Skimlehovden (07.09.2025)
Bestigninger | Skimlehovden (1499moh) | 07.09.2025 15:03 |
---|---|---|
Øst for fjellvatnet (1255moh) | 07.09.2025 16:08 |
I dag var det fint ver for ein langtur. Skimlehovden er godt bortgøymd i fjella mellom Årdal, Lærdal og Filefjell. Den kan ein nå på ulikt sett. Lærdal via Oftedalen og Hedleskar. Sagi via Kvitingsmorki og innover, og Vikadalen via Smørhola. Sistnemnde truleg kortast. Eg valde via Kvitingsmorki, mest grunna jamn stigning. Ja sett bort frå fyrste 400 høgdemeter frå Sagi. Kjekt å gå innover fjedli i dag. Stille. Vakkert i område før og ved Fremre Smørhola og mot Vasselavatnet. Toppen hadde eg planlagt å gå ryggen frå vatnet Blåsarbåten, men såg at det ikkje var behov for å gå heilt opp til vatnet, før eg forlot stien. Greitt oppover men bratt innimellom. Flott utsikt frå toppen, og nedatt ryggen på retur. På denne ruta dukkar Hurrungane si tinde-rekke opp frå fleire punkt. Ope og luftig, eller råma inn av ein dal. Fine vatn som kontrast og «krydder» undervegs. Av levende på turen, ein sauesankar med oransje kaps og tre sauer. Tre ramn rundt toppen, kanskje ein falk, og ein stor elg i god driv nær Fjellvatnet. Gikk med låge sko i dag, med stiv såle. Gikk ganske greitt, men eg var noko sårføtt nedatt frå Kvitingsmorki. Turen får høg karakter. Planlegg å gå i gjennom bilet-serien ein dag, ta bort nokon, og legge til andre.
Kommentarer