Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vikafjellet, andre turen. Brille-leiting

Date:
21.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:43h
Distance:
8.7km

Kom ned frå fjellet i går utan mine relativt nye solbriller. Så etter turen til Egga tidlegare på dagen, var plan å rusle oppover mot Vikafjellet, til ca. 300 høgdemeter, å sjå etter brillene. Hadde løfta dei opp på hetta, då det var mørkare i skogen. Så sikkert flekt av hetta, når det blei varmt/ly, tenkte eg. Det er ikkje veldig lurt da. Gikk vidare og tenkte, ja ein time kan eg da gå og leite. Kom så på at eg hadde teke av brillene på eit sva på sørsida. Ja-ja, vi kan nå gå opp dit også. Ingen briller. Shit og, eg går ut på Vikafjellet. Ei raud nål som trøst, når eg fyrst er komen så langt. Og dette var tur utan mat, drikke, sekk og snø-kjettingar. Topp vart det, og difor er sporet logga kun nedatt (sidan det ikkje var plan med topping). Brukte ein kvass stein >>>

Map    

Egga / Sandvikfjellet

Date:
21.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

Tur frå Sagevik. Følgde ei logga rute frå UT-appen. Og den loggen var god å ha undervegs. For å vete kor ein skulle ta av, og korrigere kursen, der den endra seg. Fyrste 90 grader, etter få hundre meter, kunne elles lett ha blitt forbigått. Når eg med hjelp av sporet frå UT kom opp på sva-ryggen bortetter, så gikk fint. Godt varda her. Forbi eit lite vatn, og vidare på svarygg til my. Her var det på nytt å navigere litt, då kursen endra seg. Ikkje merking, og lite haldepunkt ved myra. Men opp ryggen tidleg, og mot skaret, om ein hadde følgt med litt på avstand. Då det på nytt flata ut og litt ned frå nokre sva-parti, stod ein ved ein fjellvegg. Kva no ? Litt leiting her, og ja, ned nokre få meter i barskog, og så gikk det ein fin sti bortetter, og opp i sida på fjellet. >>>

Map    

Kletten

Date:
20.04.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Finfin og lett tur nr 2 i dag. Fin og for det meste grasdekt traktorveg, før sti i lyng og på sva mot toppen. Fantastisk flott utsikt frå denne relativt låge toppen.

Map    

Vikafjellet

Date:
20.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.4km

Fin og spennande tur i Eikefjord. Fyrst på traktorveg, så grei sti, men bleike merke. Over tregrensa lyng og noko sva. Like før fyrste toppen vart det brattare, under mektig fjellvegg. Her låg hard snø, og ei gleppe inntil fjellet. Såg glassert is i partiet over også. Etter vurdering trekte eg meg på normalruta. Frå juni står det i UT-appem. Fann ei grei rute rundt på sørsida av fjellet. Kom då opp ei renne mellom toppane. Gikk ut på høgaste punktet på fjellryggen. Fantastisk fint og kronglete landskap. Fasinerande for ein indresogning. Flott utsikt mot det meste, rundt om. Håstein-fjellet var godt snødekt enno. Returnerte, og tok då med meg Nipa også. Sjekka litt forholda ned normaluta, men trekte meg for andre gong i dag. Veldig hard snø-is, og glasert blank is nedanfor >>>

Map    

Slettind

Date:
17.04.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
6.0km

Kort kjapp Rando-tur etter jobb i dag. Litt hardt føre. To mm. styresnø litt oppe i fjellsida. Fint ver og nydeleg utsikt frå toppen. Grei køyring nedatt, men måtte jobba aktivt med stålkantane.

Map    

Vetanosi

Date:
14.04.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
10.6km

Fot og trugetur frå Fodnes. Sol og varmt opp bakkane i furuskogen i dag. Vinden som laga krusingar på fjorden, merkar ein lite til i ly av skogen. Bart til ca. 200 meter forbi skiltet som markerer til Vetanosi "rett opp". Men den ruta gikk ikkje eg i dag. Gikk stien i retning Fagersete, og litt utanfor sti der det var isete. Ikkje lenge før trugene kom på, ved ca. 750 moh. Litt laust i starten. Men frå bakken opp "uri" etter Gruvle var det godt feste. Litt sikk-sakk mellom turre lyngparti etter at det flata litt ut. Så i gang med bakken, og her var det fast og fin skare. Herifrå ganske rett mot toppen. Stort sett snøheilt og fint heilt til toppen, når eg ringa litt utanom små-toppar. Kraftig vind toppen. På med boblejakke, litt foto, og så retur. Aldeles nydeleg >>>

Map    

Bleia

Date:
01.04.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.4km

Fjellskitur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 gode folk på tur i lag. Avgang vel kl. 10. Godt skiføre heile dagen, krydra med nydeleg vèr. Matpause før bratte kneika etter 1:15. Tok oss god tid i finveret. Så byrja vi på fjellet. Fyrst bratt opp, så over eit tjern, og litt nedatt. Anders laga fint spor i skråninga, jamn og fin stigning. Ruta vidare la vi litt lenger inn og rett fram, enn på tidlegare turar. Godt val, og fin snø. Ny matpause ca. 15 min før toppen. På toppen møtte vi fire i følgje med to hundar. Dei starta samstundes, og vi såg dei i trasèen fleire gonger. Dei hadde valt å gå lenger inn dalen, lenger sør enn oss. Det er ei rute vi også må prøve ei gong. På toppen tok vi oss god tid til å betrakta fjellheimen, og ta nokre bilder. God stemning. Køyringa >>>

Map    

Klantenovi 6

Date:
30.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Det minka på snøen. Litt is innimellom, og greitt med snøkjetting i dag. Mildt og fint turver.

Map    

Rundemannen

Date:
26.03.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
12.2km

Morgon-tur opp mot Fløyen, og innover fjellet. Blå himmel då eg gikk ut døra frå hotellet, men skyer på veg inn. Fin tur oppover, men litt forbi Fløyen kom det snø-vèr. Det var no berre artig, då det gav seg fort. Så greie forhold å gå heilt til masta, og ikkje glatt på vegen. Hadde byrja på tur vidare til neste "fjell", men ombestemte meg, då eg måtte sjekke ut innan kl. 12.

Map    

Fløyen

Date:
25.03.2024
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.9km

Fin rund-tur opp til Fløyen i Bergen med Sander. Han sakna geitene, som ikkje var på plass i dag. Fint klårt ver, og nydeleg utsikt. Mange folk på tur i dag.

Map