Toppar i Askvoll (05.11.2023)


Characteristic Hillwalk
Distance 13.8km
Vertical meters 1,050m
GPS
Ascents Smørkletten (524m) 05.11.2023 10:31
Hjartåsen (516m) 05.11.2023 11:25
Siktanuten (464m) 05.11.2023 12:16
Blåfjellet i Askvoll (533m) 05.11.2023 12:35

Dag to på toppturfangst i Sunnfjord. Målet var Smørkletten og Hjartåsen. Valde å gå inn dalen og til Smørkletten fyrst. Svært fin tur innover, men bratt mot toppen. Like før toppen fekk eg gleda av nærkontakt med to ørner. Flott utsikt mot hav og fjell. Vidare ned ryggen var det litt vanskeleg å finne beste leia. Rota meg litt for langt mot nord-vest ved eit høve, utan at det vart vanskeleg. Nede ved Askvatnet såg eg kor bratt sida av fjellet var. Men eg følgde ryggen ned. Vidare mot Hjartåsen var det berre å gå på, då eg ikkje såg sti. Følgde hjortetrakk rett opp fyrst, og veksla mellom smådalar og ryggar, slik det såg ut til å høve seg best. Like flott utsikt frå denne toppen, ei markert berg-høgd. No var plan å følgje ruta nedatt. Undervegs kom tanken på Blåfjellet. Då eg var nede ved ei bru såg eg to damer som kom frå Bjørndalen. Nådde dei att, men etter sti-kryssen. Spurde om raskaste ruta mot Blåfjellet. Dei ville ha meg tilbake og opp "skårane", som dei kalla det. Og slik vart det. Inn Bjørndalen, og opp ein flanke som var svært bratt siste halvdelen, men fin sti/trakk og ruta var merka med "brøyte-stikker". Då det flata ut var eg straks på Siktanuten, og hadde turens flottaste utsikt utover. Heldt fram mot Blåfjellet, og følgde så vanlege ruta nedatt til Askvoll. I ettertid kom det litt anger på at eg ikkje hadde gått frå Hjartåsen, og rett vest, ned i skar, og så mot Siktanuten. Det er slik mange gjer det, når dei tek med dei tre toppane. Men oftast i motsett rekning etter kva eg ser på Peakbook. Veldig fin tur var det i alle fall. Gps-sporet frå Peakbook-appen er heilt i ørska med flystriper. Dette har vore eit problem i det siste med min Samsung 22+. Marita som har eldre tilefon, får ikkje flystriper.

Smørkletten
Smørkletten
Ryggen frå Smørkletten. Gikk langs ryggen som går ut av biletkanten til venstre. Rett ned er ikkje lurt.
Ryggen frå Smørkletten. Gikk langs ryggen som går ut av biletkanten til venstre. Rett ned er ikkje lurt.
Hjartåsen
Hjartåsen
Frå Hjartåsen mot Alden
Frå Hjartåsen mot Alden
Frå Hjartåsen mot Høgeheia
Frå Hjartåsen mot Høgeheia
Frå Siktanuten mot Blåfjell
Frå Siktanuten mot Blåfjell
Frå Siktanuten mot Høgeheia
Frå Siktanuten mot Høgeheia

Samsung 22+ slit med flystriper. Heil rute i link under:
https://flow.polar.com/training/analysis/7759567093

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.