Store og Vetle Haugmelen (18.11.2023)


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 16.9km
Vertical meters 931m
GPS
Ascents Store Haugmelen (1,172m) 18.11.2023 13:53
Vetle Haugmelen (1,118m) 18.11.2023 14:38

Sidan fyrste tur til Store Haugmelen i 2005, har denne lege å vaka hjå meg. Plan var då å ta med Vetle, og plan var definitivt i haust. Men tida går, og mange prosjekt surrar samstundes. Sidan 3 Peakbook-musketeer frå feil side av vass-skilet hadde slått meg i mi ieiga leikegrind, måtte denne turen takast ved fyrste høve (humor). Men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. Gutta frå aust hadde trakka fine spor. Sein avreise i dag, men eg beina på frå parkeringa ved Dalåker kl. 11:55. God brei grusveg dei fyrst 3,7 km, til overgang traktorveg, og sti til sist mot Vassløysa. 1:10 dit. Eg følgde stien som går rett inntil veggen bak øvste hytta aust. Etter kvart var trakka til hjelp oppover, på den måten at eg ikkje trong å leite etter stien. Etter knapt to timar stod eg ved den statselege varden på Store Haugmelen. Pmf. på vaksne 972 moh. Og merk, eg klokka inn 13:53, nøyaktig same minutt som "Atomsilda" på måndag. Ved store varden vart det mat og varm te. Aldeles nydeleg utsikt til fjord og fjell, og enno betre vidare frampå. Difor flott å ta denne turen vidare ned ryggen, og mot Vetle Haugmelen. Det var berre å nyte nedover, og følgje opptrakka spor. Her er noko ur, og etappa ned ryggen hadde mest snødjupn på turen. I skaret var det flott lys og utsikt mot Bleia. Lett stigning opp mot Vetle Haugmelen. Denne ligg i Luster og ikkje i Sogndal, noko eg ikkje hadde lese meg opp på. Fantastisk utsikt her også, sjølv om toppen er flat. No var det å gå ned sida i retning mot Breisete. Lyset avtok, og gav ekstra krydder på turen. Gikk beint på, i gjennom stølsområdet, lags vatnet og pausa litt ved demninga. Her er flott å sjå oppatt på dei to toppane, ved det islagte Breisetevatenet, som er drikkevasskjelda til dei som bur i Kaupanger. Tok av snøkjettingane, som eg tok på på toppen. Dei måtte ikkje vere på, men hindra kanskje fall nede i lyngpartiet. No var det att 5 km trasport på god grusveg, med litt fin snø. Veksla på å gå og småspringe ned til parkeringa. Turdag som gav glede.

Stølen Vassløysa
Stølen Vassløysa
Frå Vassløysa mot Storehogen
Frå Vassløysa mot Storehogen
Like før toppen. Ser tilbake ut Lusterfjorden.
Like før toppen. Ser tilbake ut Lusterfjorden.
Stor staseleg varde på toppen av Store Haugmelen
Stor staseleg varde på toppen av Store Haugmelen
Urnes, Molden og inn Lusterfjorden
Urnes, Molden og inn Lusterfjorden
Vetle Haugmelen
Vetle Haugmelen
Tilbake mot Store Haugmelen
Tilbake mot Store Haugmelen
Frå oppstigninga til Vetle, og mot Bleia
Frå oppstigninga til Vetle, og mot Bleia
Breisete
Breisete
Frå Breisete mot Breisetevatnet, 650 moh.
Frå Breisete mot Breisetevatnet, 650 moh.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.