Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (336)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Vetanosi
- Datum:
- 09.07.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 11,7km
Tur etter jobben med kollega Adrian. God temperatur, sol og nokre skyer. Sommarkjensla på plass. Noko svalende opp i furuskogen frå Fodnes. St. Olavskjelda, Stegen, litt til og det blir svært bratt, Vetanosi rett opp. Og for ei utsikt ned mot Fodnes m.m. Tok med varden denne gongen for meir fin utsikt. Så til høgaste punktet, over mot Storeskar, og ned til stølen Fagerset. Litt bortetter på sti nedatt, og fjordutsikta sler på nytt i mot ein i fulle drag. Nydeleg oppleving og god trim.
Fullsennknatten
- Datum:
- 03.07.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,4km
Tur fire i dag, og klokka har passert 21. Bonus på den måten at ruta var kort, sola stod lågt, og gav fint lys. Stien var bra, og utsikta av beste slag. Turgjengaren byrja å bli svolten og trøytt. Nydeleg utsikt til toppar i Jotunheimen, og vakre vatnet Fullsenn. Retur til bilen, og køyring mot Gjøvik tok til kl 22:08. Tok sikte på at grusvegen mot søraust tok meg i rett retning. Opplevelse også dette, å køyre Etnedalen mot Dokka. I morgon besøk av dotter på Ø. Toten, og fredag til Heggedal for å møte mitt tredje barnebarn, snart tre månader, for fyrste gong. Plukka også med ynskte son som besøkt søster, for vidare ferd, og heimatt til Sogn.
Myrebærhammaren
- Datum:
- 03.07.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 11,2km
Tur tre i dag baud på ei overrasking som ikkje var kalkulert inn. Stengt med bom og hengelås ved vegen vidare frå stølen. Open for alminneleg ferdsel frå 25. september, stod det. Greitt at dyra får fred også. Storfe beita inni her. Då bar det 3 km innover på grusveg med slak stigning. Eg fall ikkje for freistinga å gå inn i myrområder for ei kortare rute. Fann spor etter traktorveg/sti der eg tok av inn i terrenget. Då var det å følgje ryggen til skogen slepte taket. Sti vidare til topps. Noko vind her, men flott utsikt. Retur same veg, sjølv og det freista å sikte seg mot grøn nål. Eg går greit ein km ekstra enn å virre i vier og myr. Fin tur, men merka det i kroppen no.
Synhaugen
- Datum:
- 03.07.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,7km
Tur to baud på ei eventyrlig utsikt undervegs, og frå toppen. Eg fall ikkje for freistinga med å køyre heilt opp til stølen. Frå ruta mi, fekk eg glimt av nydeleg utsikt til stølsvidda og Skaget, frå stien/gamlevegen i skogen. Då også sikt til stølen Synshaug, med fredeleg avslappa sauer, som alt hadde roa seg. Gode beiter. Frå stølen var det ein mykje nytta sti til toppen med varden.
Luskaråsen
- Datum:
- 03.07.2025
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 7,0km
Tur ein av fire i dag. Til denne toppen kan ein køyre bil til hyttefelt, 40 meter i frå. Då blir det ikkje tur. Eg fann ein gamal stølsveg, eller stølsrei, som det stod på skiltet. Det har nok i tider også vore traktorveg. Litt attgrodd fyrste 200 meter, men sidan, tur på flott sti i fin skog, til ein nådde att grusvegen. Mange store maurtuer undervegs. Fin utsikt til Jotunheimens høge tindar, frå toppen.