Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (360)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Vindhellavegen og Klantenovi
- Datum:
- 08.11.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 7,3km
Vindhellavegen med kollegaer etter jobb fredag. Tok ein runde på Annastien, om Klantenovi :)
Løvstakken
- Datum:
- 21.10.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,4km
Dagstur til Bergen. Ei lita tidslomme, gav meg ein kjapp topptur. Bratt innimellom også i Bergen.
Eggenibba over og rundt
- Datum:
- 05.10.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,5km
Fantastisk opplevelse å gå på Eggenibba som hausttur. Ja det var no både sommar, haust og vinterfølelse av denne turen. Vi var litt spente på korleis dette skulle gå sidan vi viste at det var kommen snø på toppen. Tur fullført, so kan vi berre legge til at snø vart ei del av krydderet i denne totalopplevelsen.
I bratta etter 15 min, vart vi litt i tvil då det var ein del is i stien og på svaparti, og opptak. Men det gikk greitt. Oppå ryggen møtte vi på meir snø enn rekna med. Rett og slett djupsnø innimellom. Eit par med eit lite barn i meis gikk rett før oss. Vi var difor privilegerte med trakka spor. Dette kom godt med etter passering toppen, og vidare på rundturen. Men fyrst, vel oppå ryggen var det ikkje lenge før utfordringane kom tett. Is, djupsnø, og heftige opptak, >>>
Øvre Kaldekletten
- Datum:
- 22.09.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,7km
Fin ettermiddstur frå Flotevatnet over Skaolane på Aurlandsfjellet :) Gikk opp frå parkeringsplassen med det spesielt utforma toalettet. Fyrst langs anleggsveg, og så høgdene oppover i terrenget i nordleg retning. Lett og kjapp tur. Veldig flott varde, og nydeleg utsikt frå denne toppen. Var der sist for 25 år sidan. Då med godt vaksne foreldre og born på 5 or 7 år.
Vidhovd
- Datum:
- 15.09.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,4km
Enkel søndagstur. I dag var det meir vindfullt, men enno solgløtt innimellom, og greitt turver. Kanskje ikkje til dei høgste toppane. Vi flytta bubilen nokre km innover. Etter kvart Eikrestølvegen, og parkerte ved eit kryss. Gikk så på god grusveg innover forbi Urdin og til Blomeslettane. Så kjerreveg eit stykkje, før vi dreia på sti til toppen Vidhovd. Her blæs det godt. Fin utsikt her. Nydeleg sæterlandskap og store vatn. Retur same veg. Ser av tavler at det er eit omfattande rutenett til fotturar og sykling. Ei fin-fin helg, og vi kjem gjerne att til dette område.
Molden
- Datum:
- 03.08.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 8,3km
Roleg og fin tur frå Krossen til Molden med mine to søner :). Ein framifrå utsiktstopp med p.m.-faktor på 810 m.
Stølsnøse
- Datum:
- 04.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,3km
Tur to i dag frå same utgangspunkt, men no frå hi sida av vegen. Plan var å gå rundt vatnet, og ryggen til topps. Kom inn på fin sti med det same. Følgde då heller den under svarte berget. Var spent på om eg kom opp nokon stad. Det ordna seg ved enden, med ein fint lite oppklyv. Så runda siste knaus, over på stien den vanlege ruta og til topps. Fin utsikt. Det var og eit skar i det svarte fjellet med oppgang litt tidlegare enn der eg gikk. Ser på spor at andre har teke seg opp der. Det er nok brattare, og ikkje så greitt.
Raudbergkampen
- Datum:
- 04.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,7km
To kjappe turar ved Tyin. Parkerte rett under Tyin, der hammaren er sprengt ut. Gikk ganske rett på og opp ryggen. Ned att litt meir mot nord. Fin utsiktstopp.
Nordre Brurskardknappen - tur 2 i dag
- Datum:
- 29.06.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,5km
Kva kan vere årsaka til besøk nr. 2 denne dagen ? Årsaka går fram av bildet :) Jada, eg gløymde att sekken på toppen. Flytte den bak varden ved fotografering, og dermed var tankane andre stader. Denne turen for å hente sekken vart ei rein treningsøkt med bra tempo.
Søre- og Nordre Brurskardknappen
- Datum:
- 29.06.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 8,3km
Dagens tur to på Valdresflye. Denne frå Heimdalsmunnen. Må reklamere for desse to toppane, grunna den formidable utsikta til alle 2000-meter toppane i dette område. Her kjem eg tilbake med spegelreflekskameraet ei gong. Berre mobilbilder i dag. Opplevinga av å stoppe å ta inn utsikta, går langt forbi det å ta bilder i alle fall. Tilrår tur hit på godversdag med ismett av skyer.
