Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Gaustadtoppen

Datum:
27.07.2018
Entfernung:
10,7km

Turistfelletur i dag:) Vi gikk ut på egga og til toppunktet. Eg vil tru at 90 % vel platået ved masta som sin topp. Den er 89 meter lægre. I dag var det heilt klårt og varmt sommarver. Nede att på Rjukan var det 31 varmegrader. Så rett dag for topptur :)

Karte    

Nesatindane

Datum:
26.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
10,2km

Tur til Kjerag ved Nestindane og Kjeragbolten.

Karte    

Slettmarkkampen

Datum:
22.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
24,6km

Fin tur i varmt sommarvèr til Slettmarkkampen med Marita i dag. Ruta frå Eidsbugarden langs Bygdin er utruleg vakker, med nydeleg blomsterprakt. På tur ein har planlagt langt og høgt, så kan det opplevast som litt kjedeleg transport-etappe. Særleg på returen. Fint var det i alle fall. Vi følgde ruta mot Gjendebu, og tok så av ruta inn Uksedalen, som er merka mot Torfinnsbu. Så var det å passere elva, og sikte seg inn på skaret der elvane kjem ned i retning nordaust. Opp her er det temmeleg brattlendt, særleg frå 1600 m.o.h. Vi valde ei rute til venstre for dei to elvane opp. Det var trakk, og lett å finne ruta. I regnvèr, ville eg vore noko skeptisk eit par plassar. Nedatt valde vi ei rute der vi kryssa elva. Dette av meir nysgjerrigheit. Vi kom fint ned her og. Frå 1700 meter >>>

Karte    

Bermålsnosi

Datum:
07.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
19,9km

Tur frå Fodnes, via Aspevikstølen. Vidare til Storeskar, så Vierskardshøgdene, og fjellet utover til Bermålsnosi. Dette fjellet ligg fint i synet når ein tek ferja frå Mannheller til Fodnes. I dag var vi ei lita intim gruppe i Lærdal turlag, som var heldige å ta denne vakre turen. Utsikta når ein går fjellryggen frå Storeskar og utover mot Bermålsnosi er formidabel. Bleia/Lemeggi, fjordlandskapet, med Sognefjorden utover, med Lusterfjorden innover, og alle fjella rundt. Dramatiske Hurrungane, snille Offerdalen, sikt til Årdalstangen og Årdalsvatnet. Nydeleg innover mot Raudbergnuten, Berdalseken, og Suletinden. Veldig flott utsikt mot Høganos, og Store Hånosi i Lærdal. Dette er fin-fin tur på ein godversdag :)

Karte    

Sulevatnet rundt med toppar

Datum:
01.07.2018
Entfernung:
43,9km

Sykla inn til Sulevatnet. Frå Eldrevatnet var det 12 km inn til demninga, og noko lenger enn venta. I dag vart det tur rundt heile Sulevatnet. Klokka inn Sørvest for Sulevatnet og Knipenborg, Lærdalstoppar over 100 pm. på sørsida av vatnet. Den tredje, Knipenborg Sørøst, var ein mindre topp. Eg var spent på nedgangen til Bjørnabotnen under Høgeloft. Det gikk fint. Litt utfordrande eit skråbratt sva/hyllegalleri, men det løyste seg, og var innafor. Eg kom meg nedover mot botnen. Brea som låg under meg var for bratt, og uaktuell. Alternativet hadde vore å ta seg oppover mot Høgeloft. Glad eg slapp det. Etter å ha runda sørsida av Sulevatnet bar det kraftig beint opp, og opp på Hardeggi. Eg var innom 4 toppar i nabokommunane på nordsida. Av desse var Kyrkjenøse og Storeknippa >>>

Karte    

Syndarhovd

Datum:
05.06.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
14,6km

Ettermiddagstur inn Volldalen, til stølen Botn. Sauer på beite. Vidare innover fjellet i jamn stigning. Fann noken trakk, og etter kvart ei fin rute til Volldalsnosi. Følgde så høgaste toppane bortover til Syndarhovd. Flott utsikt heile vegen. Gikk ut fjellet Syndarhovd, og ringa tilbake til ruta opp. Eg prøver å gå naturlege drag i fjellet, for å få utsikt, og ei fin rute. Ikkje alltid at kortaste vegen er finast eller mest effektiv. Nydeleg i fjellet i dag :) Fantastisk flott varde på Syndarhovd. Skulle gjerne vist meir om historia bak alle desse vardane. Nydeleg steinarbeid.

