstinden. Ned frå denne gikk eg til sist ut av stien, då den ikkje passa med terrenget. Ikkje gjer det. Grubla nede ved Skruvdalsbua, om eg skulle ta med Reinehamaren. Rekna og kasta meg ut i det. Fin tur innover, sett bort frå ei litt for blaut myr. Ved varden på Reinehamaren etter 2:45, og 14,1 km. Dette var litt lenger enn rekna med. Returnerte etter å ha teke nokre bilder. Same ruta tilbake >>>

Karta    

Skjeltrene

Datum:
11.10.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
6,6km

Ny rute til Skjeltrene i dag. Fyrst opp vest om elva på sti som tidlegare. Valde rett opp i skardet, og ringa litt over ein dalbotn og til toppen. Nedatt valde eg eit anna skard, for å utforske litt med tanke på kommande vinter-rute. Ser greitt ut. Og alltid kjekt med rundtur.

Karta    

Grindane

Datum:
27.09.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
10,6km

Dag 2 på Peakbook-treff i Vang. I dag vart det fint vèr, varmt med sol og flotte haustfargar. Køyrde frå Veslebu og opp til parkeringa til Grindane. Gikk innover ATV-veg, og så over på sti inn under Belgjinøse. Morten likar å gi oss noko ekstra, og her vart det ein uvanleg veg opp. Bratt og noko klyving innimellom på terasser oppover. Hyllene var innafor også for meg. Berre ein litt bratt grasbakke over ei hylle testa høgde-kjensla. På toppen er det ein varde med noko kvit stein. Ein kort pause her, og så vidare bortetter fjellet til Vest for Grindane. Så ned i skaret, og opp på den vanlege stien til Grindane. Her rasta me på hylla med utsikt ned til Grindetjernet. Usikta her er til å ta pusten frå ein. Kjekt selskap underveges på turen. Noko prat om kva ein måtte ha å >>>

Karta    

Uranostinden og Slingsbytinden

Datum:
26.09.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
17,9km

Tur med Anne og Morten i Peakbookskiogfjell.no - Det var klart for helg på "Veslebu" i Vang. Avreise frå hytta kl. 7:30 laurdag morgon, og turstart ved Koldedalsvatnet kl. 8:55. Inn på sti i lett yr. Fint tempo inn til brea. Bratt med blåis til å byrje med. Då det flata meir ut, passerte me fleire sprekkar som var fylt med snø/is. Difor måtte Anne som førde taulaget eg var i, sjekke nøye kvar det var trygt å passere. Etter brea, og opp mot skaret, la Morten ut eit tau, då det var hard snø og is. Så gikk me opp ryggen mot egga (mykje hard snø og noko is også her). På dei om lag 25 meter ut egga, var det lagt tau med to mellomforankringa, sidan det var snø og glatt. Gjengen var glad og begreistra, og det vart fellesbilde på toppen. Raskt opphald og retur nedatt til >>>

Karta    

Dinglenøse og Djupebottegge

Datum:
06.09.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
27,5km

Vermeldinga god nok for andre tur ved Olefjorden i år. Fyrste vart på 34 km, og då var eg ikkje motivert for dei siste 5-6 som skulle til for å ta alle i ein "jafs". Byrja med lette sko innover, slik at det vart lettare å småjogge innimellom. Ein ser at Yksnnøse kjem nærare. Passerar stølen Kvitingane, så hengebrua. Byter til Scarpa Mescalito sko der. Held fram på stien litt til, før eg tok ein snarveg, som fungerte godt. Held fram på DNT-stien mot Tomashelleren til eg dreia mot Dinglenøse ved eit elvefar. Litt bratt opp mot ryggen. Greitt å komme opp. På høgaste pkt. kun ein liten stein. Den store varden er litt lenger inn på fjellryggen. Følgde "ryggen" over, og så kom eg ned til eit lite vatn. Greitt og fint å gå opp til Sørvest for Djupebotten. >>>

