Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (354)
- Alpine trip (19)
- Hike (55)
- Hillwalk (218)
- Jogging (39)
Favourite peaks
Hornelen
- Date:
- 26.08.2018
- Distance:
- 14.5km
Fellestur med Lærdal turlag. Den årlege medlemsturen var i år lagt til vest, med base i Kalvåg, og to toppturar. Siste dag var det Hornelen som skulle erobrast. Vi gikk den nordlege ruta frå Hundskår.
Vi var 12 i turfylgjet som fekk ein fin dagstur, i for det meste skya ver, med solgløtt og ei lita regnbyge. Det overraska underteikna noko at ruta hadde såpass bratte parti, at ein måtte vise vasemd, og ta hendene til hjelp. I bratta opp, dei fyrst 400 høgdemetrane, var det stort sett rennande bekk i stien. Så noko glatt, surklete og blautt etter fleire dagar med regnver. Over fjelletpartiet var ingridiensane som venta stein, heile vegen.
Oppå fjellet hadde skjerpaer snudd på plass store steinblokker, slik at det nærast var parkett eit par km på det flataste partiet. Vi var tre som >>>
Sundstua
- Date:
- 25.08.2018
- Distance:
- 6.3km
Tur til toppen på Rugsundøya med fantastisk utsikt til Hornelen. Denne turen var lagt inn som ein aperetiff på Lærdal turlag sin årlege medlemstur. I år var vi for fyrste gong til kysten. Målet var Hornelen (nådde den dagen etterpå), sosialt samvær med overnatting og god mat i Kalvåg.
Det vart ein fin dag med enno eit topp og nydeleg utsikt. Nokre små regnbyger under vegs, og ei skikkeleg byge på toppen. Dette sette ingen dempar på opplevinga. Ein god topptur-smakebete før morgondagen, og skjerpa apetitten til det nydelege koldtbordet "Havets festmåltid" som vi kosa oss med seinare på kvelden på Knutholmen.
Høgronden travers
- Date:
- 03.08.2018
- Characteristic:
- Alpine trip
- Distance:
- 24.4km
Rondane travers i dag. For ei oppleving å vandre til, og over så mektige fjell. Vi brukte 12 timar, og var godt slitne då vi nådde Dørålseter litt over kl. 19. Dagen før hadde vi parkert bubilen ved turisthytta Nedre Dørålseter. Vi fekk orkesterplass til det vakre panoramaet. Vi tilbaud betaling for parkering og lading. Svaret var at vi kunne stå der gratis, og lading av mobilar og klokker, ville dei heller ikkje ha betalt for. For ein sørvis. Vi kvitterte med å handle litt hjå dei.
Turen innover dalen gav opplevingar heile vegen. Frå dødisgropene, dei enorme sandhaugane, morenen, og fjella. Seinstablar i ulik form og fasong. Under vegs kom vi i prat med eit ung tysk par, som hadde tenkt seg på Høgronden. Dei var litt usikre i starten, om dei var på rett veg. Ca. 20 min. frå >>>
Snøhetta med fleire.
- Date:
- 01.08.2018
- Distance:
- 21.8km
Fin tur i Snøhetta-massivet i dag. 3 toppar kryssa av :) Kroppen kjenner det som den skal, men dett gjer berre godt. Vi hadde planlagt Snøhetta stortoppen og Midttoppen. Vi nådde den fyrste etter ca. 2 1/2 time, og gikk raskt over til Midttoppen. Fantastisk utsikt over stup, brear og frodig landskap. Tilbake til stortoppen vart det litt fotografering, før vi vende ned att.
Vi rekna litt på tida, og kom til at vi skulle ta sjansen på Snøhetta Vesttoppen også. Det kunne halde hardt med tanke på siste buss kl 19:45. Men, det er da husrom på Snøheim.
Det vart ein realtivt tung tur opp mot Vesttoppen sidan vi ikkje hadde berekna mat til denne avstikkaren. Marita sleit, men kjempa seg målbevist opp. Og for ei belønning. Utsikta til toppane bakafor var formidabel. Lyset på vatna, Larstinden >>>
Langeskavltinden
- Date:
- 29.07.2018
- Characteristic:
- Alpine trip
- Distance:
- 21.5km
Nydeleg fjelltur saman med eldste sonen i dag. Vi byrja å gå nokre hundre meter forbi Tyinholmen. Følgde ruta mot Skogadalssbøen. Då vi tok av litt før stidelet Fondsbu/Tyinholmen, skar vi litt til høgre, og fann ei fin rute mot Rusteggi. Opp mot egga var det både på lag sti og noko varda.
Eg var spent på denne toppen, då fleire har omtala turen som litt kjedelig. Dette grunna mykje steinørken, og lang anmarsj der mykje av ruta ligg over 1700 moh. Rett nok var det mykje stein, og litt kronglete terreng oppå Langeskavlen. Men for meg var alle inntrykka undervegs svært vakre. Slik at denne turen får terningkast 5 av meg. Særleg var toppane omkring svært fine på turen mot toppen. Hurrungane vart råma inn av andre vakre toppar. Så får ein jo breane så tett på seg på denne >>>
Gaustadtoppen
- Date:
- 27.07.2018
- Distance:
- 10.7km
Turistfelletur i dag:) Vi gikk ut på egga og til toppunktet. Eg vil tru at 90 % vel platået ved masta som sin topp. Den er 89 meter lægre. I dag var det heilt klårt og varmt sommarver. Nede att på Rjukan var det 31 varmegrader. Så rett dag for topptur :)
Nesatindane
- Date:
- 26.07.2018
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 10.2km
Slettmarkkampen
- Date:
- 22.07.2018
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 24.6km
Fin tur i varmt sommarvèr til Slettmarkkampen med Marita i dag. Ruta frå Eidsbugarden langs Bygdin er utruleg vakker, med nydeleg blomsterprakt. På tur ein har planlagt langt og høgt, så kan det opplevast som litt kjedeleg transport-etappe. Særleg på returen. Fint var det i alle fall.
Vi følgde ruta mot Gjendebu, og tok så av ruta inn Uksedalen, som er merka mot Torfinnsbu. Så var det å passere elva, og sikte seg inn på skaret der elvane kjem ned i retning nordaust. Opp her er det temmeleg brattlendt, særleg frå 1600 m.o.h. Vi valde ei rute til venstre for dei to elvane opp. Det var trakk, og lett å finne ruta. I regnvèr, ville eg vore noko skeptisk eit par plassar. Nedatt valde vi ei rute der vi kryssa elva. Dette av meir nysgjerrigheit. Vi kom fint ned her og. Frå 1700 meter >>>
Bermålsnosi
- Date:
- 07.07.2018
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 19.9km
Tur frå Fodnes, via Aspevikstølen. Vidare til Storeskar, så Vierskardshøgdene, og fjellet utover til Bermålsnosi. Dette fjellet ligg fint i synet når ein tek ferja frå Mannheller til Fodnes.
I dag var vi ei lita intim gruppe i Lærdal turlag, som var heldige å ta denne vakre turen. Utsikta når ein går fjellryggen frå Storeskar og utover mot Bermålsnosi er formidabel. Bleia/Lemeggi, fjordlandskapet, med Sognefjorden utover, med Lusterfjorden innover, og alle fjella rundt. Dramatiske Hurrungane, snille Offerdalen, sikt til Årdalstangen og Årdalsvatnet. Nydeleg innover mot Raudbergnuten, Berdalseken, og Suletinden. Veldig flott utsikt mot Høganos, og Store Hånosi i Lærdal. Dette er fin-fin tur på ein godversdag :)
