Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Torfinnsbu til Bygdin via 8 toppar
- Date:
- 11.07.2020
- Characteristic:
- Alpine trip
- Distance:
- 22.7km
Langtur med avgang MB Bitihorn kl 7:20. Fin båttur på Bygdin inn til Torfinnsbu. Nydeleg å sjå Kalvehølotind og Torfinnstind frå båten. Så var det å gå forsiktig oppover lyngrabber, og prøve å finne ei god rute. Det gikk greit. Litt kald vind om morgonen. Vi var spent på fyrste klyvepunktet (grøn trekant 1). Det gikk greitt, men var brattare enn forventa. Hadde kvia meg nedatt denne. Vi utforska ikkje omgåinga til venstre. Andre bratta (grøn trekant 2) med kort klyvepunkt var heilt greitt. Lettare terreng, til ura siste knapt 200 høydemeter. Og her byrja snøen. Eit vakkert fjell å bestige, Nørdre Kalvehølotind. Vidare var det nytrødde spor som gjorde det lettare. Opp mot Midtre Kalvehøgde, og så litt opp og ned småskar før vi stod på Vestre Kalvehøgde. Litt snø >>>
Grånosi, Sjønosi og utsikt
- Date:
- 04.07.2020
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 10.8km
Utsikta frå Sjønosi i Lærdal må opplevast. I dag var ein perfekt dag, med sol, men ikkje for høg temperatur. Marita hadde hovudmål Sjønosi, og eg vart villig med. Det er merka heilt fram til målet Sjønosi. Ruta føl stølsveg frå like over Helland i Erdal og til Glep, 850 moh. Dette er ein svært vakker støl. Ruta vidare fører ein inn i flott grøn og vakkert terreng med nydeleg vegetasjon. Lyng og mose med flotte fargar. Vi måtte ha med topp, sjølv om denne var grøn. Og utsikta opp mot Grånosi 1209, og frå varden var formidabel. Eg talte 13 stk. 100 pm. toppar i Lærdal kommune rundt om. På toppen brukte vi tida og kosa oss med utsikta og litt fotografering. Følgde så ryggen delvis, og sikta oss inn på Sjønosi. Her kosa vi oss ein halvtime, og åt resten av matpakka. >>>
Helgenosi og Raudnosi
- Date:
- 01.07.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 21.2km
Frå plan A om fire Lærdalstoppar blei det plan B og to nye toppar. Starta i Hola i Råsdalen, på ca. 550 moh. Bratt opp, og inn den lange tronge Vindhelladalen. Fint, men mykje tilvakse kratt og ei ur. Det hadde regna om natta, så ikkje den beste dagen for denne turen. Vel oppe ved Hadletjørn, vart det stopp på plan A. Baska i grovt vier-kratt ved osen, over nokre småelvar. Då eg kom til hovudelva, måtte eg kapitulere. For djupt, og for stritt. Ja-ja. Gjennomblaut på føtene, då eg alt hadde trakka til knes. Då vart det plan B, og på trass av sokkeskift, ein lang dag med blaute sko.
Fint vidare opp bratta, og skrådde i ein naturleg boge mot Helgenosi. Prøver å gå reasjonelt, då det er mange småryggar og haugar. Møtte ein god regnkave, så opphald, sol i 2 min, før det kom >>>
Fodnes-Vetanosi-Lærdal
- Date:
- 26.06.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.8km
Kveldstur frå Fodnes ferjekai til Lærdal. Tur via ein 100 pm. topp i Lærdal. Frå Fodnes går det sti oppover åsen i svalande furuskog. Noko sva til å byrja med, men mykje god mjuk sti. Det er turmål ved St. Olavskjelda på ca 380 moh. og utsiktspunktet Stegen (565 moh.). Der er det flott utsikt både innover og utover fjorden. Utpå kanten ved Stegen ser ein den nesten loddrette fjellveggen frå kanten av Vetanosi og ned i fjorden. Mindre dramatisk er sjølve toppen, som er heilt flat.
På turen vidare frå Stegen, føl ein merka ruta til Fagerset, og som også er merka vidare via Storeskar, føl gamal telefonlinje med flotte murar over til Åsen i Lærdal, og vidare til Stødno. Men i dag nytta eg ei anna rute. Frå ca. 700 moh. går eg rett opp i staden for å dreie bortover mot Fagerset. >>>
Nyborg
- Date:
- 22.06.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.2km
Tur utan topp denne gongen. Det pleier å vere eit prinsipp for meg å ikkje ta inn på Peakbook, men. Det ulma ein plan om eit toppbesøk, men vi kom til at det var for langt på dag, sidan det var jobb i morgon. Fin kveldstur lokalt.
