Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (344)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Stølsnøse
- Dato:
- 04.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,3km
Tur to i dag frå same utgangspunkt, men no frå hi sida av vegen. Plan var å gå rundt vatnet, og ryggen til topps. Kom inn på fin sti med det same. Følgde då heller den under svarte berget. Var spent på om eg kom opp nokon stad. Det ordna seg ved enden, med ein fint lite oppklyv. Så runda siste knaus, over på stien den vanlege ruta og til topps. Fin utsikt. Det var og eit skar i det svarte fjellet med oppgang litt tidlegare enn der eg gikk. Ser på spor at andre har teke seg opp der. Det er nok brattare, og ikkje så greitt.
Raudbergkampen
- Dato:
- 04.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 3,7km
To kjappe turar ved Tyin. Parkerte rett under Tyin, der hammaren er sprengt ut. Gikk ganske rett på og opp ryggen. Ned att litt meir mot nord. Fin utsiktstopp.
Nordre Brurskardknappen - tur 2 i dag
- Dato:
- 29.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 5,5km
Kva kan vere årsaka til besøk nr. 2 denne dagen ? Årsaka går fram av bildet :) Jada, eg gløymde att sekken på toppen. Flytte den bak varden ved fotografering, og dermed var tankane andre stader. Denne turen for å hente sekken vart ei rein treningsøkt med bra tempo.
Søre- og Nordre Brurskardknappen
- Dato:
- 29.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 8,3km
Dagens tur to på Valdresflye. Denne frå Heimdalsmunnen. Må reklamere for desse to toppane, grunna den formidable utsikta til alle 2000-meter toppane i dette område. Her kjem eg tilbake med spegelreflekskameraet ei gong. Berre mobilbilder i dag. Opplevinga av å stoppe å ta inn utsikta, går langt forbi det å ta bilder i alle fall. Tilrår tur hit på godversdag med ismett av skyer.
Fisketjernnuten
- Dato:
- 29.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,2km
Fin tur på Valdresflye. Restitusjonsdag. Plan var Nordre Kalvehølotind og Vestre Kalvehøgda i dag. Men Tverrbottindar frå torsdag sat så hardt i kroppen, at vi prioriterte små rolege turar som alternativ. Ein nyt mykje også på slike dagar. Nydeleg utsikt og ro i sjela.
Store Tverrbottinden og tre til.
- Dato:
- 27.06.2019
- Distanse:
- 12,8km
Påbyrja ferie og tid for topptur. Køyrde fjellveggen Årdal - Turtagrø, og over Sognefjellet. Inn Leirdalen. Her hadde grøver og elva rota det skikkeleg til etter sist vinter. Vegen var plastra fleire stader. Ikkje lett å halde god veg i slike omgjevnader, med veg bygd på leire, og store naturkrefter som herjar. Vi fann ei lita p-lomme få km frå Leirvassbu, og sikta oss inn mot Leirløyfte. Vi kom litt høgt, og måtte litt ned att, før vi skrådde bort til venstre for grova ved Leirløyfte. Litt planlegging for å finne godt oppsteg i dei bratte grasbakkane før brattura. Vidare greitt i til dels laus og bratt ur. Skar litt til venstre, og nådde kanten mot brea 50 meter over skaret. Raskt oppe på Vest for toppen. Flott utsikt, og stilig å sjå ut til hovudtoppen. Vi prøvde opp >>>
Bårdshøgdi og stølar i Erdal
- Dato:
- 23.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 18,4km
Ærendet var å flytte ei postkasse for Lærdal turlag frå Håvardsete til Breisete. Nytta høvet til ein topptur, noko som vart ein god omveg. Men også ei fin oppleving og god trim. Gikk stien til Håvardsete. Den er ikkje merkt anna en nokon band på enkelte tre. Tydeleg og grei sti å følgje. Vidare frå Håvardsete er det innteikna sti opp og innover fjellet til Skorvebotn. Nokon stader vaskeleg å sjå stien, særleg i grov ur. Men ein veit jo retninga ein skal gå. Fint inne i Skorvebotn. Så var det bratt opp i venstre sida. Over 1500 meter var det skodde og 30 meter sikt. Greidde å navigere til toppunktet på Bårdshøgdi ved hjelp av GPS og app. Utan slike hjelpemidlar hadde det vorte umogeleg i dag. Vèret vart finare ut over dagen. Aldeles nydeleg ned til Breisethaugen på returen. >>>
Bjøbergdalen med toppar til
- Dato:
- 15.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 27,5km
Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare >>>
....Storehaugen
- Dato:
- 11.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,4km
Del to av turen der appen stoppa på fyrste del. Del ein gikk frå Habben til Hognåsen, og del to (denne) frå Hognåsen via toppen Storehaugne, og til Lærdal (ved Bergo). Ein topptur i to filer.