Skjeltrane (25.02.2024)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 30min
Distance 10.4km
Vertical meters 504m
GPS
Ascents Skjeltrene (1,393m) 25.02.2024 14:25

Plan var tur med Lærdal turlag til Sletningbu i dag. Etter langtur i bil og familie-besøk i går, freista ikkje tidleg start. Det vart ein kjapp ettermiddagstur til Skjeltrane i staden for. Same startpunkt som turlaget. Skuter-løype gjorde det lett å gå frå start, og opp i bjørke-skogen.

Fin laus snø, og urøyrde vidder dekka av snø når eg kom opp på snau-fjellet. Dreia litt nordvest, fann eit punkt og kryssa elva. Den var for det meste åpen, og hadde god vass-føring. Kika på ruta aust, som eg gikk i fjor. Uråd no, med fleire store skavlar, som trua oppi. Lett å gå opp ryggen frå nord. Avblæse siste partiet, nokre hundre meter mot toppen. Fin utsikt. Feller av, og fin sigling nedatt. Litt staking ved vatnet og nedover i flatere parti. Laus og fin snø siste halve partiet ned ryggen, og nedatt i skogsfeltet.

Frostdals-eggene.
Frostdals-eggene.
Frostdals-eggene nærare no, og ei Grånos.
Frostdals-eggene nærare no, og ei Grånos.
Urørt og fint inn Grønevatnet.
Urørt og fint inn Grønevatnet.
Bergsfjellet i Vang.
Bergsfjellet i Vang.
Fleire Vangs-fjell.
Fleire Vangs-fjell.
Suletinden og Bleia.
Suletinden og Bleia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.