Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Klantenovi 16/25

Dato:
30.11.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,5km

Litt alternativ rute i dag, for å sjekke ut stad å sjå Vindhellasvingane i frå. Fann to fine stader, men må kanskje enno litt ned. Nokre tre skygga for. Moro å utforske litt.

Kart    

Nysetfjellet

Dato:
22.11.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
15,2km

Tur frå Topcamp. Campa med bubil frå fredag til søndag i samband med invitasjon til bursdagsfeiring i bygda. Då rakk eg ein fin fjelltur. Skilta og merka frå hogstfelt litt opp grusvegen som går opp til fjellet i området. Om ein vil kan ein køyre helt opp, og gjere toppturen til liten sveiv. Men eg skulle trene litt og. Det meste av turen på sti i granskog. Det var mange ruter som var skilta i terrenget her. Ål har mykje tilrettelagt for fysisk aktivitet. Kun siste knappe km i høgfjellsterreng utan skog. Flott utsikt til Hallingskarvet, Reineskarvet, Lauvdalsbrea med fleire.

Kart    

Klantenovi 15/25

Dato:
16.11.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,3km

Gikk frå Borgund kyrkje i dag. Skjeldan eg nyttar denne ruta. Likar best å gå frå Rimskjold. Men kyrkjene og området ved er unikt. Framleis er det mykje trefall å rydde opp i etter stormem «Amy». Det er arbeid med opprydding fleire stader, og det blir betre.

Kart    

Smørlifjellet og Binnhovdknatten

Dato:
09.11.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,2km

Tur i Nord Aurdal kommune i dag, for å plukke eit par Valdres-toppar. Meldt sol austafor, og snøen har trekt ned på toppane rundt oss i Indre Sogn. Kjekt å gå i dette vidde-landskapet. Fin utsikt til Jotunheimen, sjølv om den er litt langt i frå. Kort nok til at ein får inntrykk av at snøen verkeleg har lagt seg til i høgda. Gikk i frå stølsområde Pilset, som ligg 13 km opp frå tettstaden Leira. Vel to timar å køyre frå Lærdal. I dag kom ikkje kartet opp på appen til Peakbook. Sette den difor ikkje på før det tikka inn ein liten topp. Forstod då at det kun var visninga av kart som ikkje fungerte. Leita litt etter startpunktet, men etter 100 meter bortover Fjeslivegen, gikk det trakk rett opp på ein haug. Sti på heile turen. Ved bruk av Ut-appen, ser ein stiane, slik >>>

Kart