Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (381)
-
Skitour (116)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (73)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Dunheia frå Utvikfjellet
- Datum:
- 10.06.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 18,0km
Det var planlagt 500 pmf-topp laurdag. Stod mellom eit par ute ved Måløy, Dunheia eller Glitregga. Sistnemnde frykta eg hadde for mykje snø. Etter turen i går, hadde eg fått smaken på det vakre ved Utvik-fjellet. Valet var lett, vi held oss her, og satsar på at Dunheia kan nåast utan for mykje snø-baksing. Fyrst inn over på grusa bilveg mot stølane. Gikk forbi der det var merka til Fløtravarden. Passerte "neste" merking, men tok inn i terrenget der det passa. Knapt 3 kvarter til Fløtravarden. Fin sti vidare, ned og så opp på Snøfjellet. Vidare sikta eg litt på skrå mot venstre, men vart freista av ein varde. Litt nedover der på skrent-parti, blei eg stoppa av eit par bratte snøbruer. Noko oppatt, og litt meir til venstre, så kom eg greitt ned til Tisthammarskardet. >>>
Skavegga frå Utvikfjellet
- Datum:
- 09.06.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,5km
Bubiltur med helga, og to ærend. Topptur sjølvsagt. Så hente dotter til Marita, som studerer i Volda, heim til sommarferie. Parkerte på Utvikfjellet fredag, fekk ut solstolar og slappa av nokre minutt. Så byrja det å klø i topptur-genet. Betemte meg for ein enkel tur opp ved ski-trekket. Litt rekognosering, og eg såg at det var merka til grøn topp forbi ein støl. Og raud topp ganske nær. Fin sti innover mot Støyvastølen, som var steinsett innimellom. Nydeleg stølsområde, med om lag 20 bygningar. Vidare bratt og fint opp til Skavegga sør, vel 3 kvarter hit. Fin utsikt. Var spent vidare mot Skavegga. Det var ein del snø. Snøfelta bar greitt, og det tok berre 20 min bort. Nydeleg utsikt ned til Utvik, og ut fjorden frå varden. Toppen er ikkje der raudmerket står, så eg ringa >>>
Sirikjerke
- Datum:
- 27.05.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,3km
Etter passering Vestfossen, tok vi av Saasenvegen, og køyrde opp mot fjellet Sirikjerke. Det er eigentleg for juks å rekne, å køyre så langt opp. Det er merka fleire ruter til Sirikjerke, m.a. ei heilt frå Vestfossen. Men også frå Mjøndalen og Eikern-sida. Vi skulle på besøk til barnebarn, og kunne ikkje bruke heile dagen på tur. Skilta og merka frå ei parkeringslomme med plass til tre bilar. Grei lett sti i vesentlig barskog-terreng. Marita blei med på denne turen, og det var varmt fint T-skjorte-ver med sol. Fine runde sva ved toppen. Vi køyrde over fjellet, og kom nedatt i Mjøndalen sentrum. Lettaste topp med over 500 i pm for min del.
Nattjennåsen
- Datum:
- 27.05.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,0km
Etter overnatting i bubil ved sandtak nokre km etter Krøderen, var vi klar for neste etappe. Marita hadde surfa litt på PB, og spurte om eg ville gå til ein topp med bra pm-faktor ganske nær. Eg var ikkje så vond å be om tur, sjølv om det var litt tidleg for meg. Så då trilla vi i veg, og snart tok vi av ved Snarum. Det var om lag 10 km å køyre til startpunkt for turen. Det meste på grusvei, der ca. 6 km var bomveg. Kun kr 30. Kjapp tur. Følgte ATV-veg, men tok ein snarveg også. Frå stølen Høgsetra var det merka til toppen, på vekselvis ATV-veg og sti. Frå toppen var det veldig fin utsikt. Såg snøkledde Blefjell og Gaustadtoppen. På toppen var det bygd eit tårn med platting ca. 5 meter opp. Stege av tre opp dit. Det freista ikkje å prøve den for min del, sjølv om utsikta >>>
Skredvarden
- Datum:
- 15.04.2023
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 22,3km
Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake >>>
Vedabakknosi
- Datum:
- 04.12.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:45h
- Entfernung:
- 8,9km
