Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Amlaholten og Søre Gråbrørne

Dato:
15.02.2026
Distanse:
12,0km

Ei god treningsøkt på Kaupanger i dag. Fyrst Amlaholten, ein mykje besøkt topp. Forlenga i dag med Søre Gråbrørne. Fjerde besøk dit, og eg har nytta ein variasjon av ruta kvar gong. Skogsveg og sti heile vegen på desse turane. Det er nok ganske skjeldant at ein kan gå Søre Gråbrørne denne årstida med så lite snø. Maks 5 - 7 cm frå om lag 500 moh.

Kart    

Klantenovi 1/26

Dato:
07.02.2026
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,0km

Årets fyrst tur til den toppen som eg besøke hyppigast. Fint turområde for fottur heile året. Veldig greitt om vinteren når toppane er mindre oppnåeleg frå heimstaden. Sander var med i dag, og me gikk ned til Ut-sjekkpunktet Smihedleren, og den flotte utsikta over Vindhella-svingane.

Kart    

Gran Canaria

Dato:
28.01.2026
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:01t
Distanse:
4,0km

Ferieveke på Gran Canaria i bungalow i Maspalomas i sør. Onsdag blei det utflukt. Køyrde motorveg mot Las Palmas, og over på nordsida av øya. Fasinerande med store havbølgjer som skylla inn. Eitt kvitt innferno fleire km. Målet var m.a. katedralen i Arucas. Flott bygg, og bygge- tida var 1909 -1977. Besøkte toppen Montana de Almargo like bak eit Hypermarked nordvest på øya. Fin enkel tur på sti. Følgde fyrst ein veg forbi ein gard, og litt opp på grusveg, før eg fann ein sti. Det var også eit par kvite piler fyrst på stien. Lett å finne fram. Flott utsikt mot havet, fjella, og byen Galdar. Etterpå følgde vi fyrst veg GC 220 og ein fantastisk tur over fjellet rett sør. Vi var oppe i om lag 1500 moh.

Kart    

Frostdalen - Skjeltrene

Dato:
17.01.2026
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
12,2km

Rando med mykje flatt, men også fin køyring. Planla Skjeltrene, men gikk ut litt høgt i terrengen for å sjekke ut Vetle Frostdalen. Går nok greitt å gå inn der no. Men denne ruta gav meg noko kuppert terreng, tett bjørkeskog og djupsnø. Fasinerande, men det gikk smått. Etter kvart tangerte eg skispor litt nedanfor. Greitt. Inn Frostdalen, over vatnet, og opp sida. Greitt å gå opp her, då underlaget var hardare, og 10 cm nysnø oppå. Tungt etter kvart, då det kun var ein banan i sekken i dag. Fantastisk utsikt frå toppen. Morro køyring ned. Måtte svippe innom Sjekk-Ut på Frostdalen. På med fellene på vatnet, og beheldt dei på heilt nedatt. Litt problem med tett bjørkeskog, men kom da greitt ned. Ikkje bratt. Godt sleten då eg var tilbake att ved Sluten. Minus 14 no. Fin >>>

Kart    

Amlaholten 1/26

Dato:
11.01.2026
Distanse:
5,0km

Sidan turen i går vart amputert, plukka eg ut eit trygt turmål i Kaupanger-området. Tok den lengste ruta i dag. Ikkje glatt, og det bratte partiet mot toppen, gikk greitt utan kjetting. GPS-sporet følgde meg nedatt til Mannheller, men er korrigert for.

Kart    

Sluten

Dato:
10.01.2026
Distanse:
3,9km

Plan var Slutenosi. Etter kvart såg eg at det var for lite snø/dårleg føre til å gå inn Slutedalen, som planlagt. Måtte halde meg der det var ok snø. Der var det skifolk som heldt fram på føtene frå inst i botn, og vidare opp. Ikkje mi greie å gå så bratt på slikt føre når eg er aleine. Sikkert på grensa elles og. Fekk no noko motbakke, og køyring/øving nedatt på ujamnt føre. Ventar på meir snø.

Kart    

Galden ved Tyin

Dato:
03.01.2026
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
5,9km

Tredje skituren denne sesongen, men fyrste i år, og med Randonee-utstyr. Føret var ikkje bra, med mest hard skare. Stemninga vart betre og betre mot toppen. Lyset vart svakare, og så kom sola og skinte på grom-toppane. Det gjorde opplevinga til meir enn laurdagstrim. Fin naturopplevelse, og godt å komme opp på ein fjelltopp att, som ligg fritt, og ikkje trøkt ned i tett skog. Køyringa nedatt vart litt hakkete, og nokre parti med svak motbakke, men eg heldt fellene på. Må prøve denne turen på nytt, når det har komme 5 til 10 cm turr nysnø.

Kart