Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Kyrkjenøse.

Date:
24.03.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
3.7km

To timar avspassering på ein fredag var nok til å få seg ein fin topptur i sola. Det hadde komme ca. 20 cm nysnø. Difor var det tungt, men likevel fint oppover. Mild også, med eit par varmegrader og kram snø, til det flata ut på ca. 1100 høgdemeter. Noko drønn i bratta mot toppen. Men ikkje over 25 grader bratt her, og eg følte meg trygg på tur. Idyllisk i nysnøen. Fin køyring nedatt. Appen ville ikkje lage spor nedatt.

Map    

Storehaugen

Date:
19.03.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
6.2km

Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)

Map    

Klantenovi

Date:
11.03.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
4.2km

Enkel lokal tur, sidan ryggen framleis er litt vrang. Fottur i snø og med stavar til i dag. Ein del av ruta hadde fine trugespor.

Map    

Filefjell

Date:
05.03.2023
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
14.1km

Av turane mine registrert på Peakbook er minst 90 % topp-tur. I utgangspunktet er det berre topptur som blir lagt inn her. Så er den nokre få unntak. Avbrutt topp sjølvsagt. Slik sett er aktivitetsnivået ca. dobbelt av det som ligg inne her, når det gjeld høgd- og lengdemeter. Turen her blei logga for å samanlikne appane si registrering i avstand og høgde. Denne gongen var avstand nesten identisk. På høgdemeter la Peakbook seg nesten 40 % høgare enn Polar. Peakbook er nok litt for høg, og Polar litt for låg denne gongen. Må gjere ein logg med Garmin håndholdt. Den er mest presis.

Map    

Helleberget og Dyrhovden

Date:
01.03.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
13.0km

Litt avspassering vart til ein skitur frå Hollekve i Sogndal. Målet var Helleberget, med opsjon på Dyrhovden. Resultat på begge, men noko undring undervegs. Følgde ruta over brua skilta til Helleberget. Sannsynlegvis ei sommar-rute. Men her var fint å gå oppover. Ruta til topps var heilt fin. Idyllisk ved vatnet og hyttene under toppen på austsida. Toppen var rund-flat, måtte litt forbi postkassa. Svært fin køyring nedatt frå toppen. Skikkeleg mjuk og turr snø på 10 - 15 cm. Nesten nede tok eg ein lang sving i retning mot fjellet eg rekna med var Dyrhovden. Det viste seg å vere rett, men undringa skuldast at appen svikta meg totalt i dag. Heilt fint til topps, og så eit par hundre meter i nedkøyringa, stoppa den. Ikkje hadde eg teke med GPS heller. Men eg hadde studert kart >>>

Map    

Blåfjellet og Blåfjellet øst

Date:
25.02.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
12.2km

Fyrste tur til Blåfjell for min del. Måtte gå frå nederste parkeringa. Litt bonus-trim, og to km lenger tur. Kom litt seint av garde i dag. Var spent på vindforholda. Heldig der, då det var mindre vind enn venta. Men litt ustabilt. Vurderte å snu ei kort stund, sidan det kom ei snøbyge, og eg var i ukjent terreng. Men byga forsvann like fort som den kom. Eg hadde gått litt for langt opp i botn, men fann likevel ei fin lei vidare. Tungt oppover. Framleis i dårleg form etter Korona. Det er bratt, og snøen var djup og delvis laus. Det letta litt, og eg kom meg til topps, sjølv om det kosta i dag. Gikk fyrst bort på hovudtoppen, så aust-toppen, der den store varden står. Rask å ordne for returen, då det blæs her og dagen minka. Føret var greitt minus. Litt flakete i toppen av >>>

Map    

Børrenøse

Date:
19.02.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
4.4km

Opp i laussnø mellom hyttene, og etter kvart inn på grøne alpint-løypa. Følgde den opp. Det blæs godt på toppen. Kort tur i det ustabile vêret.

Map    

Skjeltrene randonee

Date:
04.02.2023
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
6.1km

Eeeendeleg. Etter 40 dagar utan trening, grunna kraftig koronasjukdom frå nyttårsafta. Sjukdomen heng framleis i, men i dag blei det tur. Det var tungt. Snittpuls 20 over vanleg snitt. Fleire gonger måtte eg stoppe og henge på stavane. Men, til topps skulle eg. Hadde brukt mykje tid på å vurdere ruta som eg valde i dag. Må vere forsiktig. Nytta Varsom sin app, også undervegs. Unngikk skredterreng, og heldt meg under 30 grader. Men det var ganske mykje vind-transportert snø, og laust oppi. Etter mildvær og frost, så nysnø og kaldt, og ingen drønn, rekna eg oppgangen som trygg i dag. Hardare føre opp ryggen. Appen stoppa ved toppen, og tok heller ikkje inn toppen. Difor er sporet kun opp. Var på toppen kl 14:20. Eg hadde ikkje lasta ned offline-kart, så kanskje det var årsaka. >>>

Map    

Nedanfor Tyinkrysset

Date:
26.12.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
6.3km

Randonee-tur med Yngve. For han var målet morsom skogskøyring. For meg, håp om ein topp. Vi fann ein skogsveg med spor. Dette gjorde turen opp i terrenget lettare enn kva vi hadde forventa. Då vi kom ut av skogen, vurderte vi litt ein flanke av Finndalshorn. Men då vi kom inntil, var det noko laust, og verka tungt å gå opp. Vi gikk difor inn dalen, og rundt for lettare oppstigning. Oppå fjellet var vinden sterk, og det tjukna til. Finndalshorn var ikkje å sjå. Vurderte å snu, men Yngve hadde svært lyst å sjekke ut flanken. Det var ei kort etappe så vi gikk over. Av med feller, og så køyrde vi litt ned for å sjekke forholda. Det viste seg at snøen var hard i toppen her, og flakete. Vi høyrde drønn, og det laga seg lange sprekkar. Då vart valet plutseleg enkelt. SNU. Sjølv >>>

Map     2 comments

Klantenovi 12

Date:
14.12.2022
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:45h
Distance:
3.9km

Målet om ein tur til Klantenovi kvar måned i 2022 nådd. Eg går ulike ruter her innimellom. No blei det litt systematikk. Ved å gå opp til topp-punktet, ein gong kvar månad, sikra eg meg 1440 ekstra meter primerfaktor. Avstikkaren frå stien over Klanten er 200 meter bort til topp-punktet. Overkommeleg �.Mobil utan dekning i dag. Ikkje gps-spor, sidan eg sletta PB-app i forsøk på å få den i drift. Den fann ikkje posisjon og kart.

Map     2 comments