Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (360)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Sopandefjellet på Vikafjellet
- Datum:
- 16.06.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,9km
Ein liten enkel topptur på Vikafjellet i forbifarten. Parkerte ved utløpet av tunnelen. Det var trakk til å byrja med. Litt nedatt ein liten skrent, og tangerte vatnet. Islagt enno. Greitt opp i lyngen til topps. Her er elektro-installasjon for tele-signal. Fin utsikt, sjølv om linjer og master tok litt utsikt. Men dei må jo til. Grei trim etter å ha sete mykje i ro på samling med jobben.
Metalen
- Datum:
- 28.05.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,8km
Denne turen tok eg like etter Siljanniben. Parkerte utom vegen på høgre side like før eit hus. Gikk innover på god breid grusveg. Så til høgre og på jord-dekt traktorvei. Då den runda 270 grader, vart det meir for ATV-veg å rekne. Vidare nokre hundre meter.Buksa meg så 50 meter gjennom tett skog, og fann "stien", som var ein halvanna meter breid veg. Så bar det på denne bratt oppover til ein haug. Sti vidare herifrå. No såg eg også to blå merke. Gikk så 90 grader til høgre, opp på ryggen, og ut til toppunktet. Denne turen vart nesten utan "bushing". Utsikt heilt til havet herifrå. Trea skygger likevel for det meste av 360-utsikt frå toppen av åsane på desse trakter. God trim, og Porsgrunn-topp nr. 5 i boks.
Siljannibben
- Datum:
- 28.05.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,5km
Turen inneheld gode ruteval og dårlige, eller rettare, litt surr på returen. Då eg kryssa elva, og såg opp, der det var omtala oppgang, så tenkte eg, at her er det både veldig bratt og mykje vegetasjon. Så eg gikk for plan min etter å ha studert kart-kvotar. Lenger inn på grusveg, og så inn i terreng ved ein litt open plass. Veldig tettpakka terreng. Så tolmodigheit og prøve å finne opne glenner. Plutseleg var eg på ATV-veg, og følgde den. Der den slutta, tok eg litt til høgre, så rett opp. Kom til ein skrent, leita litt, og så noko til venstre. Og så stod eg under bratte berg. Fann ei lita skår som eg klora meg opp i. Vidare kjapt bort på toppen. Litt tid til utsyn, og så retur. Valde litt runding under berget, for så å sikte meg nedatt til ATV-vegen. Då den svinga >>>
Klantenovi
- Datum:
- 17.05.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,0km
Måtte ha ei raud nål sidan det var 17. mai i dag. Medan Marita tok ein Bakketrim på Galdane, gjorde eg runden Rimskiold-Sverrestien-Klanenovi-Klanten-Vindhellavegen-Rimskiold. Fin runde, der eg kan plukke med ein topp med pmf. over 100 meter. Fin dag, litt kaldt i lufta, men ideelt for litt trim.
Storehaugen
- Datum:
- 19.03.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 6,2km
Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)
Klantenovi
- Datum:
- 11.03.2023
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,2km
Enkel lokal tur, sidan ryggen framleis er litt vrang. Fottur i snø og med stavar til i dag. Ein del av ruta hadde fine trugespor.
Hallenuten
- Datum:
- 29.10.2022
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 1,8km
Topp nr. to i dag, var av det lette slaget. Bompeng kr 50 på kort tilførselveg rundt toppen. Merka sti, og lett opp. Svært god utsikt ned til gardane nedanfor i retning mot Tuv.
Røgjin
- Datum:
- 29.10.2022
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 3,9km
I dag blei det topp-turar i Hemsedal. Tre toppar frå tre turar denne gongen. Køyrde Holdeskardvegen frå skianlegget i Hemsedal. Turen til Røgjin var på tydeleg sti merka etter DNT-standard. Fint å gå i jamn stigning. Noko vind i dag, og på toppen måtte eg setje sjøbein, for å ikkje blåse "i venda". Det var meldt opp til 24 i kasta, så eg var førebudd. Men det meste av ruta var i ly for vinden, sett bort frå siste par hundre meter mot toppen. Fin utsikt til Hemsedal sentrum og skianlegga. Flott skue mot snøkledde Reinskarvet. Fekk oversikt over andre 100 pmf. toppar rundt om. Det blir nok fleire turar til området her.
Mastrehaugfjellet og Brennfjellet.
- Datum:
- 22.10.2022
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 8,3km
Lågfjellstur i nabokommunen i dag. Personleg definisjon frå ein indresogning :) Har fleire gonger tenkt på denne turen til fjord-utsikt med utgangspunkt frå Seimsåsen. Her var det fleire merka fottur-ruter frå åsen. Gikk i retning Biskaholten. Følgde sti litt forbi, og sikta meg inn på fjellet med raud nål og 100 pmf. Greitt terreng hit. Så var det framleis utanom sti til eg kom innatt på merka sti mot grillhytta og utsikta ved Brennfjellet. Nydeleg utsikt herifrå, særleg mot Vikadalen og ut fjorden. Gikk ikkje heilt ut til Paradisjuvet i dag. På returen var eg oppom grøn nål, Brennfjellet, og så sti på returen. Ein liten snarveg på slutten. Fin tur i lett terreng.
Kamben
- Datum:
- 02.10.2022
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 1,9km
På Moakamben er det dagsturhytte. Sidan vi har plukka med oss slike på turar rundt om i fylket, måtte vi sjølvsagt også besøke nabokommunen Årdal. Ja dette vart nr. 25, og kun Eikjabu i Luster, står att. Moakamben er også ein 100 pmf. topp. Så då vart det ei raud nål på Årdal-lista også. Må besøkte fleire toppar i Årdal dei kommande åra.
