Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Skjeltrene randonee

Dato:
04.02.2023
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
6,1km

Eeeendeleg. Etter 40 dagar utan trening, grunna kraftig koronasjukdom frå nyttårsafta. Sjukdomen heng framleis i, men i dag blei det tur. Det var tungt. Snittpuls 20 over vanleg snitt. Fleire gonger måtte eg stoppe og henge på stavane. Men, til topps skulle eg. Hadde brukt mykje tid på å vurdere ruta som eg valde i dag. Må vere forsiktig. Nytta Varsom sin app, også undervegs. Unngikk skredterreng, og heldt meg under 30 grader. Men det var ganske mykje vind-transportert snø, og laust oppi. Etter mildvær og frost, så nysnø og kaldt, og ingen drønn, rekna eg oppgangen som trygg i dag. Hardare føre opp ryggen. Appen stoppa ved toppen, og tok heller ikkje inn toppen. Difor er sporet kun opp. Var på toppen kl 14:20. Eg hadde ikkje lasta ned offline-kart, så kanskje det var årsaka. >>>

Kart