Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (8)
- Schneeschuhtour (8)
- Fahrradtour (3)
- Fußtour (336)
-
Skitour (111)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (68)
- Tourenskilauf (38)
Lieblingsgipfel
Erterhaug fot og ski
- Datum:
- 17.05.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 12,7km
17. mai tur frå Vardahaug bru i Erdal. Var spent på snøforholda. Planen var å utforske om vi kunne nå Daurmålsnosi og Middagsnosi mot Frønningen. Var litt i tvil. Og snøforholda talde for at det kom til å bli utfordrande. Så plan vart endra til Erterhaug som mål. Måtte bere skia i ca. 35 min, og det blei så av og på 8 - 10 gonger over snøbruer og lyng. I det vi skulle ha på skia, oppdaga Marita at eine festepiggen på bindingen var borte. Ho måtte difor snu, og valde å gå på Vardahaug støl, og toppen bak (1336) i staden. Då heldt eg fram aleine. Etter kvart fint skiføre, og kjekt å gå. Jamn lett stigning innover. Sjølve nedkøyringa frå toppen vart litt antiklimaks. Det var såpass sug, at farten vart låg. På retur valde eg å gå litt lenger på føtene. Følgde >>>
Klantenovi
- Datum:
- 01.05.2019
- Tourlänge:
- 2:12h
- Entfernung:
- 17,9km
Joggetur på Kongevegar i Lærdal. Starta i Koret, og byrja med Seltunåsen. Så Øygardsvegen, og forbi Husum hotell. Vindhellavegen, via postkassa på Klanten, toppen Klantenovi, postkassa ved Sverrestien, og Sverrestien nedatt til Rimskiold. Forbi Husum hotell att, Øygardsvegen på nytt, og så Galdane-vegen til Seltun bru og oppatt til Koret. Ca. 18 km i kuppert terreng, og klokka viste så mykje som 620 høgdemeter. Må ta meg tid å ta fleire bilete av den vakre traseen ei anna gong. Brukte Peakbook-appen frå toppen og til slutten av rundturen (retur-trase).
Vetanosi
- Datum:
- 28.04.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,9km
Denne turen kombinerer utsikt, skikkeleg bratt ein stubbe, og formidabel utsikt undervegs. Start ved Fodnes ferjekai, og slutt ved Hedler bru eller Stødno i Lærdal. Frå Fodnes er det fin sti i furuskog. Trimpost ved St. Olavskjelda ca. 380 moh. Nydeleg utsikt frå Stegen ca. 550 moh. Så ber det vidare opp, og frå der stien dreiar mot Fagerset, held ein fram bratt og rett opp på hjortetrakk, til det flatar ut. Så finn ein sti vidare opp, til det flatar ut ved ca. 1100 moh. Under vegs i dette bratte terrenget, får ein ei nydeleg utsikt når ein kjem over tregrensa. Sognefjorden, Lusterfjorden, og nydelege fjell i alle retningar. Det går sti i jamnt terreng bort mot varden. Men eg dreia litt mot nord, og følgde terrenget mellom haugar, og i retning toppen av fjellet. Vetanosi "sin >>>
Blåskavlen
- Datum:
- 19.04.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 26,0km
Parkerte ved Vardahaug P-plass, og gikk inn Modlaugsbotn. Opp Soleibakkane, og justerte kursen litt aust for Helleberget. Ringa så under toppane Fagerdalsnutane, så rasjonelt som råd. Noko nedatt i skar ca. 1580. Opp denne sida er ruta på det brattaste, og det var hard skare. Måtte setje stålkantane godt i, men greitt. Frå rundt 1700 pluss/minus over småkupperte nutar var det mykje "bølgjeblekk". Så litt ned i skaret ved overgang bre/botn, og fint opp mot toppen. Utsikta på Blåskavlen denne dagen var til å ta pusten i frå ein. Vi tok inn inntrykka og naut, men kunne ha teke fleire bilde for minneboka sin del. Det kom opp eit følgje frå Aurlandssida, som har ein noko kortare tur, og jamnare nedkøyring.
