Lusaskard (25.10.2025)


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 12min
Distance 9.2km
Vertical meters 563m
GPS
Ascents Lusaskard (1,004m) 25.10.2025 15:21

Køyrde inn Njøsadalen, ein smal, og innimellom bratt veg. Parkerte på planert plass ved vegskilet. Gikk over brua og vidare på veg fram til stølen Skagasete. Fin støl. Skilta mot m.a. Lusaskar. God sti i starten, og nokre eldre raude merke viste veg. I ein liten botn var det to stiar, så her måtte ein følgje med. Eit lite raudt merke viste at her skulle eg dreia mot venstre, for å komme meir opp på rygg. Fint å gå innover, og etter kvart opna utsikta seg med mykje å sjå rundt om det heile. Dalar, toppar, myrområde, Sognefjorden, sol og regnbyger. Skiftande lys. Frå toppen var det spesielt fint ut fjorden, og mot Skriki. Retur same veg. Oppe på fjellet er det på lag sti, men over myrområda er det ikkje sti. God hjelp av appen for å unngå haugar, og dei største myrane. Passeleg lang tur no seinhaustes.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.