Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Djupeviknipa

Datum:
04.11.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
2,5km

Lett og mykje brukt rute. Her var det på gang tiltak med omlegging, steinsetjing og grusing av stien. Gikk berre til sjølve toppen. Ruta går vidare bortetter heia. Fint turområde med flott utsikt. Men også stor "trafikk" av turgåarar. Unge, og eldre. Born på tur med besteforeldre. Nokre hadde hundar på slep, og nokre jogga.

Karte    

Fauskevarden og Fureviknipa

Datum:
04.11.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,4km

Helgetur til lågare strok på topptur-samling. Låg over i bubil på parkeringsplass til turbruk. Tidleg i skoa laurdags-morgon. På traktorveg, så over til mykje brukt sti mot Fauskevarden. Noko ising innimellom, så konsentrasjon var påkrevd. Eit bratt opptak vart nesten utfordrande grunna is-kjøver. Men kjettingane vart i sekken. Oppe ved varden etter 55 min. Svært vindfullt i dag, så boblejakke måtte på her. Nydeleg utsikt i alle retninger. Havet, Blægja og Storehesten m/fleire. Så var det å finne ei god rute mot neste topp. Bra sti mellom toppane, sett bort frå eit kort parti. Fann ei hylle å komme litt ned att. Så grei rute vidare, stort sett på sti til neste topp. Sti nedatt derifrå.

Karte