Karta    

Kyrvassnosi

Datum:
31.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
12,5km

Køyrde til Øvre Årdal og opp Fardalen. Parkerte ved Murane, og kom av garde kl. 15. Lettskya ver, ikkje strålande slik som meldt. Gikk bort til hyttene, og det går sti bakom dei. Ein kjem over elva ved dammen. Sjølve demninga kjem ein ikkje over. Så lenge dei tek inn alt vatnet i tunnellen, går ein turrskodd over elva nedanfor. No er det fin sti, og etter kvart med varding nesten heilt opp til Gravdalsbandet. Merk at stien deler seg godt inn i dalføret. Frå bandet var det lettgått i steinete terreng mot toppen. I dag var høgaste punkt på fjellet målet. I ettertid angra eg litt på at eg ikkje gikk bort til varden (det var nok kortare enn eg antok der og då). Det blir nok ny tur hit, og då opp til Sørvest-toppen fyrst, og rundt. Dette er i alle høve ein veldig fin ut. Lett >>>

Karta    

Tre toppar i Årdalsfjell

Datum:
27.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
16,8km

Det vart ein fin tur i Årdalsfjelli, om lag frå bommen på fjellvegen mot Turtagrø. Eg var mest spent på om det vart veldig blautt i dag, då det var meldt halvskya med fare for byger. Fyrste varde og grøn topp Lovardalsnosi etter 12 min. Så var det fint og lettgått innover forbi Jervvatnet. Valde høgre side av den bratte ryggen i mot. Lett mot toppen. Flott utsikt mot Jostedalsbreen. Ned frå toppen kom fyrste byga, men den var snill og vara i ca. 10 min. Litt sleipe steinar, og eg valde og gå meir ned i dalen før oppstigninga mot Grønvassnosi. Såg at denne ryggen hadde skarpe skrentar i byrjinga. Gikk mot vatnet, og fann ei grei skår opp på fyrste platå, og runda så meir mot aust. No kom det i mot meg eit stort reinsdyr. Den stoppa opp litt, før den trekte ca. 100 m tilbake >>>

Karta    

Bringe med Lærdal turlag

Datum:
23.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
17,3km

Flott tur i regi av Lærdal turlag. Oppmøte på Kvamme kl. 9, og felles transport med Solheim taxi til vegen mot Eråksstølen. I alt 11 motiverte turfolk la av garde på sti i slak stigning bortetter fjellsida. Kryssa grov, og kort rast ved ei bu, før vidara inn til Eråskstjørni. Her vart det niste-pause. Etterpå bratt opp mot Giljaknippen. Sauesti viste veg, og det vart etter kvart veldig skrå-bratt. Nesten oppe ved ein skrent, ba turleiar resten av oss om å følge ein sti vidare bortetter. Det viste seg at dette andre alternativet var snillare med tanke på bratt terreng, men noko lenger. Alle kom vel opp, og om lag halvparten på kvar si rute. Etter samling over skrent-området, leia Anders oss rundt Giljaknippen. Her fekk me sjå nærare på styrtningane i Kvenshaggjeli. Det gikk >>>

Karta    

Austhøe

Datum:
18.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
5,4km

Denne toppen hadde ikkje nokon sti, off-track heile vegen. D.v.s. nokre trakk og vardar opp flanken. Flanken var småbratt, men det flata etter kvart ut. Fin utsikt som frå alle toppane som eg har vore på desse dagane. Landskapet rundt er åpent, og heilt annaleis enn vestlands-naturen. Men i nordvest er Jotunheimen, og med halvskya ver desse dagane, har den vist seg fram kun sporadisk. Dette var i det heile ein kort og rask tur.

Karta    

Oskampen

Datum:
18.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
9,3km

Etter ny overnatting i bubilen, med plan om Austhøi i dag, kom eg på at det ikkje var så langt å køyre tilbake til sti, som kunne nyttast til bestigning av Oskampen. Som tenkt så gjort. Her er det merka sti inn til turisthytta med same namn som toppen Oskampen. Men eg følgde denne ca. 2 km innover, og sikta meg så mot fjellfoten. På veg her traff eg på to flokkar kyr, både svarte og brune. Dei verka fredelege. Ein del sprake (einer) og småkuppert bortover mot fjellfoten. Opp fjellet her var det ganske bratt, og mogeleg å ta ulike linjer. Eg gikk opp nær ei smal lang ur, og det fungert betre enn venta. Litt tunge bein oppover i dag. Over flanken var det framleis småbratt opp til sør-toppen. Nydeleg utsikt ned til Nedre Heimdalsvatnet. Heldt fram utover ryggen og bort til høgaste >>>

Karta