Botnanosi ? Nei, men Åsete (25.11.2023)


Characteristic Snowshoe trip
Duration 2h 00min
Distance 2.4km
Vertical meters 352m
GPS
Visits of other PBEs Åsetelvi p-lomme (590m) 25.11.2023 11:53

Var i tvil i dag. Om tur eller ikkje. Botnanosi var målet, og snøforholda var eg usikker på. Køyrde til skihytta, og byrja optimistisk med snøkjetting. Oii, det var det såpass med snø ja ? Etter nokre hundre lengdemeter, vart det på med nye truger. Tubbs flex vrt 25. Desse har stegjern på sidene langsmed. Gikk fint oppover då det var rando-spor i stien. Fint ei stund, med ca. 20 - 30 cm snø. Etter kvart vart det slutt på skispor-hjelp, og snømengda auka kraftig på. Så eg trakka 30-50 cm ned for kvart steg ei tid, auka til 40 - 60 cm i øvste partiet. Når eg såg at snittfarten oppover hadde gått ned frå 0,9 til 0,8 km/t, vurderte eg å snu. Måtte stoppe innimellom, noko eg ikkje pleier. Gikk så over til å gå i slow-motion, og det gikk oppover. Det var no idyllisk og da, i djupsnø med dvergbjørg, og solgløtt. Målet om Botnanosi vart endra til Åsete, under tvil. Kom meg til Åsete. Fint her. Det var openbart ikkje tid til Botnanosi i dag. Det for bli ei annan gong. Ski hadde høvd betre. Men turen nedatt var ei positiv overraskelse. Tidsbruken var 1/3 av tempoet på vegen opp. Morro med truger nedatt i opptrakka spor og tyngdekrafta til hjelp. Dagen kan oppsummerast med at det var god trim, men eg likar ikkje å ikkje nå målet. No er det trugespor til Åsete da, så versegod neste.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.