Vurderte 100 pmf. topp i rimeleg køyretid frå Lærdal. Og ikke før høgt, sidan snøen har trekt lenger nedover. Enno er det ikkje skiføre til toppturar i område vårt. Køyrde til Årdal, opp Seimsdalen, og parkerte på opparbeida plass under toppen Horgi. Rundt om her er fleire merka turstiar. Horgi rundt, Bøttejuv, med fleire. Eg skulle gå stien skilta mot Slettedalen. Måtte følge godt med for å halde stien, sidan det var 3 - 7 cm snø. Raude tre-klossar hengt opp i trea, viste veg oppover. Måtte vera litt varsam, då det var ein del kjøver. Hadde snø-kjetting, og dei nytta eg på returen. Fekk sol då eg kom ut av skogen, vel 900 moh. Nokre skuggeparti, og mest på retur. Burde ha starta ein time tidlegare, for heilt optimale forhold på denne ruta. Det er få timar med sol >>>
Blåskavlahovden
- Datum:
- 26.11.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,4km
Hadde planlagt nokre nye toppar i Aurland kommune dette året. Men ein skitur til Blåskavlen, som gjengangar, var den einaste fram til i dag. Køyrde til parkeringa i svingen under garden Vikesland. Her er det oversikt-tavle, og omtale av fleire turar i området. Stølen Hovdunga er nok mest bestøkt. Men om ein held fram oppover fjellryggen er både Hovdungavarden og Blåskavlavarden etablerte turmål i Aurland. Følde ruta mot Hovudunga, men vart freista av ein snarveg opp skogen ganske tidleg. Denne manøveren tok eg oppatt litt før Hovdunga, for å få ein kortare veg til turmålet. Veldig fint terreng oppover. Litt snø frå ca. 1100 moh. Passerte under Hovdunga-varden, som skulle få besøk på returen. Noko meir snø etterkvart, men aldri meir enn om lag 8 - 10 cm i dag. Noko avblæse >>>
Fagerset -Vetanosi
- Datum:
- 20.11.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,7km
Litt sein turstart i dag. Plan var minimum Fagerset. Traff kjende frå turlaget like over Olavskjelda. Dei hadde vore på Fagerset. Dei meldte om kraftig vind, og var ikkje freista av lenger tur. Då eg nådde Fagerset etter 1:38, og sjekka ut, var det kun litt trekk. Heldt difor fram vidare, med mål om Vetanosi. Nådde etter litt att ei tur-kvinne i same ærend. Tilbaud henne å følgje med, og slik kunne ho få oppleve den bratte ruta nedatt, og få rund-tur. Helene takka ja, og ga uttrykk for at ho likte ruta og utsikta. Det gikk i turprat resten av turen. Fint raudt lys på himmelen i det det mørkna. Måtte vere litt varsam i dei bratte partia, då eg ikkje hadde valt dei beste skoa til føret i lyng-partia.
Raudberg og Storeskardnøse
- Datum:
- 13.11.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,4km
Var i Hemsedal i går, og det gav meirsmak. Det vart tur over fjellet i dag også. Litt kortare køyring, 64 km ein veg frå Lærdal til parkeringa ved Ershovdstølane. Eg tok ikkje sjanse på å køyre over på støls-sida, sidan det var hengelåsar ved bommen. Den var open, men eg kjenner ikkje rutinane. Veldig fin sti oppover mot Raudberg. Det viste seg at her var det DNT-merka sti til toppen av Raudberg. Dette gjorde valet lettare. Plan var å ta ei rute frå litt lenger aust. Men det hadde vorte om lag ein km meir å gå på grusveg. Veldig flott terreng heile vegen på turen i dag. Nydeleg slette-landskap oppå fjellete, og lite vier. Her har det nok vore mykje beiting over tid. Var oppe på toppen etter 1:07 min. frå parkeringa. Så var det å sikte mot Storeskardnøse. Fann ei veldig >>>
Systerskardfjellet og Hamarskardtoppen
- Datum:
- 12.11.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,0km
Dagens tur nr. to. Parkerte på stor parkeringsplass merka Røgjin. Fyrst eit kort stykkje på grusveg, før eg tok venstre der merka sti gikk vidare til Buaklanten. Prøvde å finne ei rute med jamn fin stigning, og mykje av ruta var på umerka sti. Greitt å gå her. Nådde toppen etter litt over ein time. Fin utsikt. Topp-nåla stod litt for langt nord (på trignometrisk punkt). Gikk vidare til øst-toppen, og så bratt ned i skard, før ruta opp til dagens siste topp, Hamarskardtoppen. Herifrå var toppane Totten og Storehorn svært makrerte og flotte. Fin utsikt i alle retningar, og kveldslyset gjorde seg gjeldande. Fiint. Då var det berre å finne ei rett rute nedatt til bilen. Litt lyng-baksing, men ikkje av verste sort.
