Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (352)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Skreddalsfjellet og Svarthamaren m. fl.
- Datum:
- 27.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,5km
Fin rundtur i Øystre Slidre. Ein må komme seg ut av den for tida mørke dalen i Lærdal, og få seg litt sol-timar. Det var mange stiar rundt om i terrenget. Eg satsa beint på grøn nål som fyrste. Sti opp til fjellfoten. Så vart det utan sti fram til siste toppen. Sett bort frå eit lite strekk med raude T-ar. Sti heile vegen nedatt til stølen. Det var fint å gå oppå fjellet. Berg og dalbane mellom toppane. Ikkje særleg bratt, og greitt terreng. Ingen vier, og låg lyng. Kosa meg heile dagen, sjølv med litt vind oppå fjellet. Sønnavinden som kom, fekk opp temperaturen som var låg på morgonkvisten.
Skryteberg
- Datum:
- 27.09.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,2km
Eg trur at dette er min lettaste 100 pmf topp, so langt. Skimta stortoppane i mellom skodde-driv.
Klantenovi 13/25
- Datum:
- 20.09.2025
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 4,0km
Ulsanosi
- Datum:
- 13.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 16,5km
Fin tur opp ved mektige Hjellefossen i Utladalen. Fin sti oppover. Men i dag var kroppen tung, heile vegen. Hjelledal-stølane er vakre og velstelte som alltid. Sti mot Morkaskaret, og så vart det tyngre i lyngen opp, og ut mot toppen. Nokre få små ryggar braut terrenget, slik at det vart litt ned og bratt oppatt. Fint å gå her. I dag var det såpass med skyer, at stortoppane ikkje var synlige, anna enn ved få glimt. I dag var det tungt nedatt og. Litt sårføtt. Sikkert litt harde dei innleggsålane eg erstatta dei gamle med. Men det vart no ei god økt, og ein ny 100 pmf. topp i Årdal kommune.
Skimlehovden
- Datum:
- 07.09.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 26,1km
I dag var det fint ver for ein langtur. Skimlehovden er godt bortgøymd i fjella mellom Årdal, Lærdal og Filefjell. Den kan ein nå på ulikt sett. Lærdal via Oftedalen og Hedleskar. Sagi via Kvitingsmorki og innover, og Vikadalen via Smørhola. Sistnemnde truleg kortast. Eg valde via Kvitingsmorki, mest grunna jamn stigning. Ja sett bort frå fyrste 400 høgdemeter frå Sagi. Kjekt å gå innover fjedli i dag. Stille. Vakkert i område før og ved Fremre Smørhola og mot Vasselavatnet. Toppen hadde eg planlagt å gå ryggen frå vatnet Blåsarbåten, men såg at det ikkje var behov for å gå heilt opp til vatnet, før eg forlot stien. Greitt oppover men bratt innimellom. Flott utsikt frå toppen, og nedatt ryggen på retur. På denne ruta dukkar Hurrungane si tinde-rekke opp frå fleire >>>
Amlaholten 9/25
- Datum:
- 02.09.2025
- Entfernung:
- 3,9km