Karte    

Bringe

Datum:
02.06.2018
Entfernung:
19,4km

Etappe ein på denne toppturen gikk føre seg med sykkel. Frå Borgund kraftverk går det anleggsveg innover fjellet. Vegen går fyrst i 12 svingar opp fjellsida, for så å stige like bratt innover innover dalen. På turen passerer ein fine stølar som Dekkene, og Leikvollen. Ein kjem opp til Vasset med den store demninga, som er verdt turen aleine. Vidare går vegen innover fjellet, ned Bjordalen, og endar øvst i Nesdalen. Dit lyt vi sykle ei anna gong. Det er nokre fine toppar innover, ma. Bidlesteinsnosi og Grindi. Vi stoppa ved Vasset-dammen i dag. Derifrå gikk vi rett mot toppen. Følgde naturlege drag i terrenget, og varierte med ei litt anna rute nedatt. Sjå spor. Utsikta frå Bringe var framifrå, då den er veldig sentralt plassert i høve fjellheimen i Lærdal og Borgundsfjella. >>>

Karte    

Gravehovdane

Datum:
27.05.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
16,4km

Ein fantastisk tur i Lærdalsfjedli. Starta ved Grimsøyn ca. 350 moh. Sol og varmt, men greitt å gå stigninga opp til Areberg, (ca. 940 moh.) som vesentleg er på sti i tett skog. På Areberg er det ei flott steinbu med oransje mosefarge på. Og utsikta inn mektige Nesdalen er maiestetisk. Vidare følde eg nokon trakk. Tenkte å gå ganske rett på, og fann eit fint mose- og lyngfar rimeleg rett opp. Gikk på erfaring og innebygd terrengforståing. Sjekka appen innimellom ;) Mykje bratt oppover. Innom nokre snøbruer frå 1400 moh. Det som overraska mest i dag, er at snøen er borte, og vi skriv 27. mai. Oppå fjellplatået Gravehovdane, som ligg mellom 1500 og 1582, finst ikkje snø. Det er vakkert grønt :). På toppen vart det noko fotografering. Mest av alt var det berre å sjå, og nyte >>>

Karte    

Stølsmardalstinden

Datum:
12.05.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
19,8km

Fantastisk og relativt alpint topptur med Lærdal turlag. Eit følgje på 15, med fleire deltakarar frå andre lag, gjennomførte turen på vel 9,5 timar. Det minkar på snøen og det var særs laust og med gjennomslag opp til tinden. Ski-etappen hadde betre føre, men det minkar på snøen, og ganske straks vil ein streve med elvane i Austabotn-dalføret. Etter mi vurdering er det relativt bratt frå 1550 - 1700 moh. Særleg siste kneika der vi går trappetrinn opp mot 60 grader. Men det var fin laus snø, trygge trinn, og vi tok det forsiktig. Viktig å ta hensyn til dei som tykte det var litt tøft, noko fleire ga uttrykk for (særleg på retur). Dette nivået er nok det mest alpine til Lærdal turlag tilbyr, sidan vi ikkje har fjell- og bresport-avdeling. Vi fekk god guiding av kjentmann >>>

Karte    

Storehaugen

Datum:
06.05.2018
Entfernung:
6,1km

Bar vatn frå flata over Krokabakken og opp. Til arrangementet Storehaugen opp. Tung sekk ja. Bli med på motbakkeløp 10. mai. 2018

Karte