Buskefjellet (18.05.2024)


Characteristic Hillwalk
Duration 0h 36min
Distance 1.2km
Vertical meters 107m
GPS
Ascents Buskefjellet (123m) 18.05.2024 16:51

Tur nr. 4 i dag. Ein topp bør ha namn av ei årsak. Denne har, og i tillegg ruta som eg gikk til og frå. Tilrår ikkje å følgje sporet mitt. Sannsynlegvis er det betre å gå på sørsida av fjellet om ein kjem frå vest. Det ser også ut som om det er ein sti frå aust-sida. Korleis den er, veit eg ikkje noko om. Eg trudde det var ein god ide å gå i mellom toppane og rett på. Frå start var det lyng ein seig ned i. Så einebusker på over to meter. Så nokre store steinar, hol og ulenda av ei anna værd. Ja-ja, eg kom da opp, og siste par hundre meter til toppen, var det greitt. Nedatt følgde eg faktisk ein sti til ca. 90 % av ruta. Problemet var at ned frå fjellet var det så attgrodd, at eg ein stad kraup inni/under ei einer-busk, for å komme forbi. Og i det eg var forbi, hengde jakka mi seg opp i ei klunger. Trur det vart nokre hol i den. Trur eg kom i frå turen med kun ein flått, som blei oppdaga vel døgnet etterpå. Elles for trøsta vere at turen ikkje stod på så lenge, ein god halvtime. Og fulltført dei 5 toppane på Atløyna.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.