Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Skorsfjellet og Bøttejuv

Date:
11.06.2017
Distance:
10.8km

Ein fantastisk fin tur med Lærdal turlag tidleg i juni. Med kjentmann Jon Einemo fekk vi god guiding. Historiar frå gamal tid. Stølar og historiar om buføring og korleis dei levde her i tidlegare tider. Vi gikk "Gamle buforvegen" opp frå Skår. I motsett retning av kvar ein går til vanleg når ein skal til Skorsfjell-varden og Bøttejuv. Slik fekk vi både historien, gå over fjellet, info om fleire stølsområde, og ein rundtur. Det var trygt å bli ruta rundt heile Bøttejuvet. Jon viste kor det var god utsikt, kor det var trygt å gå (ikkje ut på snøkanten), og kor frå ein skulle ta det beste fotoet :) Spektakulert utsiktspunkt.

Map    

Slutedalen-Slutenosi-Vetle Frostdalen

Date:
14.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
13.4km

</gallery> Langfredag, og endeleg kom finvèret. Heilt blått i dag. Gikk inn Slutedalen for fyrste gong. Denne dalen overraska med å vere veldig vintervakker. Bratte sider mot sør, med svarte berg, skavlar og god variasjon å kvile auga på. Bratt, men enkelt opp frå Sluten. Når ein kjem inn i dalføret, opplevast det nesten flatt, med eit par brekkjer undervegs. Etter halvanna time i roleg tempo kom vi til ei lita hytte ved ein knaus rett mellom dei to Slutevotni. Her var det enda til uteplass. Ein fast to-sits med bord. Kan det vere kraftutbyggar som eig denne ? Her sette vi oss ned med matpakka og varm te. Vi gikk vidare over nedre Slutevatn, og opp i skråninga, rett mot toppunktet på Slutenosi. Etter ca. 45 min. frå pauseplassen var vi på toppen. Vi sveitta godt i nysnøen, >>>

Map    

Nordre Kluftenosi

Date:
02.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
12.1km

Fjellskitur i kvista skiløype frå Breistølen til skardet Nordestrupen. Denne ruta er ei DNT kvista rute frå Breistølen til Sulebu. Men eg skulle ikkje dit i dag. Frå Nordestrupen besteig eg dei siste 150 høgdemeterane på truger. Veldig greitt å bruke truger i staden for ski til toppen. Det var ein solid varde på toppunktet. Retur same veg. Plan var å ta topptur nr. to for dagen til Breistølfjellet. Men vèret tjukka til og det kom litt snø. Då var det greitt å følgje den kvista løypa nedatt til Breistølen. Frå ca. 1100 m.o.h. gikk snø over til regn. Sjølv om sikta var grei, valde eg å avslutta turprosjektet for dagen :) Denne turen gav 25 % gjennomføring av Lærdalstoppar for min del.

Map    

Klanten - lett topptur

Date:
26.03.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Tur til toppunket på Klanten, eller Klantenovi, i saman med Marita i dag. Med den nye peakbook-appen er turen no inne på mi Lærdals-liste over toppar med primærfaktor over 100 m.o.h. Dette er ein av dei lettare toppturar, og som i tillegg er lett tilgjengeleg. Dette turområdet er fantastisk flott. Det er stiar i mange retningar, og mykje er merka. Ein kan gå Vindhellavegen, Sverrestien, Annastien og Klanten. Ein kan starte ved kyrkjene, eller frå der Vindhellavegen tek til, nokre hundre meter aust om kyrkjene. Det er kanskje finast å gå frå det grøne ungdsomshuset Rimskiold, som ligg 200 meter aust om Husum hotell. Dette turområde passar til alt. For kulturinteresserte, til roleg søndagstur med barn, og som tempo og trening. Terrenget frå 100 meter aust om Vinhellaskaret (grind) >>>

Map     2 comments

Høgeloft - skitur med Lærdal turlag

Date:
11.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:00h
Distance:
22.0km

Fin tur med Lærdal turlag i dag. Sju spreke i fylgjet. Vi gleid frå Eldrevatnet og innover mot Ulvehaugen kl. 10:05. Torsdag hadde det komme ny snø. Sjølv om vinden hadde fordelt ein del, var det greitt føre i dag. Denne snøen var etterlengta, då fjella har lite snø i år. Vi valde rast under topp 1294 etter knapt ein times gonge. Greitt å fylle opp lagera før sjølve stigninga. Denne gongen gikk vi opp Skorheimsgravhalsane. På skrå bratt opp mot gjelet og elva som renn frå vatn 1668. Slik var vi på høgre sida. Fint jamn stigning så vidare opp til toppunktet. Vi såg Rando-folk som gikk rett opp på andre sida av gjelet. Då fekk dei ei rute meir rett på, medan vi ringa på hi sida av det store gjelet. Sett bort frå litt is om lag der det brattaste knekkjer av ved gjelet, var >>>

Map    

Sulefjellet - skitur med Lærdal turlag

Date:
18.02.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:00h
Distance:
13.8km

Vi parkerte øvst i hyttefeltet Gramstølen. Det var meldt vind på 10 -11 ms. og laget var usikker på valet i dag. Alternativ til tur frå Gramstølen, var tur frå Tyin/Filefjell skiheis i retning Sulebu. Etter litt drøfting valde vi å gjere eit forsøk på topptur frå Gramstølen. Vi kunne snu om vèret blei for ille. Det vart ein fin tur. Lite snø til å byrje med, og hardt. Kun skifeller som gjaldt. Etter ein god halvtime vart føret betre, og det vart ein fin skitur innover. Vi såg atti solauga sjølv om det var skya, og ho varma litt. Det var nok litt vind, men den fekk vi i ryggen. Og det var ikkje snø. Ved foten av fjelltoppen såg vi på GPS-spor, og vurderte ruteval. Korrigerte litt mot nordvest, og det viste seg at vi fann den beste ruta mot toppen. Då vi nærma oss, blæs >>>

Map