Vetanosi - ikkje (16.03.2024)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 7.7km
Vertical meters 940m
GPS

Denne turen gikk ikkje som planlagt. Positiv med rando-skia på sekken opp frå Fodnes. Det gikk for så vidt greitt. Tyngre med ski og sko på sekk, det merkast. Like før Stegen kom eg på, at eg hadde gløymt att stavane i garasjen. Då vart opprinneleg plan skrinlagt. Plan var å gå på føtene nesten til Fagerset, og på ski til Vetanosi. Ski utan stavar fungerar ikkje. Då vart det plan B, på føtene Vetanosi rett opp. Det gikk heller ikkje. Møtte ein hyggjeleg kar, ved Stegen. Han fyrte bål og kosa seg saman med to elghundar. Heldt fram utan sekk. Litt etter stikrysset mot Vetanosi vart det vanskelegare. Sopass med snø-djupn at det gikk svært seint oppover. Trødde til over knes innimellom. Det er nok vinden som har flytta litt på snøen. Over tregrensa vart det litt betre, men kun 20 meter. Sikta så litt lenger ut på kanten i brattaste kneika (mindre snømengd). Etter 10 høgdemeter klyving, vurderte eg at dette ikkje var trygt nok. Nysnø, vekselsvis hard og brytande skare, og veldig kornete under skaren. Viss de losna eit flak her, så hadde det vore ugreitt. Då vart det snu og baksing nedatt i djupsnøen. Fin utsikt var det no likevel. Var varsam nedatt. Om ein trør for djupt og fell framover, kan det resultere i skade. Nede ved Stegen baud Albert meg på kaffi, som eg takka ja til. Hyggeleg prat om frilutsliv ved bålet. Etter ein god halvtime var det å bera skia nedatt til Fodnes. Flystriper på gps-sporet att. God trim.

Inn Lusterfjorden
Inn Lusterfjorden
Mot Erdal. Ser toppane Såta, Bårdshøgdi, Hornsnipa og Blåskavlen.
Mot Erdal. Ser toppane Såta, Bårdshøgdi, Hornsnipa og Blåskavlen.
Mot Vetanosi
Mot Vetanosi
Ut Sognefjorden
Ut Sognefjorden
Bleia
Bleia

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.