Mollandsmarki (28.01.2024)


Characteristic Snowshoe trip
Duration 2h 42min
Distance 3.8km
Vertical meters 295m
GPS
Ascents Bondehaug (723m) 28.01.2024 14:42
Storehaug (661m) 28.01.2024 15:53

Trugetur frå Mollandsmarki (Resaland). Valde Bondehaug fyrst, sidan det var lengst, og med mest stigning. Landskapet var meir kuppert enn forventa. Fyrst over jordet, og her hadde det vore ein del leik med snøskuter. Etter eit par steg, forstod eg at det vart ein strevsam tur. Snøen var veldig blaut, laus og djup. Det hjalp å følgje snøskuter-spora dei fyrste få hundre meterane. Så bratt opp, og inn i skogen. Prøvde å følgje glenner med jamn stigning. Opp og fram kom vi. Det tok i overkant av ein time før vi var på toppen. På toppen var det noko utsikt, og sola kika fram. Koseleg. Nedatt gikk det sjølvsagt mykje lettare, med gode trugespor. Halvtimen nedatt til vegen. Vi bestemde oss for å ta med Storehaug og, når vi fyrst var her. Litt seint på dagen, men det skulle da halde. Lettare opp her, med jamn fin stigning på ein traktorveg. Halvtimen opp til toppen. Stor varde her. Lite utsikt frå skogen på toppen. Men utsikt på turen slik innimellom, var det. Molden, Store Haugmelen, Urnes, Lustrafjorden, ja til og med Store Hånosi. Det var svært isete på vegen ut hit, men godt strødd. God trim, og kjekt at Marita vart med i dag.

Mot Molden
Mot Molden
Marita har att 10 meter til Bondehaug
Marita har att 10 meter til Bondehaug
Mot Store Haugmelen
Mot Store Haugmelen
Varden på Storehaug
Varden på Storehaug
Retur frå Storehaug. Mot Bondehaug.
Retur frå Storehaug. Mot Bondehaug.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.