Vi valde å køyre heile brea nedatt, for den opplevinga sin del. >>>
Jernhetta
- Datum:
- 18.04.2019
- Tourcharakter:
- Skitour
- Entfernung:
- 15,7km
Skitur inn Modlaugsbotn og opp Soleibakkane. Under kraftlina, og inn mot skaret mellom Jernhetta og Helleberget. Ut på sør-ryggen av Jernhetta, er det nydeleg utsikt inn fjorden mot Flåm. Her er det vanleg at ein set seg ned med niste og nyt fjordutsikta. I tillegg er utsikta opp mot mektige Blåskavlen, med botnar og ryggar, formidabel herifrå. Etter ein liten stopp gikk vi ryggen opp på toppen mot Jernhetta. Trass av at eg har gått i terrenget her mange gonger, blei det i dag min fyrste tur heilt opp på toppunktet på Jernhetta. Det kan tilrådast. Viss ein vaktar seg for skavlane, og tek ned på rett stad, får ein ei ekstra fin og litt brattare nedkøyring her. Den egnar seg kanskje best for randonèe, eller ein god telemarkskøyrar. Men sjekk skavlane på veg opp, slik at du veit >>>
Klantenovi
- Datum:
- 15.04.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:03h
- Entfernung:
- 3,9km
Rundtur frå Borgund kyrkje. Testa app frå topp og ned. Fungera berre når den er håndholdt. Akutt rygg, og til det tilpassa tur.
Sluten-Oftedalen (Skvettebottshøgdene)
- Datum:
- 06.04.2019
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 11:19h
- Entfernung:
- 38,0km
Langtur 38 km frå Filefjell til Lærdalsøyri med Lærdal turlag. Dette er ein tradisjonstur som har vore gått sidan 60-talet (om ikkje alle år). Det er ein fantastisk flott skitur i urørt natur. Den tøffe delen er å gå på føtene dei sist 840 høgdemeterane frå Øvre Oftedalsstølen og ned til sjukehuset. Normalt greit, men ein kjenner det etter 9 t 15 min på ski fyrst. Bruttotida vart 11:20 timar denne gongen. Lite snø, men greitt skiføre (universalklister eller kortfeller). Peakbokappen svikta, og difor ingen spor.
Krekahøgdi
- Datum:
- 10.03.2019
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 13,5km
Fint vèr og dag for skitur med topp som mål. Starta frå parkeringa under Torolmen, og gikk innover blandt hyttene og i retning Sletterustdalen. Måtte litt aust ved oppstigninga, til ei hylleformasjon, så på skrå nordvest. Det flata etterkvart noko av innover Sletterustdalen.
Dalen var noko meir kuppert enn forenta, så fjellski er meir passande på denne turen. Men godt å ha faste plankar i nokon av kneikane på turen nedatt.
Vi fann ei fin oppstigning nordaust på fjellet, gikk like til venstre for topp 1325, der vi rasta bak ein stein. Etter litt mat, over skaret, opp ei lita bratte, og til høgre for topp 1416. Så var det å gå fjellet jamt og rett fram mot toppen. Også her oppe var det mange haugar, og småtoppar, men lett terreng. Det brattaste var ved skaret etter 1325 toppen. >>>
Skålanosi pkt. 1550.
- Datum:
- 17.02.2019
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 13,3km
Turmålet vart ikkje nådd. Det er svært lite snø i fjella i Lærdal og Borgund. I dette området sør for Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet var det lite snø, hardt, steinete og ikkje topp føre i dag. Med ski på beina, godt turfølge og god trening, likevel heilt greitt. Peakbook-appen var heilt på jordet i dag. Vart ikkje med heilt fram, og null registrering på returen. Måtte stole på Polar. Då vi nådde høgaste punktet på den nordlegaste av dei to Skåla-nosene, såg vi at det var uråd å ta seg ned skaret til vatnet Halsatjørni. For lite snø, store skarpe steinar og is. Alternativet kunne ha vore å gått litt tilbake, og slept seg ned i vestsida. Grunna føreforholda, var gruppa nøgd med lengda på turen, og vi returnerte. Vi var 7 pers i fylgjet med Lærdal turlag.
Storehaugen i Lærdal
- Datum:
- 16.02.2019
- Entfernung:
- 5,4km
Vintertur til Storehaugen. Greitt å gå til fots etter snøsmeltinga siste dagane. Nytta snøkjetting øverst i traseen. For lite snø til truger no. Slit med appen, som lagar flystriper.