Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (337)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Surtningssue
- Dato:
- 10.09.2022
- Turtype:
- Alpintur
- Distanse:
- 22,5km
Då vart det ver og tid til ein haust-tur blandt 2000 meter toppar i Jotunheimen. Sidan Sognefjellet var sengt måtte vi kjapt tenkje nytt om tur-mål. Surtningssue er av toppar som har stende lengst på den uoffesielle ikkje nedskrivne lista oppi hovudet mitt. Surtningssue vart det, men utan utsikt. Reiste frå Lærdal fredag etter jobb, og låg i bubilen på Valdresflya. Tok fyrste båt frå Gjendesheim til Memurubu. La i veg kl. 8:30. Sola varma alt i fyrste bakken. Vi fann kortaste ruta. Bratt alt i starten. Når ein er ved det flatare partiet, frå vel 1400, kjem det eit parti med lettkuppert terreng, til ein tek fat på Raudhamran. Det brattar skapleg til, og sida ser luftig ut, men det lagar seg, og er godt merka. Eg tok ruta over topp-punktet på Raudhamran, medan Marita tok omgåinga >>>
Slutenosi
- Dato:
- 07.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,2km
Onsdagstur med Lærdal turlag. Sidan mørkret kjem tidleg no, køyrde vi bil opp til brua, like ved inngang til Slutedalen. Fin og lett topptur for 7 turglade folk og ein hund. God sti inn dalen. Vi fann eit godt sauetrakk litt opp i fjellsida. Veldig fin utsikt 200 meter aust for toppen.
Nyborg -Såta - Storehaugen
- Dato:
- 03.09.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,3km
Parkerte bilen ved Grindheim i Erdal, 270 moh. Mykje vill-bringebær i terrenget opp frå Mork. Då kan ein ete litt. Baksida av den medaljen, er attgrodd sti. Bringebær-skog her. Opp frå Mork er det dårleg rydding i starten. Sikkert fordi Atv-vegen blir brukt i staden for. I dag missa eg stien her for fyrste gong, enno eg traff så fint opp frå stølen. Stien er fint lagt, og frå 700 moh. var det ryddig og fint opp til Nyborg. Fint her. Sti/trakk også vidare ca. ein km. Så var det å finne rute mellom vier, og så rundt skrenter opp mot toppen. Bratt innimellom. Eg gikk ut på sørleg del av toppen for å ta bilde. Også fordi eg undra meg på om det er høgaste punkt. 100 meter i retning Storehaugen står den staselige varden. Litt bilder her. Så var det å finne god rute nedover. >>>
Vetanosi - Fagerset
- Dato:
- 31.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 10,8km
Tur etter jobb med Joakim. Frå ferjekaien på Fodnes og «Vetanosi Rett-opp». Ei rute med super utsikt ut fjord-armane. Flott utsikt også til store toppane ved Lærdal. Ruta går frå kaien, og etter kvart på opparbeida/merka sti. Flott utsikt frå Stegen, ca 550 moh. Frå ca. 700 moh. forlet ein stien til Fagerset, går rett opp på umerka, men opparbeida sti. Veldig bratt (ikkje luftig /utsett) ca. 180 høgdemeter, og så eit par bratte kneikar vidare. Det flatar ut litt over 1000 moh. Skal ein på høgaste punktet (SjekkUt), skrå venstre mot toppen før varden. Frå toppen er det innimellom sti/trakk nedover mot Fagerset. Derifrå på tydeleg merka sti att, med retur til Fodnes. Det er også ruter over til Lærdalsøyri her.
Storgrovhøene
- Dato:
- 27.08.2022
- Turtype:
- Alpintur
- Distanse:
- 13,5km
Køyrde over Tindevegen i ausande regnver og skodda fredag. Har aldri sett så lite fjell på ein fjellovergang. Men det var meldt strålande laurdag. Parkerte etter å ha teke av mot Leirdalen. Starta kl. 9:30 laurdag. Vi var spendt på kryssing av elva. Det var fleire løp, og vi brukte litt tid. Passerte elva ca, 1260 moh. Partiet opp langs elva her var mykje uryddig grov og til del laus ur. Det strevsame partiet på turen. Då vi såg brea, skrådde vi opp, og kom så til ei morene, som gikk over i eit parti meir som ei egg. Så eit flatt parti med irrgrøn mose, før ei lang-lang men lite bratt ur. Denne følgde vi på høgre sida av ei snøbru opp til bandet mellom høene. Gikk opp på Fremre Storgrovhøe fyrst. Og for ei utsikt til Galdhø-piggane og den flotte Storjuvbrean. Naut utsikta >>>
Bjøbergnuten og Hestebottfjellet
- Dato:
- 22.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 15,0km
Innlagt feriedag og topptur i Hemsedal. Gikk ruta som går frå Bjøberg mot Bjordalsbu ca. 2 km, og sikta meg opp fjellsida. På avstand såg eg meg ut ei rute opp flanken. Det var bratt eit parti, men det gikk greitt. Hadde sett på eit FB-spor som eg trudde eg følgde. Då eg kom ned til brua, såg et at "tiurjegern" nok hadde valt litt brattare, meir ryggen ca. 250 meter lenger aust. Toppa etter 1:12. Fin utsikt til Bjøberg og ned Mørkedalen frå toppen. Så bar det kjapt nedover, ei rute meir rett på brua. Fin bru utan rekkverk. Fint å gå i dag, halvskya, og lite vind. Kryssa store elva som går ut frå 1367 vatnet mot aust etter ca. 3 - 400 meter. Dette grunna mykje vier på andre sida. Vurderte å følgje elva, men ombestemte meg for å sjekke ut dei grøne toppane. Sat >>>
Ulvisnubben og Eikeshorn
- Dato:
- 20.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,5km
Fin ettermiddagstur med Marita. Hovedmålet var Ulvisnubben. Det er merka rute frå Galdestølen. Sjølve toppen er flat, men 100 meter forbi er ein på kanten, og ser ned til Borlo og hovud-dalføret Lærdal. Utsikta er fantastisk herifrå. Halvanna time i tur-tempo tek det å gå ut hit. Etter ein pause med skjeve, bestemte vi oss for å ta rund-tur, og gå over Eikeshorn. Det var svært fint å gå vidare her. Veldig grøderikt, ope landskap og med god utsikt rundtomkring. Eikeshorn må bestigast frå baksida, sidan den har loddrett fjellvegg mot sør. Det var lett å finne ei fin rute opp. Hadde utsikt mot Bleia, til Smeddalsvatn, Berdalseken og Jotunheimen. Sva og steinblokker på toppen, men også gras innimellom vidare austover. Fint oppå her, og ein topp som nok får lite besøk. Ein >>>
Hugakøllin
- Dato:
- 08.08.2022
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 3,5km
Etter nydeleg tur til Storelifjell i dag, måtte eg få med ein Vang-topp til. Hugakøllen er lett tilgjengeleg, når ein køyrer opp på fjellet. Noko som eg normalt ville kalle for juks. Ja-ja, eg får ta den frå Kongevegen/Kvam eller Øylo ei anna gong. Fin utsikt var det forsyne meg frå "Køllin" også. Det er vel det rette Valdres-namnet.