Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Trollenykjen

Datum:
16.05.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,2km

Turhelg i Nordfjord med bubil og nokre fjelltoppar. Plan var å byrje med Daurmål i Årdal ved Breimsvatnet, med droppa det grunna usikkerhet omkring snøforholda. Då vart det Trollenykjen ved Eid. Grei rute på tydeleg sti, sett bort frå litt ved oppstart. Styrde etter raud rute på Ut-appen. opp til stølen var det svært fint å gå, m.a. i ein del furuskog. Noko meir fuktig frå stølen og vidare til toppen. Blei svært imponert av utsikta. Heilt topp !! Med snø på toppar, god luft rundt med fjord-armar, ligg det godt til rette. Krydra då også med sikt til breområde. Brukte ein halvtime her oppe, før eg delvis småsprang nedatt. Finfin start på helga.

Karte    

Storehaugen

Datum:
13.05.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,1km

Kveldstur til Storehaugen.

Karte    

Amlaholten 7/25

Datum:
12.05.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
3,3km

Ny rute i dag og. Kanskje den mest effektive. Kun sti, og ikkje traktorveg her. Er nok mykje nytta til sykkel nedatt. Eg nytta føtene.

Karte    

Klantenovi 8/25

Datum:
03.05.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
3,4km

Kveldstur med Sander. Kun 7 grader, men fin tur. Mot klokka frå kyrkjene i dag.

Karte    

Klantenovi 7/25

Datum:
30.04.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
3,7km

Trimtur med yngste son Sander, og besøk på grava til mine besteforeldre Maia og Hallvard Borlaug. Stavkyrkja er vakker som alltid.

Karte    

Sulefjellet

Datum:
26.04.2025
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
14,5km

Turen var planlagd sist helg, men vart utsett grunna naudsam restitusjon. Me har vore i ein hektisk periode med flytting. No er det mest på plass i leilegheit. Hærleg. Sende ut ei melding ved frukosten, og var heldig å få med meg Sigmund Hjermann på turen. I dag var eg spent på snø-forholda. Då me kom ut av Borlaugstunnellen, såg me at det var skrint med snø mot Suletinden. Tok av og køyrde så langt me kom opp i hyttefeltet på Gramstølen. Ingen snø. Snakka litt med grunneigar og slektning Arvid Brøyn, som sysla med hyttebygging. Han fortalde at kona gikk med skia på ryggen oppover, og planla Suletinden. Etter litt prat rusla me oppover. Etter knapt 15 min og passering elva Klemma, kom skia på. Me valde å følgje elva, som var godt dekt med snø. Så runda me ein haug, og >>>

Karte    

Amlaholten 6/25

Datum:
19.04.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
3,6km

Prøvde på kortaste rute, men kom litt bort frå svak sti i oppstarten. Blei difor litt skogsveg i dag og.

Karte    

Amlaholten 5/25

Datum:
16.04.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
3,5km

Ny kortare rute i dag �.

Karte    

Klantenovi 6/25

Datum:
13.04.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
3,4km

Runde frå kyrkjene denne gongen.

Karte    

Sluten -Oftedalen -Lærdal

Datum:
05.04.2025
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
37,1km

Fantastisk langtur på ski i høgfjellet. Turen i regi av Lærdal turlag er ein tradisjonstur. Det blir hevda at det var nokre som byrja gå ruta regelmessig rundt 1950. Seinare har turlaget gjort den til ein fast årleg tur rundt påsketider. Lite snø, og nokre gonger av og på med ski, fyrste etappe opp og inn Valdresdalen. Vidare på godt skare-føre. Fyrste matpause etter 2 timar ved Nåbottjørnane. Vidare opp til vatnet Løken. No fin køyring ned frå fleire vatn, med litt staking innimellom, til eit lite opptak mot Kvamsvatnet. Ein nydeleg dag med stille og skyfri himmel. Etter Kvamsvatnet meir stigning, og småkupert mot Steinhustjern. Rast like før vatnet. Over vatnet, og fine stigningar heilt opp til varden på Skvettebottshøgdi. Framifrå utsikt på veg opp, og frå toppen. Minipause >>>

Karte