Blåskavlen II
- Date:
- 14.06.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 13.0km
Då vart det den andre turen til Blåskavlen på ei veke. Fantastisk. Onsdag spontant tur med Lærdal turlag der vi var 10 stk. I dag saman med Yngve, mann til niesa mi. Fin gange innover med småkneikar, som ein kunne gå rett opp. På toppen tok vi oss tid, sette oss i ly 100 meter nedanfor varden. Såg ein flik av Aurlandsfjorden, pluss fantastisk fjordlandskap. og panoramaet her oppe er veldig flott. Tilbake til varden møtte vi tre kvinner som hadde gått frå Aurland-sida, opp flanken ved Prest. Lettkuppert, og tre gode nedkøyringar på returen, der vi tok ein flanke i retning mot Kvammadalen, og fekk nokre gode svingar pluss. Då vart det litt meir jabbing motbakke, med det er god valuta. Finfin tur med Yngve.
Snøvegen og Tissedalsvarden
- Date:
- 13.06.2020
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 12.9km
Fin sommarskitur med Lærdal turlag. Turen var utsett frå tidlegare grunna dårleg vêr. Heile 14 glade skifolk vart med på denne rolege fine turen langt uti juni. Veldig kjekt. Til og med kjønnsbalansen var lik med sju av kvar. Snøvegen i Lærdal bør bli kjend for fleire. Dette fjellet har mykje snø, og det er fort å komme seg opp i 1300 meters høgd over havet, både frå Lærdal og Aurland. Terrenget innover var lettkupert og flott. Vi tok rast i ly av ein haug. Vinden var merkbar i dag, og det einaste som mangla på heilt perfekt tur. Etter kvart kjem ein inn til Tissedalsvatnet, så tek ein opp i litt meir nordleg retning. Svak stigning i fin boge. Fin nesten flate innover, til ein står ved den store varden. Denne varden er perfekt, stor med ein svak vinkel ut, som ein pokal. Så >>>
Blåskavlen
- Date:
- 10.06.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 13.0km
Lærdal turlag arrangerte spontan-tur via Facebook dagen før. Vi var 8 i følgje, pluss to som kom etter avtale litt etterpå. Det var lagt opp til å gå frå Trollahaug 1250 moh. Denne ruta var ny for meg, då vi pleier gå frå Modlaugsbotn om vinteren. Om sommaren går vi til vanleg frå høgaste pkt. på fjellevegen (ved Jonsnosi), og opp sjølve brea Blåskavlen. Det var svært greitt terreng å gå opp i frå Trollahaug, med Hornsnipa til høgre for oss. Om lag 6 1/2 km kvar veg fordelt på 614 høgdemeter. Det er heilt fantastisk å kunne køyre bil i 25 minutt, for så å spenne på seg skia, og dette 10. juni. Ein særs snørik vinter hjelper på, men denne fjellovergangen er kalla "Snøvegen" av ei årsak. Tidlegare har eg gått til Blåskavlen 1. juli, utan å ta av >>>
Sognefjellet med Gravdalstinden og fleire Smørstabbar
- Date:
- 31.05.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 23.5km
Denne turen har vore planlagt i lengre tid. To gonger har Lærdal turlag vore på Gravdalstinden utan at det har passa for meg. Den finaste dagen kom. Ikkje ei sky på himmelen, og med varmt vèr. Vi gikk frå Sognefjellshytta, inn mot Falkeberget, og opp stigninga derifrå. Fin bratt og trygg bakke opp til Smørstabbreen. Ei anna værd openbara seg, med bre og flotte fjelltoppar. Javist, har vore i område før, men ikkje på Smørstabbreen. Bestemte at når det var så fint, så skulle vi ta med dei toppane som var i området. Og slik blei det.
Fyrst oppom Søre Smørstabbtind, ved å halde høgt i skrå-feltet mellom dei to skara. Godt spor. Så skli på feller nedatt, og ta fatt på bakken opp til Gravdalstinden. Tinden ser diger, svart, kvit og majestetisk ut. Men merkeleg kjapt er ein >>>
Modlaugsbotn og Grånosi (Aurland)
- Date:
- 30.05.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 17.6km
Besøk av sonen frå Bergen, ei helg eg og kjærasten hadde planlagt Sognefjellet. Den turen vart dagen etter. Vi heldt att ein dag, og Joakim og eg fekk oss ein fin skitur lokalt i vakkert terreng frå Vardahaug bru. I dag var naturen, det vakre veret, og formidable utsikta som er her, det viktigaste. Som oftast. Fyrst skituren innover dalen og oppover fjella, og så det fantastiske fjordlandskapet vestover, som ein får betalt for når ein når toppen. Skikøyringa nedatt var skrøpeleg med mykje sug, og dårleg gli. Så det vart ein del gange med laus hel på rando-skia nedatt Modlaugsbotn. Fin-fin tur i alle fall. Fly-stripe gps-spor denne gongen, noko som skuldast at telefonen stod på straumsparing.