Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (336)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Bukkehøe
- Dato:
- 30.04.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 13,3km
Stortoppfangst på ein fin avspasseringsdag med Marita. Dette var vår fyrste topp på over 2000 meter på randonee-utstyr, og min tredje på ski. Køyrde frå Lærdal litt før kl 8. Nær Turtagrø var det mange campar, og utruleg mykje folk. Mange som nytta findagen til ein topptur.
Også ved Geitsætra var det folksomt, og bilar i rekkje på over 200 meter. Vi var spent på korleis dette ville bli, særleg då det viste seg at det var knallhard snø då vi sette av garde. Sett bort frå at Marita glei og missa skia straks etter start i eit isete parti nær elva (kunne ha vorte skummelt nok å rase 5 meter ned steinurda i Ytre Illåe), gikk turen fin-fint :) Noko utfordrande i det brattaste partiet, sidan det var hardt/isete, og ruglete grunna mykje folk på tur i det siste. Vi såg at ei >>>
Øvre Salen
- Dato:
- 28.04.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 9,9km
Fin tur til Øvre Salen med Yngve, mann til mi niese Mari. Vi som har hytter på Smeddalen, har gått mange gonger til Salen, som vi lokale kallar den fyrste og mest markerte toppen. Det er også til denne 99 % går. Og frå denne toppen er det kontinuerleg renn nedatt til brua over Smedals-osen.
No er denne toppen vorte eit eldorado for hyttefolket på Filefjell som vil ha fin randonee-tur. Det kan vere verd å merke seg, at skal du på Øvre salen, og rette toppen på fjellet, så må du gå i sørvestleg retning. Litt ned og opp, småkuppert, og ca. 15 minuttar så er du på Øvre Salen, 1588 moh. Dei fleste som er på Salen, er alså på toppen Nordaust for Øvre Salen, på 1567 moh.
Stora Grånosi
- Dato:
- 15.04.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 9,6km
Såta
- Dato:
- 12.04.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 11,2km
Var lysten på ein topptur etter arbeid, og valde Såta. Berre 10 min i bilen opp i Erdal. Gikk over hengebrua til Mork, og følde stien mot Nyborg. Etter 20 min vurderte eg å snu, då snøen var relativt djup, og eg trødde i gjennom. Angra på at eg ikkje plukka med trugene som tenkt. Fekk prøve litt til, og det vart betre etter kvart, med harde trugespor som bar. Ei stund. Det vart verre att lenger oppi.
Fekk på Randoskia på om lag 780 moh. og då gikk det som ein leik oppover. Ei ny oppleving å komme til Nyborg på ski. Innover Tjørnadalen steig det lett og jamn, men med kraftig vind i mot. Det var avblæse, og lite fok. Ingen problem å halde fram mot toppen. La ruta på hyller oppover som det naturleg gav seg etter kvart. Ikkje bratt eller vanskeleg då.
På toppen vart eg møtt >>>
Smeddalsnosi
- Dato:
- 01.04.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 7,0km
Raudbergnuten
- Dato:
- 30.03.2018
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 35,0km
Nydeleg fjellskitur med Lærdal turlag på langfredag i eit fantastisk vér. I alt 15 deltakarar stilte ved Breistølen fjellstove kl. 09:45. Litt sur sno ved start. Straks inn i Stardalsgjelet gav vinden seg, og var lite til plage resten av dagen.
Fyrste rast ved Starsjøen, og andre ved Bjordalsbu. Her valde 6 av turfylgjet å returnere. Til Bjordalsbu t/r er ein betydeleg tur på ca. 25 km t/r. I dag var det folk i mellom 10 og 20, i 30, 40, 50 og 60-åra. Kjekt når det er folk i alle aldra på fellestur :)
Ni av oss gikk så over Bjordalsvatn, og opp til toppunktet på Raudbergnuten, grensefjell for Lærdal, Hemsedal og Ål. Veldig fin og jamn stigning opp til toppen. Utsikta her var formidabel i alle retningar. Etter litt foto var det å gli nedatt til Bjordalsbu for ein liten rast om >>>
Stora Grånosi
- Dato:
- 28.03.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 8,5km
Besøkte Stora Grånosi for andre gong. Toppen ligg lett tilgjengeleg som skitur frå Vardahaug, 12 km opp Erdalen, og ca. 15 min. biltur frå Lærdal. Utsikta er formidabel. Her får ein 360-panorama med høge vestlandsfjell, alpine toppar, fjordlandskap, mjuke snøvidder, djupe brebotnar. Ja, alt i ei pakke. Sjølv om nabotoppen Bleia av mange blir rekna for toppen med stor T i området, er dette min favoritt når det gjeld utsikt.
Tek du ferja Fodnes - Manheller, er det denne toppen du ser inst i Vindedalen mot sør. Denne toppen må du prøve. Med randoné-utstyr var det svært moro nedatt. Stakefri retur i laussnø med gode svingar :)
Kjølbergtinden
- Dato:
- 27.03.2018
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 9,4km
Ein må stadig utforske nytt terreng, og sett bort frå dei fyrste 500 meterane, hadde eg ikkje gått her før. Det var nydeleg skiføre, og sol frå skyfri himmel. Inn dalen, og om lag i 20 minuttar, var det litt tak i motvinden. Det løya då eg kom opp til 1475 vatnet. Brukte toppturskia i dag, då eg såg føre meg eit par fine nedkøyringar. Det fungerte fint. Valde å skøyte over 1475 vatnet på returen, i staden for feller på. Turen hadde fungert veldig fint på fjellski også.
Det var ein del folk ute i terrenget, såg tre grupper, ma. to spreke hundar som måtte helse på meg. Nokon valde å gå opp 1390 toppen under Eldrevassbergi, og køyrde den brattaste linja ned. Eg trur dei tok fleire turar :) Tre fine nedkøyringar på returen, der ein kunne lage fine svingar.
Nydeleg dag i >>>
Storehaugen
- Dato:
- 24.03.2018
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 6,0km
Årets fyrste tur til Storehaugen i Lærdal. Dette er traséen til motbakkeløpet "Storehaugenopp.com". Snøtrasé vesentleg frå Svinakleivi og opp. Noko is innimellom frå Hardasiglet. Nytta snøkjetting på deler av turen. Mykje snø oppi, og vakker utsikt som alltid. Fyrste gong eg registrerer denne lokale toppen på Peakbook.
Kvitingsmorki
- Dato:
- 17.03.2018
- Turtype:
- Trugetur
- Distanse:
- 8,3km
Trugetur i Naturreservat. Frå Sagi til Kvitingsmorki. I dag vart det stølstur med Lærdal turlag. Ikkje topptur, og knapt rett å registrere her ? Men ein nydeleg tur som eg tilrår, vinter som sommar.