Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Søre- og Nordre Brurskardknappen

Dato:
29.06.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
8,3km

Dagens tur to på Valdresflye. Denne frå Heimdalsmunnen. Må reklamere for desse to toppane, grunna den formidable utsikta til alle 2000-meter toppane i dette område. Her kjem eg tilbake med spegelreflekskameraet ei gong. Berre mobilbilder i dag. Opplevinga av å stoppe å ta inn utsikta, går langt forbi det å ta bilder i alle fall. Tilrår tur hit på godversdag med ismett av skyer.

Kart    

Fisketjernnuten

Dato:
29.06.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,2km

Fin tur på Valdresflye. Restitusjonsdag. Plan var Nordre Kalvehølotind og Vestre Kalvehøgda i dag. Men Tverrbottindar frå torsdag sat så hardt i kroppen, at vi prioriterte små rolege turar som alternativ. Ein nyt mykje også på slike dagar. Nydeleg utsikt og ro i sjela.

Kart    

Bårdshøgdi og stølar i Erdal

Dato:
23.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
18,4km

Ærendet var å flytte ei postkasse for Lærdal turlag frå Håvardsete til Breisete. Nytta høvet til ein topptur, noko som vart ein god omveg. Men også ei fin oppleving og god trim. Gikk stien til Håvardsete. Den er ikkje merkt anna en nokon band på enkelte tre. Tydeleg og grei sti å følgje. Vidare frå Håvardsete er det innteikna sti opp og innover fjellet til Skorvebotn. Nokon stader vaskeleg å sjå stien, særleg i grov ur. Men ein veit jo retninga ein skal gå. Fint inne i Skorvebotn. Så var det bratt opp i venstre sida. Over 1500 meter var det skodde og 30 meter sikt. Greidde å navigere til toppunktet på Bårdshøgdi ved hjelp av GPS og app. Utan slike hjelpemidlar hadde det vorte umogeleg i dag. Vèret vart finare ut over dagen. Aldeles nydeleg ned til Breisethaugen på returen. >>>

Kart    

Bjøbergdalen med toppar til

Dato:
15.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
27,5km

Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare >>>

Kart    

....Storehaugen

Dato:
11.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,4km

Del to av turen der appen stoppa på fyrste del. Del ein gikk frå Habben til Hognåsen, og del to (denne) frå Hognåsen via toppen Storehaugne, og til Lærdal (ved Bergo). Ein topptur i to filer.

Kart    

Habben - Hognåsen .....

Dato:
11.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,0km
Kart    

Grøtshornet

Dato:
08.06.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,6km

Helg med familietreff på Sunnmøre, og mulegheit for topptur. Køyrde frå Sula mot Vatne i Haram kommune. Ravn idrettslag hadde merkt fin rute opp fjellryggen frå nordsida av fjellet, like før Strand. Fin utsikt mykje heile ruta oppover. Etter kvart vidare utsikt til toppar i mange retningar. Flott varde med turbok på toppen. Fin tur :)

Kart    

Tingstovnosi

Dato:
26.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,3km

Søndag og mål om Lærdalstopp. Litt spent på snøforhold så tidleg i sommarsesongen. Men ruta mi låg sørvendt, og det har vore lite snø i fjella i år. Ruta eg velde meg går på sti frå demninga til Nivla kraftverk. Staden er nemnd Kollsæte. Ruta er ikkje merkt, og eg gikk den sist for 37 år sidan. Eg hadde sett på stipla sti som ligg på Norgeskart. Den var heilt feil og eg baska meg opp med klyving i ur og ulenda fyrste 20 min, før eg gikk meg på stien. Så når du forlet vegen skal du ta til høgre etter 5 meter, og gå mot nokre store steinar i retning oppover dalen. Då finn du sti frå start. Det er ein bratt men grei sti mot jakthytta Sjåheim. Utfordringa på turen er å passere elvane, særleg Ia. Her var det laga til ei klopp av trestokkar og mose oppå. Det var ganske >>>

Klantenovi frå Sjurhaugen

Dato:
19.05.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
9,6km

Tur frå parkeringa ved Sjurhaugfossen. Følgde Øygardsvegen til Husum, og fram til Rimskiold. Vidare på den vakre Vindhellavegen med dei flotte murane. Over Klanten, via toppen Klantenovi, og til postkassa ved Sverrestien. Sverrestien i retur til Rimskiold, og retur same veg. Husum, Øygardsvegen, og til Sjurhaugfossen. I dag var det vakkert med blomstereng, lukt av syren, vår/sommar, og 23 varmegrader. Fin tur med innsniking av ein enkel topp under vegs.

Kart    

Vetanosi

Dato:
28.04.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
12,9km

Denne turen kombinerer utsikt, skikkeleg bratt ein stubbe, og formidabel utsikt undervegs. Start ved Fodnes ferjekai, og slutt ved Hedler bru eller Stødno i Lærdal. Frå Fodnes er det fin sti i furuskog. Trimpost ved St. Olavskjelda ca. 380 moh. Nydeleg utsikt frå Stegen ca. 550 moh. Så ber det vidare opp, og frå der stien dreiar mot Fagerset, held ein fram bratt og rett opp på hjortetrakk, til det flatar ut. Så finn ein sti vidare opp, til det flatar ut ved ca. 1100 moh. Under vegs i dette bratte terrenget, får ein ei nydeleg utsikt når ein kjem over tregrensa. Sognefjorden, Lusterfjorden, og nydelege fjell i alle retningar. Det går sti i jamnt terreng bort mot varden. Men eg dreia litt mot nord, og følgde terrenget mellom haugar, og i retning toppen av fjellet. Vetanosi "sin >>>

Kart