Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Rundemannen

Datum:
26.03.2024
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
12,2km

Morgon-tur opp mot Fløyen, og innover fjellet. Blå himmel då eg gikk ut døra frå hotellet, men skyer på veg inn. Fin tur oppover, men litt forbi Fløyen kom det snø-vèr. Det var no berre artig, då det gav seg fort. Så greie forhold å gå heilt til masta, og ikkje glatt på vegen. Hadde byrja på tur vidare til neste "fjell", men ombestemte meg, då eg måtte sjekke ut innan kl. 12.

Karte    

Fløyen

Datum:
25.03.2024
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
5,9km

Fin rund-tur opp til Fløyen i Bergen med Sander. Han sakna geitene, som ikkje var på plass i dag. Fint klårt ver, og nydeleg utsikt. Mange folk på tur i dag.

Karte    

Vetanosi - ikkje

Datum:
16.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,7km

Denne turen gikk ikkje som planlagt. Positiv med rando-skia på sekken opp frå Fodnes. Det gikk for så vidt greitt. Tyngre med ski og sko på sekk, det merkast. Like før Stegen kom eg på, at eg hadde gløymt att stavane i garasjen. Då vart opprinneleg plan skrinlagt. Plan var å gå på føtene nesten til Fagerset, og på ski til Vetanosi. Ski utan stavar fungerar ikkje. Då vart det plan B, på føtene Vetanosi rett opp. Det gikk heller ikkje. Møtte ein hyggjeleg kar, ved Stegen. Han fyrte bål og kosa seg saman med to elghundar. Heldt fram utan sekk. Litt etter stikrysset mot Vetanosi vart det vanskelegare. Sopass med snø-djupn at det gikk svært seint oppover. Trødde til over knes innimellom. Det er nok vinden som har flytta litt på snøen. Over tregrensa vart det litt betre, men >>>

Karte    

Klantenovi 12

Datum:
23.12.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,1km

Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.

Karte    

Klantenovi

Datum:
26.11.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
4,0km
Karte    

Store og Vetle Haugmelen

Datum:
18.11.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
16,9km

Sidan fyrste tur til Store Haugmelen i 2005, har denne lege å vaka hjå meg. Plan var då å ta med Vetle, og plan var definitivt i haust. Men tida går, og mange prosjekt surrar samstundes. Sidan 3 Peakbook-musketeer frå feil side av vass-skilet hadde slått meg i mi ieiga leikegrind, måtte denne turen takast ved fyrste høve (humor). Men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. Gutta frå aust hadde trakka fine spor. Sein avreise i dag, men eg beina på frå parkeringa ved Dalåker kl. 11:55. God brei grusveg dei fyrst 3,7 km, til overgang traktorveg, og sti til sist mot Vassløysa. 1:10 dit. Eg følgde stien som går rett inntil veggen bak øvste hytta aust. Etter kvart var trakka til hjelp oppover, på den måten at eg ikkje trong å leite etter stien. Etter knapt to timar stod >>>

Karte    

Amlaholten

Datum:
12.11.2023
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
4,9km

Når ein fyrst er i siget. Tok av mot Festingdalen i staden for å køyre gjennom tunnelen, og rett ned på ferjekaien. Parkerte ved stistart. Her er plass til 6-8 bilar. Har gått denne runden tre gonger tidlegare. Ved sidan av meg laga ein jæger seg til. Eg sa kor eg tenkte å gå, og spurde om det vart problematisk. Vi lyt dele på området, var hans gode svar. Vekselsvis gikk eg raskt, og småsprang på traktorveg innover. Den blir noko smalare ATV-veg etter kvart. Siste stykke opp mot toppen er «små-klyvete». Oppe på toppen er nydeleg utsikt mot Bleia, og ut fjorden mot flotte fjell over Aurlandsfjorden. Litt for store bartre tek noko av denne utsikta. Heldt fram på brei sti, og etter kvart traktorveg nedatt. Fin rund-tur.

Karte    

Nuken

Datum:
12.11.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,6km

Fyrste tur til Nuken for min del. Vinterføre på god sti innover. Slik også opp den svært bratte vegen merka fyrst Eggum, så Nuken/Åsen. Her var det smal veg, bratt og lite møteplasser. Ingen bekymring opp med 4 hjulsdrift, men litt spent nedatt med tung bil. Det viste seg å vere ugrunna. Ca. 10-12 bilar stod fint oppstilt på skrå, på parkeringa. Stien var litt bratt fyrste få hundre meter. Så flata det ut, og inn i barskog eit kort stykke. Snart oppå fjellet og vidare i lett terreng, med sporadisk småbjørk. Møtte ein del folk, sidan eg var seint ute. Fint innover. Nokre stølshus å sjå, og eit fint like under toppen, som er noko markert. God utsikt 360 grader oppå toppunktet. Skilta vidare, så her oppe kan ein gå diverse ruter, særleg sommarstid. Retur same veg.

Karte    

Toppar i Førde

Datum:
07.11.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,5km

Tok ut ein rettmessig fridag frå jobb, for å vere sjåfør for Marita som hadde ærend i Førde. Ein liten baktanke var det. Topptur på tysdag er ikkje å forakte. Sesongen no passar for toppar under 1000 moh., og normalt utan for mykje plunder. Grei sti opp til Hjellestølen. Skilt viste retninga vidare. Ikkje merkt anna enn nokre steinar oppover. Men tydeleg sti og greitt å finne fram. Flat topp, men god utsikt. Retur same veg nedatt til stølen. Her skilta til Førdsnipa, og tydelegare sti her. Måtte vere merksam på ising fleire stader oppover. Ei hylle hadde eit punkt, rundt eit berg som var tildeles smalt og litt luftig. Gikk fint med forsiktigheit. Også helt øvst var det små snirklande hyller å gå på. Ikkje vanskeleg. På toppen ein stor varde, og skilta rute vidare for nedgang >>>

Karte    

Høgeheia

Datum:
05.11.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,6km

Siste tur, nr. 6 i talet, og 9. raude topp på to dagar i Sunnfjord. I dag ville Marita også vere med på tur. Kjekt. Køyrde heilt til vegs ende ved Holevika. Her var snuplass, men ingen stad å setje bilen. Langt mindre ein bubil. Etter litt fundering, fann vi ein grasbakke 50 meter frå snuplassen, der vi greidde å lirke bilen nett utanom asfaltkanten på den smale vegen. Hytte-eigaren hadde nok vorte småsur, om han kom på besøk til hytta si. Men merka rute var det, med skilt ved start og pinnar med raudfarge undervegs. Godt opparbeida og fin sti heile vegen. Fyrst på grusveg til sti-start, så bratt opp heilt inntil den loddrette fjellveggen. Etter skaret i gjennom tett skog, og så snodde stien seg opp på fjellryggen. Stigning til vel 300 høgdemeter, så småkuppert mot den store >>>

Karte