Sulefjellet og Suletinden (27.04.2024)
Ascents | Sulefjellet (1,812m) | 27.04.2024 15:07 |
---|---|---|
Suletinden (1,780m) | 27.04.2024 16:51 |
Skitur med Yngve i dag. Vi kunne køyre heilt opp i hyttefeltet å byrje skituren på ca. 1100 moh. Nydeleg ver i dag, og vi gikk i roleg tempo innover. Flott og stort landsskap. Oddedalen er mektig mellom toppane her. Godt med snøvolum her oppe. Vi la ei nærast perfekt linje inn til fjellfoten av Sulefjellet. Så var det å finne ei god lei oppover. Snart nådde vi på fire turski-løparar og ein hund i same ærend som oss. Dei kom frå andre sida opp Suleskardet. På toppen tok vi oss god tid å nyte utsikta. Så blei det finfin køyring nedatt til fjellfoten. Skikkeleg moro i litt laus snø som sola har bearbeida oppå hard skare. Så vart det motbakke att. Vi skulle opp ca. 280 høgdemeter. Gikk fint i sola det. Eg tok av skia der dei fleste plar gjere det, medan Yngve behaldt skia på til topps. Her tok vi oss litt tid att, gikk bort på andre toppunktet, og litt ut på kanten og såg ned der. Så var det for min del å rusle ned, og så vart det nydeleg og morro køyring nedover att til Maristova. Vi såg tamrein-flokkar fleire gonger i dag, men prøved å halde att, og ikkje skremme dei. Køyrde skogen heilt ned, sidan vi hadde ein bil nede og ein bil oppe. Fantastisk flott ski-dag i perfekt vèr.
User comments