Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (337)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Store Grånosi i lite sikt.
- Dato:
- 01.05.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 9,2km
Ved denne turen var nok mosjon det viktigaste. Og kjekt å vere på tur med eldste son. Lett snøver i dag, og tåkefullt innimellom. Sidan det var nokre større steinar i terrenget, gikk det greitt å orientere oppover. Når vi kom til foten av fjellet, var sikta litt betre. Køyringa nedatt vart vanskeleg frå toppområde, sidan sikta då var svak. Det vart og vanskeleg å orientere seg i overgang til rett dalføre nedatt. Måtte difor sjå på app, og justere. Etter kvart vart det betre køyreforhold, der vi nytta oppover-sporet vårt som referansespor. Siste køyringa mot skogen var fin. God trim, og litt spennande å køyre under slike forhold.
Bleia, Bjørnen og Store Grånosi
- Dato:
- 26.04.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 25,8km
Fantastisk skitur i heimfjella. Med utgangspunkt i Modlaugsbotn, opp Erdalsvegen frå Lærdal, er det eit veldig flott skiterreng. Området ligg i Aurland og Lærdal kommunar. Ein kan gå inn den lite bratte dalen, setje set i ein solhelling og berre nyte. Eller ein kan gå til ein av dei mange toppane i området. Blåskavlen og Bleia er dei høgste, og kanskje flottaste fjella i området.
Men Stora Grånosi, Bjørnen og Grånosi er også verdt eit besøk. Ta gjerne med Jernhetta også, og utsikta under den, der ein ser like til Flåm, er veldig flott. Og er det godver, gå gjerne heilt ut på Kalvsnesnosi, og sjå rett ned i Aurlandsfjorden, og inn Nærøyfjorden. Tilrår den turen.
No er det brøyta til øvst i hyttefeltet i Sluppen. Ein lyt då gå ca. 1,2 km før ein er ved brui, der parkeringsplassen >>>
Øst for Bjordalsnosi
- Dato:
- 18.04.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 20,6km
Fantastisk skitur i høgfjellet i Borgundsfjell i Lærdal kommune. Toppa med besøk til ein Lærdalstopp. Parkerte ved Breistølen fjellstove. Gikk inn det vakre Stardalsgjelet. Varm god sol, skyfritt og nesten vindstille dag. Mykje snø og svære skavlar i gjelet i år. Vel oppe av gjelet 1:20, bar det vidare etter kvista DNT-løypa til Bjørdalsbu.
Ved Store stein ved Starsjøen undra eg litt på kva som var Øst for Bjordalsnosi, og kva som var Bidlesteinsnosi. Appen greidde ikkje å få opp verken kart eller nåla på toppen vi skulle til. Fortsette difor lenger inn langs kvistaløypa. Snart var vi godt oppi Rankebotn. Då hadde vi faktisk snart runda toppen på austsida. Bestemte då å bestige frå søraust heller enn nordvest som planlagt. Hadde også sett ut ei slik rute på førehand. >>>
Klantenovi
- Dato:
- 12.04.2020
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,0km
Påsketrim Rimskiold - Sverrestien -Klantenovi - Vindhellavegen. Fin enkel tur med Sander og Joakim.
Øvre Salen nordaust
- Dato:
- 10.04.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 7,1km
Randone forsiktig påsketur i eigen kommune saman med Joakim.
Øvre Salen randone
- Dato:
- 21.03.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 8,9km
Ein enkel finvèrstur på ski blir fort ekstatisk med den situasjon eg er i no. Fyrste tur etter at eg eg fekk kraftig akutt Isjas 6. jan.-20. Så etter 11 dagar sjukehus, store dosar medisin, er kroppen framleis smertefull, men i god bedring. I fjor hadde dette vore ein svipptur, men i no-situasjonen er det ein milepæl.
Ut frå situasjonen vart det ikkje å plukka små grøne toppar i dag. Dei fleste som går på Salen går til Øvre Salen Nordøst, og er nøgd med det. Tilrår å besøke høgaste toppen Store Salen, 11 meter høgare, og som har ei mektig utsikt mot heimefjella. Nedre Salen får eg ta når forma har stege nokon hakk.
Børrenøse
- Dato:
- 23.12.2019
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 3,6km
Fyrste Randoneetur denne sesongen. Rett opp frå skianlegget. Kjapp og grei tur, men dårleg sikt.
Vetanosi og Aspevikstølen
- Dato:
- 10.11.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,0km
Ein nydeleg kald og klar novemberdag. Enno lite snø i høgda. Plan om topptur frå stien frå Fodnes til Aspevikstølen. Fyrste stopp for å nyte utsikta var frå utsiktspunktet "Stegen" ca. 550 moh. Flott utsikt til Bleia herifrå. Så vidare på stien til den flatar ut og dreiar i retning Aspevikstølen. Nett her går det trakk vidare rett opp. Mogeleg hjortetrakk, men som no er markert ved at fleire tek turen rett opp til Vetanosi. Einkvan har knytt eit plastikkband i treet rett etter denne avstikkaren rett opp. Og her får ein prøvd kondisen dei kommande vel 100 høgdemeterane. Kvotane står tett, men det er på lag sti heile vegen. Hærleg når det flatar ut ved tregrensa, og sola varmar litt. Etter eit litt flatare parti kjem ein bratt skrent. Greitt å bruke hendene litt >>>
Vindhellavegen og Klantenovi
- Dato:
- 08.11.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 7,3km
Vindhellavegen med kollegaer etter jobb fredag. Tok ein runde på Annastien, om Klantenovi :)
Løvstakken
- Dato:
- 21.10.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 5,4km
Dagstur til Bergen. Ei lita tidslomme, gav meg ein kjapp topptur. Bratt innimellom også i Bergen.