Storebjørn på ski frå Krossbu (25.05.2013)  5


Start point Krossbu (1,250m)
Endpoint Storebjørn (2,222m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 00min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Storebjørn (2,222m) 25.05.2013 11:15

Sju forventningsfulle skiløparar møtte opp ved rådhuset i Lærdal kl. 09.00 denne morgonen for å starte reisa til Sognefjellet og ein av dei flotte vårskiturane: Storebjørn 2222 m.o.h.

Me fekk på oss ski, og drog frå Krossbu kl. 11:15. Opp frå austsida av brua. Det var lite snø. Det hadde gått eit enormt sørpeskredet i terrenget, som gjorde stort inntrykk. Snøen var sopa bort i breidd på opp mot 100 meter enkelte stader nedover elva. Eit stort "sår" i fjellsida. Lenger inn i dalen hadde me litt vanskar med passasjen. Der kvistløypa gikk, var det opi elv. Vi kom over ved å hjelpe kvarandre med ei hand og lange utstyr. Under Smørstabbtinden vart det matpause. Så var det å ta til på den lange kvite motbakken, oppover Leirbreen. Strålande sol og svarte tindar som kraup oss nærare, etter kvart som me pusta oss opp den lange mota. Smørstabbtindar, Kniven og Saksa til venstre, Kalven og Skeia til høgre. Oppe ved Bjørneskaret opna det seg eit fantastisk skue austover i Jotunheimen. Svarte Stetinden fremst, og med Kyrkja og eit asurblått Leirvatn bakafor.Så bar det ned på hi sida. Me skrådde ned under Veslebjørn, og var på Bjørnebreen. Etter ei kort nedsigling, bar det etter kvart bratt oppover. Her vart det skrågonge, og ein god del vendingar, før me var oppe i lægste skaret mellom Veslebjørn og Storebjørn. Litt ovanfor sette med av skia, og tok oss ei matrast. Herifrå tok me til på siste stigninga til fots. To av oss med truger. Litt utfordrande under Bjørnelabben. I alle fall for ein som uttalte seg. Hunden som var med sleit litt også då den sklei 30 meter nedover og gjorde tre-fire rundkast, før den klora seg fast att. Etter kvart nådde me siste platået før toppunktet. Så bar det opp den siste bratte mota, som gikk greitt då det var laust nok til å sparke seg feste i snøen.Vel oppe på toppunktet, kunne me tilfreds kjenne at målet var nådd. Utsikta 360 var enorm. Klisjeen verdas tak, passa bra nett då.

Litt fotografering og nyting av utsikt, før det bar nedover brattene att. Retur same vegen. Litt strabasiøst med laust luggeføre og vendingar nedover Bjørnebreen. Så oppatt til Bjørneskaret. Derifrå var det kvit autostrada nedatt. Akkurat passe bratt til at ein kunne køyre anten rett ned, eller lage slake svingar.Vi var nede att ved Krossbu 18:30. Ein aldeles fantastisk dag for dei 7 av oss + hund som hadde valgt skitur på Sognafjedlet som aktivitet 25. mai 2013.

Opplevd og referet av Einar Moen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.